Øistein Aarseth
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Øistein Aarseth (fødd 1. desember 1904 i Flatanger, død?) var lærar, kyrkjesongar og lokalpolitikar i Nord-Trøndelag. Han var mellom anna ordførar i Flatanger i Nord-Trøndelag 1938-40 og 1945-48. Aarseth virka i skulen i Flatanger, Ogndal og Nærøy. Han engasjerte seg elles i både avholdsarbeid og 4H.
Bakgrunn og familie
Han var son av kjøpmann Anton Aarseth og Karen f. Lindseth. Øistein Aarseth tok millomskuleeksamen i 1922 og eksamen ved Oslo lærerskole i 1926.
Aarseth vart i 1927 gift med Margrete Fuglår, dotter av kyrkjesongar Samuel Fuglår og Severine. Dei fekk ein son og fire døtrer.
Lærar og skulestyrar
I 1923 vikarierte han eit halvt år i Nordli, og året etter gjorde han det same i heimbygda Flatanger. I 1926 vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Sørflatanger. Lærarposten på Hilstad skule vart tradisjonelt kombinert med klokkarstillinga i Vik kyrkje.
I 1948 flytta Aarseth til Ogndal, der han var lærar fram til 1962. Då vart han tilsett som skulestyrar i Værum krins i Nærøy.
Tillitsverv
Utanom ordførarvervet i Flatanger hadde Øistein Aarseth fleire ombod. Han var formann i idrettsrådet i Flatanger, satt som lagrettemann og var medlem av Nord-Trøndelag fylke sitt tilsetjingsråd for lensmenn. Frå 1947 til 1957 var han styremedlem i Nord-Trøndelag E-verk.
I 1931 vart han innvald i styret i avholdslaget Symra. Under andre verdskrigen, i mai 1943, vart han arrestert av tyskarane og sat fanga eitt år, fyrst i Trondheim og dinest på Saltfjellet.