Jostedal kyrkje
Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti.
Mellomalderkyrkja
1660-kyrkja er truleg den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Det er kjent frå to diplom daterte til 1318/19 og 1322/23 at Jostedalen hadde kyrkje og prest. Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet.
Ny kyrkje
Den fyrste skriftlege kjelda ein har etter Svartedauden er ei skatteliste datert til 1596 som fortel kva ytingar presten skulle ha frå bøndene. I samband med nyryddinga hadde ein truleg sett den gamle stavkyrkja i stand. På ei synfaring 6. januar 1656 vart det slege fast at kyrkja var for dårleg, og at ei ny laut byggjast.[1] Eit dokument datert 2. oktober 1660 fortel at den nye kyrkja då stod ferdig, og ho vart taksert til 216 riksdalar.[2] Leiar for kyrkjebygginga var kyrkjeombodsmann og sokneprest Tøger Jensson. Bygningstekniske granskingar i 2009-2010 har dokumentert omfattande gjenbruk av bygningdelar frå den tidlegare kyrkja. Det mellom anna sannsynleg at heile koret har vorte bygt til ei tidlegare kyrkje og sett inntil den nye.[3]
Seinare utbetringar
Kyrkja er seinare påbygt og utbetra fleire gonger. I 1682 vart tårnet blese ned av vinden frå ei snøskrede. Det er mogleg at tårnet vart flytt då det vart bygt opp att. Kyrkjerommet vart dekorert av Moses Målar 1714-16. Kring 1900 var det på tale å rive kyrkja og byggje ny fordi ho var for lita. Etter at arkitekt Schreiner i Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring engasjerte seg, bad kommunestyret om å få nytte det statlege tilskotet på 4500 kr til vøling av den gamle kyrkja i staden for bygging av ei ny. Heile kyrkja vart deretter restaurert 1907-1910 under leiing av ariktekt J. Kløften, og våpenhuset og koret vart utvida noko. I samband med 300-årsjubileet i 1960 vart så kyrkja pussa opp på nytt, denne gongen utan større endringar.
Jubileum 2010
I samband med 350-årsjubileet for kyrkja i 2010 vart det gjeve ut ei stor praktbok om kyrkja der den eksisterande kunnskapen om soga til kyrkjebygningen og presteembetet er oppsummert.
Notar
- ↑ Synfaringsdokument 6.1.1656 (digital utgåve)
- ↑ Synfaringsdokument 2.10.1660 (digital utgåve)
- ↑ Ola Storsletten: Gjenanvendte bygningsdeler i Jostedalen kirke? NIKU oppdragsrapport 140/2010
Kjelder
- Kyrkjehistorie på nettstaden til Jostedal historielag med ei rekkje originalkjelder
- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Jostedal kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Jostedal kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
- Kåre Øvregard, Asbjørg Ormberg og Oddmund L. Hoel. Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Skald. Leikanger 2010
Bakgrunnsstoff
- Kyrkjeombodsmenn i Jostedalen 1631-1722
- Om Jostedal kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Eldre fotografi av Jostedal kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Om Jostedal kyrkje på nettstaden til Luster kommune
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen