Hitra
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hitra er ei øy i Hitra kommune, sørvest for munningen av Trondheimsfjorden. Ho er på 571,5 km², og utgjer dermed størstedelen av kommunen sitt areal på 685,44 km². Øya er Norges sjuande største, og den største sør for Lofoten. Det er brusamband til fleire av dei mindre øyene i kommunen.
Den største tettstaden, og kommunen sitt administrasjonssenter, er Fillan. Staden var tidlegare administrasjonssenter for Fillan kommune.
Høgste punkt på øya er Mørkdalstuva på 345 moh.
Sidan 2004 har det vore ein stor vindmøllepark på Eldsfjellet, med 24 vindmøller som gjer opp til 55MW.
Litteratur
- Hitra - øy i Hitra kommune i Store norske leksikon.
- Hitra på Wikipedia på bokmål og riksmål