Ytterbø (Bøgata 33)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ytterbø i dag.
Foto: Roy Olsen (2017)

Ytterbø Gnr. 53/11 ligg i Bøgata 33 i Bø kommune i Telemark. Bygningen er den eldste i Bøgata.

Historikk

  • Ca. 1860: Huset vert oppført som stugubygning på Veirud (Gnr. 56/7).
  • Ca. 1865: Bygningen blir flytt til Espedalen (Gnr. 40/4) (i skråningen mot Berge (Gnr. 40/6)).
  • Ca. 1870: Knut Aslaksson sel Espedalen til Bodil Evensen. Ho driv butikk i huset ei tid, men selger snart garden til Kittil Olavsson Haugerud.
  • 1873: Kittil Haugerud flyttar huset til Gunvorskås ved Hågåbergja på Langkåshaugen.
  • 1873-1891: Bø Forbrugsforening driv handel.
  • 1891-1897: Gunnar S. Bø og Gjert Kaasa kjøper bygningen og flyttar han ned til Ytterbø, ei tomt utskildt frå prestegarden i løpet av perioden.
  • 1897-1907: Gunnar S. Bø og Gjert Kaasa driv forretning.
  • 1907-1914: Augund Lovald kjøper Ytterbø og driv forretning. Han bygger bustadhus på eigedomen.
  • 1914-1917: Hallvard Nordbø kjøper Ytterbø og driv forretning.
  • 1917: Dyrlege Ole Løken kjøper Ytterbø og skiller ut bolighuset som eigendomen Huseby (Gnr. 53/23).
  • ca. 1917: Løken sel Ytterbø til Bø kommune (Telemark).
  • 1917-1918: Bø Provianteringsråd nyttar Ytterbø til varelager og til utdeling av varer til forretningane i Bø under verdskrigen.
  • 1918: Løken kjøper Ytterbø attende.
  • 1918-1923: Midtbygda Handelslag leiger Ytterbø og driv forretning.
  • 1926: Olaf Østbø kjøper både Ytterbø og Huseby.
  • 1927-1939: Østbø driv både forretning og bensinstasjonen. Usikkert om denne heitte Mil Auto frå starten.
  • 1940-1941: Østbø og Hans Glenna bygger bilverkstad som eit tilbygg bak forretninga.
  • 1941-1942: Østbø leiger bort Ytterbø til Arne Pettersen som startar Bø Trykkeri.
  • ca. 1942-1957: Østbø driv bensinstasjon og verkstad på Ytterbø. Dei to fyrste åra er Hans Glenna med som drivar.
  • 1958: Bensinpumpa vert flytt over gata til der Norol-stasjonen låg.
  • 1958-1961: Halvor Kleiva og Halvor Moland leiger verkstaden.
  • ??: Ytterbø vert nytta som lagerbygg og verkstad for O. H. Kaasa Markiseindustri A/S.
  • ??:

Eksterne lenker

OppføringDigitalt Museum: Postkort av Ytterbø i Bø Museum si samling.

Kjelder

  • Henneseid, Stian, Bø-soga II, Telemark, gards- og ættesoga, band 1, Bø kommune, 1982. Digital utgåvebokhylla.
  • Henneseid, Stian, Bø-soga II, Telemark, gards- og ættesoga, band 2, Bø kommune
  • Kvaalen, Olav, Bø i Telemark, jubileumskrift: Bø papir og trykk, 1941-1981, Bø, 1981. Digital utgåve på bokhylla.
  • Mæland, Ivar, Bø tè tusen - gata i hondre, Bø, 1999. Digital utgåve på bokhylla.