Henrik Johansson Ganander
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntuio) i Finland), òg skrive Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for sitt verk Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestligaste hovuddialekten av nordsamisk.
Henrik Johansson Ganander gifta seg 1730 med Katarina Johansdotter Tornberg (1713–1744) frå Kengis i Pajala, og dei fikk seks born: Johannes (f. 1733), Birgitta (f. 1735), Katarina Valborg (1737–38), Henrik (f. 1739), Thomas (f. 1741) og Ephrain (f. 1743).
Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntuio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.
Kjelder og lenkjer
- «Ganander, Henrik, kapellan i Karesuando» på Genealogi.se
- «Henrik Ganander» på Finsk Wikipedia
- Grammatica Lapponica (PDF) på nettsidene til Umeå Universitet