Mil Auto

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mil Auto.
Foto: Ukjendt / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen. 1949.

Mil Auto blei starta av Olaf Østbø i 1928.[1] Bensinstasjonen låg i Bøgata 33 (Gnr. 53/11, «Ytterbø») i i Telemark.

Historikk

Olaf Østbø kjøpte Ytterbø (Bøgata 33) og Huseby (Bøgata 35) i 1928. Då oljeselskapet Mil leita etter ein forhandlar i Bø, vendte dei seg til Østbø som var positiv til tanken. Dermed vart Mil Auto starta opp.[2]

Frå byrjinga var forretninga berre ein bensinstasjon, men i 1941 opna Østbø også ein verkstad i eit tilbygg til stasjonen i lag med Hans Glenna. Det vart utført reparasjonar på både bilar og motorsyklar. Bensinstasjonen solgte bensin, olje, bilrekvisita og bildelar. Mil Auto sysselsatte fem personar.[3]

I 1958 flytta bensinstasjonen over gata der ein ny BP-stasjon vart bygd. Denne vart lenge drive av sonen til Olaf Østbø, Håvard Østbø. Gunnar Mæland overtok stasjonen i 1985, og den vart omgjort til ein Statoil-stasjon.[4] I 2016 vart den omgjort til Cirkle K-stasjon.

Ytterbø i nyare tid.
Foto: Roy Olsen (2017)

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen. 1949.
  • Mæland, Ivar, Bø tè tusen - gata i hondre, Bø, 1999.

Referansar

  1. Mæland, 1999, s. 57. Sætherskar, 1949, fortel at stasjonen starta opp i 1927, men dette kan ikkje stemme.
  2. Mæland, 1999, s. 57.
  3. Sætherskar, 1949, s. 731.
  4. Mæland, 1999, s. 57.