Hamarøysamisk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hamarøysamisk er den gamle samiske dialekten i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Dialekten, som blir rekna til lulesamisk språk, er først og fremst skildra av Just Knud Qvigstad. Særtrekk er: hyppig bruk av b/d/g for p/t/k (hárbbo, nuorddagiella, sállde, bæŋŋga, dálgge, girggo, fuölgge); overgangen frå đ og ŧ til r føre konsonant (stárffo, fármme, gierkam — felles med vanlig lulesamisk); og ein del bruk av monoftongen å der lulesamisk elles har oa (gåhte, råvggo).