Vassenden skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skulehuset i 2016.
Foto: Sigrun Espe

Vassenden skule i Hyllestad kommune ligg rett ved vegen som går mellom Hellevik og Sørbøvåg og vart bygd i 1910. Før dette reiste læraren rundt og underviste på gardane. Det var skule på Vassenden frå 1910 til 1959. Etter dette vart elevane overførte til Øen skule. I dag er det gamle skulehuset feriebustad.

Skulen

I 1861 var Ramsgrø, Lien, Horne og Høydal samla i ein skulekrets, medan Sundbotten var plassert saman med Øen, Ulvik, Salbu, Smilden, Hatlem og Leirpoll. I 1891 kom dei tre skulekretsane Sundbotten, Høidal og Horne, som så vart slegne saman til Vassenden krins når skulehuset vart bygd i 1910.

Fram til 1933 var det todelt skule i Vassenden og elevane gjekk annankvar dag. I 1923 var det 22 born på Vassenden skule. Frå 1933 var det så få elevar igjen i kretsen at det vart udelt skule. Læraren fekk då ansvaret for å undervise både i Vassenden og Storakersund, 14 dagar i kvar krets.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Elevstatistikk ssb og femårsmeldingar
  • Ida Øen, Frå skuletida mi i Hyllestad. Heim og skule Nr.4 desember 1969.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Informant: Torleif Hauken


Koordinater: 61.243111° N 5.225083° Ø