Olstad (Fyresdal)
Olstad er gått ut frå gnr. 37 Århus i Fyresdal kommune, men har ikkje fått eige bruksnummer. Det er i 2018 Skippergata 6 i Folkestadbyen.
Olav Tarjeison Århus bygsla i 1886 ei tomt for 15 kroner årleg leige, truleg var det Olstad og stovebygningen bygd då. Nokre år seinare(1891-1899) budde Olav Tarjeison her saman med kona, Tone Marie Olavsdtr. (1861-1957) frå gnr. 36/4 Vaddeli, dei fekk fem born i lag. Før 1900 hadde dei flytt opp til Vaddeli, men som gamle budde dei på gnr. 36/15 Smeland som han kjøpte i 1928, der døydde han i 1935. Olav vart etter kvart kjent som Olav Vaddeli, han var dampskipsførar på D/S Fyresdølen og fekk tilnamnet "Storskipparen". Skippergata har fått sitt namn etter han.
Målaren Johannes Steinsland frå Bergen budde der nokre år etterpå, deretter kjøpte familien Olav A. Myrane Olstad i 1906. Etter det fleire eigarar.
Kjelder og til utdjupande lesnad
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards-og ættesoge. Bind II. Fyresdal kommune 1992
- Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
- Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 2009. s. 5,33
Biletgalleri