Innsjø
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein innsjø er eit vatn – naturleg eller menneskeskapte – som ikkje har direkte forbinding til havet. Ein liten innsjø kallast ofte eit tjern.
I Norden har innsjøane ferskvatn, men andre stader i verda kan dei ha saltvatn på grunn av avleiringar på botnen. Ein deler dei nordiske innsjøane inn i tre kategoriar:
- Oligotrofe sjøar: Næringsfattige, med liten produksjon av planter.
- Eutrofe sjøar: Næringsrike, med rik produksjon av planter. I Noreg er dei sjeldan naturleg eutrofe; næringa kjem gjerne frå avrenning frå landbruket eller avløpsvatn.
- Dystrofe sjøar: Låg primærproduksjon og vatn som er farga brunt av humus. Mange skogtjern er dystrofe innsjøar, særleg i barskog.
Noregs største innsjøar
Innsjø | Fylke | Areal (km²) | Bilete |
---|---|---|---|
Mjøsa | Hedmark og Oppland | 369 | |
Røssvatnet | Nordland | 219 | |
Femunden | Hedmark og Trøndelag | 203 | |
Randsfjorden | Oppland | 140 | |
Tyrifjorden | Buskerud | 137 | |
Snåsavatnet | Trøndelag | 122 | |
Tunnsjøen | Trøndelag | 100 | |
Limingen | Trøndelag | 93 | |
Blåsjø | Rogaland og Aust-Agder | 81 | |
Altevatnet | Troms | 80 | |
Møsvatn | Telemark | 78 | |
Nisser | Telemark | 76 | |
Øyeren | Akershus og Østfold | 73 | |
Iejárvi | Finnmark | 68 | |
Nesjøen | Trøndelag | 65 | |
Selbusjøen | Trøndelag | 58 | |
Norsjø | Telemark | 55 | |
Tinnsjø | Telemark | 52 | |
Hornindalsvatnet | Sogn og Fjordane | 51 | |
Fyresvatn | Telemark | 49 | |
Storsjøen | Hedmark | 48 | |
Storsjøen | Hedmark | 47 | |
Bygdin | Oppland | 46 | |
Aursunden | Trøndelag | 44 | |
Salsvatnet | Trøndelag | 45 | |
Krøderen | Buskerud | 43 | |
Osensjøen | Hedmark | 42 |
Litteratur og kjelder
- Innsjø i Store norske leksikon.