Emil Frøen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Emil Frøen (fødd 1858 i Vestre Aker, død 1929) var gardbrukar og journalist. Fødd på Frøen i Vestre Aker. I 1897 kjøpte han òg garden Val i Sørum, og dreiv både Val og slektsgarden Frøen.
Emil Frøen studerte landbruk og hagebruk i Danmark, Tyskland og Sveits i to-tre år. Med statsstipend reiste kring hundreårsskiftet han til Amerika for å studere landbruk der. Han reiste fleire gonger i Sverige, Danmark og Tyskland med same føremål – med og utan stipend.
Fagartiklane hans i dagspressa – m.a. i Verdens Gang, Dagbladet og Aftenposten – var populært skrivne og mykje lesne.
Kjelder og litteratur
- Johanssen, Karl: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind IV. Oslo 1929.
- Ytre-Arne, Knut: artikkel i Norsk allkunnebok band IV. Oslo 1953.
|