Vassenden skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skulehuset på Vassenden vart bygd i 1910. Før dette reiste læraren rundt og underviste på gardane. Det var skule på Vassenden frå 1910 til 1959. Etter dette vart elevane overførte til Øen skule. I dag er det gamle skulehuset feriebustad. [1]
Skulekrets
I 1861 var Ramsgrø, Lien, Horne og Høydal samla i ein skulekrets, medan Sundbotten var plassert saman med Øen, Ulvik, Salbu, Smilden, Hatlem og Leirpoll. I 1891 kom dei tre skulekretsane Sundbotten, Høydal og Horne, som så vart slegne saman til Vassenden krins når skulehuset vart bygd i 1910. [2]
Kjelder
- ↑ Høydal, Kristine (20014) Vassenden skule: Frå skulestove til sommarbustad
- ↑ Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Elevstatistikk ssb og femårsmeldingar