Johan Peter Fugellie
Johan Peter Fugellie, også omtala som Petter Fugellie, (fødd i Kristiansand 26. november 1829, død i Stavanger 20. juli 1908) var gardbrukar og fabrikkgründar. Særleg er han kjend for sydvest- og oljehyreproduksjon som han og mor hans, Christiane Heede Fugellie, så smått byrja med på 1850-talet, og som var blitt ei betydeleg protoindustriell verksemd da Fugellie måtte gje tapt i konkurransen mot nye materialar og metodar i 1898. Eilert Sundt omtalar Fugellie i sin rapport om husfliden i Norge frå 1867, og gjev han følgjande attest: «Manden er en af disse driftige folk, om hvem det heder: ‘Sæt ham paa et bart Fjeld, og han vil faa noget ud deraf’».
Fugellie slutta seg til kvekarsamfunnet og var aktiv i det organiserte fredsarbeidet.
Bakgrunn og familie
Han var son av Christiane Heede (1792-1869) og hennar mann i andre ekteskap Thor Olsen Fugellie (1794-1854).
Mora var fødd og oppvaksen i Danmark, og kom frå ein urmakarfamilie. Ho var fyrst gift med Johan Peter Johnsen (ca. 1788-1825), også han visstnok fødd i Danmark, og som vart fattigforstandar (inspektør) i Kristiansand.