Apalstovegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Apalstovegen er ein 770 meter lang smal blindveg i Tveitgrendi i Kviteseid kommune som går vestover frå Sandoddvegen til plassen Apalstoi heilt aust i Bandak.
Vegen har namn etter husmannsplassen øvre Apalstoi.
Det var to Apalstoi-plassar, ein nedre, under Brauti øvre (gnr. 30/1) og ein øvre, under Utbøen (gnr. 31/1). Om øvre Apalstoi skriv Olav Bakken i Gardssoga (s. 140):
- Apalstoi er ein gamal plass. I 1801 bur husmann Gunnar Aslakson her (36 år) og Gunhild Halvorsdtr. (21 år). Der var brygge og stoppestad og gjestgjeveri i Apalstoi. Dei siste som budde der var Eivind og Susanne Apalstoi til 1929. No vert plassen nytta til hamn.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.