Christian Bastholm Heltberg
Christian Bastholm Heltberg (fødd 26. juli 1809 i Bjørnør, Sør-Trøndelag, død 17. oktober 1871 i Romedal) vart student i 1830 og tok teologisk embetseksamen 15. september 1836. Heltberg vart utnemnd til personleg kapellan i Stange 30. mars 1836.
Prest i Jostedalen
2. august 1846 heldt Heltberg si fyrste gudsteneste i Jostedal kyrkje etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Jostedalen 29. november 1845.[1] I Heltberg si tid vart dei økonomiske tilhøva i sokneprestembetet mykje ordna. Heltberg fekk gardbrukarane til å binde seg og etterkomarane til å betale smørtienda in natura, ikkje i pengar slik det hadde vore sidan 1802 i forliket som presten Johan Henrik Lind fekk i stand. Viktigare var det likevel at ein kongeleg resolusjon 22. april 1852 slo fast at soknepresten årleg skulle motta 200 spesidalar frå Opplysningsvesenets fond. Prosten i Indre Sogn, som var sokneprest i Aurland, medverka kraftig til å få denne ordninga i stand.[2]
Som dei to forgjengarane var Heltberg ordførar i Jostedalen, fyrst i perioden 1847-1849, og så 1851-1852.
Nesset og Romedal
Heltberg heldt avskilstala si i Jostedalen 10. juli 1853 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Nesset. 29. september vart han òg prost i Romsdals prosti. 14. mai 1864 vart han så sokneprest i Romedal der han budde resten av livet.
Notar
Litteratur
- Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
Forgjengar: Michael Sundt Tuchsen Fasting |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Ole Christian Rasch |
Forgjengar: Lars T. Kronen |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Anders A. Haugen Startår=1851 Sluttår=1852 Etterfølgjar=I. H. Vamberg |