Bjørkedal kystlag
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjørkedal kystlag er ei foreining som vart stifta i 1994 for å samle inn og ta vare på båtar bygde i Bjørkedalen. Båtane er samla i Bjørkedal båtsamling på Søre Bjørkedalen.
Laget har utvida verksemda til å dreie seg om å ta vare på og bruke forskjellige delar av kystkulturen på Sunnmøre. Båtsamlinga vart i 2007 utskilt som eige lag med ansvar for dei av båtane som ikkje er sjødyktige. I tillegg til tradisjonelle båtar har samlinga ei operativ oppgangssag.
Kystlaget kjøpte i 2008 MK «Nordlys», bygd 1943, 49 fot og konsentrerer aktiviteten sin kring dette fartøyet.
Bjørkedal kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN.
Bilde frå Bjørkedal båtsamling
Kjelder
- Plakater ved Bjørkedal båtsamling avfotografert april 2010
- Årsmeldingar o.a. på heimesida til laget