Kvam herad
[[under arbeid}}
Kvam herad | |
---|---|
Basisdata | |
Historisk(e) navn | Vikøy (til 1911) |
Kommunenummer | 4622 |
Fylke | Vestland |
Kommunesenter | Norheimsund |
Areal | 581.48 km² |
Areal land | 581.48 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | 8 531 (2023) |
Grunnlagt | 1838 |
Sammenslåing(er) | 1964: Deler av Jondal, Varaldsøy og Strandebarm innlemma |
Fradeling(er) | 1964: Østlig del overførd til Ullensvang |
Kvam herad ligg i Hordaland, og grensar til Vaksdal og Voss i nord, Granvin i aust, Kvinnherad i sør og Fusa og Samnanger i vest. Over Hardangerfjorden ligg Ullensvang og Jondal. Dei nåverandre grensane kom på plass i 1964, då dei delane av Jondal, Varaldsøy og Strandebarm som lå vest for Hardangerfjorden vart innlemma, medan delen av Kvam som låg aust for fjorden vart overført til Ullensvang.
Kommunen har fem tettstader: Administrasjonssenteret Nordheimsund, Ålvik, Øystese, Oma og Ploganes. Omkring halvparten av innbyggarane bur i tettstader.
Jordbruk er ein viktig næringsveg. Kvam er ei viktig fruktbygd, tredje størst i fylket etter Ullensvang og Ulvik. Det er óg ein del industri, som sysselset omkring ein femtefel av dei yrkesaktive.
Hardanger Fartøyvernsenter ligg i Norheimsund.
|