Merland (Sandnes gnr. 104)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Merland er ein matrikkelgard (gnr. 104) i Sandnes kommune, tidlegare gnr. 40 i Hetland herred.

Merland

Merland ligg nedføre Haualand, på flaten bort mot fjella i aust. Gårdshusa ligg 75 m over havet. Her på flatene, sør for Frøylandsvatnet, er det vassjuk jord og store

myrar. Frå flaten strekker utmarka seg austover opp mot Øykjafjellet. På nordsida av Merland har me Bjelland, Haualand ligg i vest og sør. Mot sør skiftar Merland også med Hogstad, og i aust ligg Litle Auglend i Høle.

Gardsnamnet av Inge Særheim

I riskamålet vert dette namnet uttala Merlann /"meirlan/. Dei eldste skriftformene er frå 1660-åra: Merland og Meeland i 1664, Merlland, Merland og Meland i

I Norske Gaardnavne har ein gått ut frå ein uttale Mælann, og oppfatta dette som eitt av fleire Mæland-namn frå Rogaland. Dei tyder 'midtgarden, det midtre lan

dområdet' Men den nedarva uttalen og dei eldste skriftformene syner klart at den ne tolkinga ikkje høver for Merland-namnet i Riska. (Kommentar fra Eivind

Smith* Garden ligg heller ikkje i midten, men nokså avsides nedføre bakkekanten.) Språkleg høver det å tolka føreleddet i dette land-namnet til ordet merd m. 'ruse,

teine til fiskefangst'. Det kan ha bakgrunn i fiske og fangst i den vesle tjørna som ligg her, Merlandstjørna, og i bekken som renn ut frå tjørna. Den gammalnorske

forma ville då ha vore *Merdlanå. Det er og mogleg å tolka føreleddet i dette namnet til ordet merr f. 'hoppe', altså om beiteland for hestar. Den gammalnorske forma ville i så fall ha vore *Merraland.

Matrikkelgarden

Landskyld/Matrikkelskyld. Merland si landskyld var 1 vett korn, det er 6 spann. Nemnt så i 1661/62 og 1668, og ikkje endra sidan. Matrikkelen av 1838 sette garden i 2 dalar, 0 ort, 8 skilling. I 1889 blei skylda 3 mark og 59 øre.

Skatteklasse

I skattelistene står Merland i lågaste klasse, som øydegard.

Nummer i eldre og nyare matriklar

1668 No 60 i Gand skipreide

1838 Matrikkel no 14 i Gands tinglag

1851 Matrikkel no 20 i Hetlands tinglag

1889 Gardsno 40 i Hetland herred

Nå Gardsnr 104 i Sandnes kommune.

Den eldste gardshistoria

Rundt den store garden Hogstad ligg det tre landgardar i ein halvsirkel. Opphavleg har dei alle vore teigar, bruksområde på opphavsgarden. Namna som desse teigane har (Merland, Bjelland, Haualand) kan derfor gå tilbake til dei fyrste hundreåra etter Kristi fødsel. I løpet av romersk jernalder blei dei gamle, store jordbruks-områda stykka opp og folk slo seg til på einskilde gardar i staden. Det som før hadde vore teigar blei nå sjølvstendige gardar, og teignamnet levde vidare som namn på den nye garden.

Her på Merland budde det folk allerede omlag 400 e.Kr. Dei fyrste folka, bureisarane, kan ha vore utflyttarar frå Hogstad. Frå tunet på Merland og bort mot Bjellands-skiftet er det fleire gravhaugar frå denne tida. Det er også ein del gravfunn frå det som nå er den nedre delen av Bjelland - på Ormahaugen og flatene rundt. Ein skulle tru at dette høyrde saman med busettinga på Merland. På Ormahaugen er det også gjort funn frå vikingtida som viser at det budde folk der då og.

Etter Svartedauen i 1349 fylgde ei lang tid med lite folk i landet. Dei bøndene som var igjen slo seg til på dei beste og mest lettdrivne gardane, og fleire mindre gardar

blei liggande folketome og til nedfalls. På Merland kom det ikkje folk igjen før omlag 1635. Det var den garden i bygda som sist blei tatt i bruk igjen. Dersom garden var blitt fraflytta nokså snart etter 1349, kan han altså ha lege øyde i nesten tre hundre år!

Også nabogarden Haualand låg folketom ein del av denne tida, men allerede omlag 1500 kom det folk igjen der. Etterpå brukte folka på Haualand området her

nede, det var vel til slåtteland og beite for husdyra. Då her på ny kom folk igjen ca. 1635, var gardsnamnet langt på vei gløymt. Den fyrste tida blei det rekna for eit

bruk av Haualandsgarden, men frå 1660-åra dukkar namnet Merland opp. Ein del av det området som ligg attmed Merland blei verande under Haualand, det gjeld

Heiane og området rundt Merlandstjødnå. I 1665 prøvde bonden på Merland å få dette overført frå Haualand ("at hand maatte faa och bekomme Merlands bellelig

tilliggend Myresllaate och feebedde"), men skiftet mellom gardane blei verande der det då var.

Det budde bare éin mann på Merland like frå 1600-talet og heilt til vårt hundreår. I mellomalderen kan her ha vore fleire oppsittarar dersom Heiane og myrane ved

Merlandstjødnå høyrde med til Merland då. Og dersom området rundt Ormahaugen og dei nedre delane av Bjelland var saman med Merland i endå eldre tid, kan her ha vore mykje meir folk i jernalderen.

Gardsdrift

Åkerbruket

Merland var den garden i bygda som låg lengst øyde. Fyrst eit heilt stykke ut på 1600-talet kom det folk igjen her. I 1668 hadde dei likevel fått rydda seg ein åker

der dei sådde 2 tønner korn. Så liten åker var det ingen andre i bygda som hadde, det var bare halvdelen av det åkerarealet som var gjennomsnittet for ein bonde i

Riska på den tida. Og stort meir blei ikkje rydda dei neste 150 åra heller. I 1723 blei det bare sådd 1 1/2 tønne korn, i 1775 vel 2 tønner. Kornavlinga var i 1723 10

tønner, 1775 13 tønner. Åkerjorda på Merland var ikkje bedre enn ho måtte vera. Matrikkelen frå 1668 uttrykker dette sånn: "Hielpsom Korn Jord". I 1723 sådde dei altså 1 1/2 tønne korn og hausta 10. Det gir eit folltal på 6,7 - noko under gjennomsnittet for bygda. På 1800-talet aukte nydyrkinga. I 1802 hausta dei ca 16 tønner korn. I 1835 sådde dei tre-fire tønner, i 1875 var dette dobla til omtrent sju. Garden var likevel så liten at han ikkje blei stykka opp. Den einaste tilveksten var at ein husmann fekk slå seg ned her på 1800-talet. Husmannen hadde i 1875 ein åker der han kunne så nærare 2 tønner korn og 1 1/2 tønne poteter, altså større åker enn Merlandsbonden hadde hatt hundre år tidlegare. På Merland var dei snare til å begynna med poteter, i alle fall var det ingen andre i bygda som sette så mykje poteter i 1835 som her.

Husdyrhaldet

Merland var den minste garden i bygda og her var derfor ikkje grunnlag for stor gardsdrift. Fram til begynnelsen av 1800-talet var buskapen 1 hest og vanlegvis 5-

6 kyr. Sau var her lite og ingenting av i den eldste tida. Utpå 1800-talet aukte talet på husdyr. Bonden hadde nå 1 hest, 10 kyr og ein flokk på 15-20 sauer. Og husmannen hadde 1-2 kyr og 8-10 sauer.

Attåtnæringar

Nedføre gårdshusa ligg Merlandstjødnå der dei f.eks. kan ha fiska ål med merar. Og sjølv om garden ligg i den øvre bygda, var Merlandsfolket også med på sjøfisket. Dei hadde færing i 1741, og i 1779 får me vita at dei også hadde naust til færingen. Dette kan me lesa i arveskifta frå denne tida. Når det i skiftet frå 1779

også blir nemnt sildegarn, forstår me at naustet deira må ha stått nede med sjøen og ikkje med eit vatn (f.eks. Hogstad-vatnet). Truleg har dei hatt naustrett i Vågjen

på Hommersåkgarden. I 1799 blir her nemnt glip, noko dei fiska mort med. Det var eit fiske dei dreiv heime i fjorden. I tillegg var dei på Merland med på fiske lenger vekke. Bonden her eigde i 1747 halvparten i ein båt. Den kan ha vore større enn ein vanleg færing. Og i 1779 hadde han på Merland ein tredjepart i ein tenæring, eigentleg ein båt med ti årer. Han var så stor som ei jekt og blei brukt som fraktebåt til fiskeværa. På same tid høyrer me om tenæring på Haualand og. Me kan gå ut frå at det var same båten, og at han på Merland og dei to Haualandsbøndene eigde dette fartøyet i lag.

Eigarane i leiglendingstida

Den fyrste som me veit eigde garden på Merland, var Eilev Jensen Lyse i Forsand. Han er ført som eigar i 1661, 1665 og 1675. Nå eigde han også nabogarden

Haualand, og Merland som låg øyde tidlegare hadde nok fylgd dei same jordeigarane som Haualand. Thomes Jørgensen, handelsmann i Stavanger, blei sidan eigar av både Merland og Haualand. Han selde i 1705 begge gardane til Rasmus Olsen Haualand. Då Rasmus døydde i 1717 arva systersonen Ådne Nilsen dei 6 spann korn i Merland. Han budde i Stavanger og leigde vekk garden. I 1739 blei oppsittaren sjølveigar.

Oppstykking av garden

Heile garden blei brukt av bare éin oppsittar like til 1909. Då blei ein tredjedel av garden seld, og sidan har her vore to gardsbruk.

Husmannsplass

I 1836 fekk ein husmann slå seg til i Bakken. Stykket låg i innmarka, opp mot Haualand. "Vaaningshus paa Husmandsplads under Garden Mærland" blir omtalt i

1870 då husmannen lånte pengar av eine broren sin mot pant i huset. Den siste husmannen døydde i 1880, men enka hans må fortsatt ha drive plassen, for den vaksne sonen deira budde her med familien sin ennå i 1884. I 1886 fekk husmannssonen eit gardsbruk på Bjelland der kona hans kom frå. Den gamle mora

blei då med dertil, og ho døydde på Bjelland i 1888. Denne plassen blei så lagt til innmarka igjen.

Folket

Dei eldste brukarane

Tarald Helgesen, død føre 1660 (1650?).

Son til Helge Taraldsen Haualand. Tarald flytta ned til Merland og rydda denne garden som hadde vore øyde i fleire hundre år. Seinare blei han omtalt som Rette Rødnings og oddels mand på Merland (i 1665). I skatte­listene er han bare nemnt i åra 1635-1642/43. Seinare kom han til Lutsi i Høyland der han brukte halve garden (Ola Aurenes Høyland s 284 nr 5). Gift med ukjent kvinne. Ho blei etterpå gift med ein Tollak som over­tok parten hans i Lutsigarden

Barn:

a. Eilev, f. ca 1633 -fød i Riskequerf paa Mæland, død 1695. Han var dreng på Lutsi i 1666. I 1669 var han soldat. Då ville Ådne Skjørestad og Elias Jødestad hjelpa han til å få seg eit gardsbruk på Li.

Johannes Trondsen, f. 1624.

Kanskje son av Trond, husmann i Lyse 1664 (Sigleif Engen Forsand I.2 s 669 nr 1). Johannes kjøpte bruksretten til Merland av rydnigs­mannen Tarald Helgesen for 46 dalar. Resten av dette beløpet, 2 dalar, betalte han til Eilev Taraldsen i 1664. 1665 prøvde oppsittaren på Haualand å driva han frå garden så området kunne bli brukt under Haualand som før, men Johannes fekk sitta med garden. Han er nemnt på Merland første gong i 1664, og budde her ennå i 1673. Gift med ukjent kvinne.

Barn:

a. det ligg nær å tenka at det var ein son av han, den Trond Johansen, som 1696 bygsla den eine parten på nabogarden Bjelland


Osmund Larsen, f. ca 1650, d. 1703. Son til Lars Persen Gausel i Hetland. [1] Osmund kom til Merland ein gong i 1670-åra. Første gong han blir nemnt er i 1679, då var han lagrettemann. Han brukte garden så lenge han levde. Gift.med 1) namnet hennar er ikkje kjent, kanskje Berta då det namnet går igjen blant barnebarn, d.1686/90. Dotter til Gard Rasmusen Under­berge i Forsand (Sigleif Engen Forsand II s 151-154 nr (7).) [2] 2) Ingrid/Inger, d. 1715. Ho var her i 1691.

Barn, Osmund sin son i første ekteskap:

a. Lars, f. 1686, bonde på Merland etter faren.

Osmund sin uekte son med jenta, Marit Johannesdtr. Frøyland:

b. Nils, f. 1700, voks opp på Frøyland hos mora og stefaren Ola Olsen (d.e.). Nils var dreng hos Ola Nilsen Søre Hogstad i 1718,  gift med 1730 Guri Engelsdtr. av Stavanger.


Lars Osmundsen, f. 1686, d. 1731. Son til Osmund Larsen Merland. Han tok over garden då faren døydde i 1703 og sat med han til slutten av 1720-åra. Gift med 1703 Marta Eilevsdtr., f. ca 1670, d. 1761, dotter til Eilev Eilevsen Indre Lima i Gjesdal (Søren Arneson Gjestal s 132 nr 12).

Barn:

a. Dorte, f. 1705, gift med ca 1736 enkemann Gunnar Eriksen som var frå Søre Hogstad der

han ei tid sat med farsgarden. Han hadde òg gard på Berge i Kålabygda (Sigleif Engen Forsand I.1 s 40-42 nr 4), og til slutt bygsla han Hetland prestegard (Ætt og Heim 1973 s 66-70)

b. Berta, f. 1707, gift med Ola Torkellsen, som budde her på Merland ei kort tid, seinare budde han i Stavanger

c. Osmund, f. 1710, bonde på Merland

d. Marta, f. 1713, d. 1721?

e. Gunhild, f. 1718, gift med 1) 1749 Tore Samuelsen Uskjo (d. 1751), 2) 1751 Tjerand Kristoffersen Uskjo.


Osmund Larsen, f. 1710, d. 1781. Son til Lars Osmundsen Merland. Han tok over som gardbrukar på Merland ein gong mellom 1725 og 1730. I 1739 fekk han kjøpa garden av Jørgen Thommesen sine arvingar i Stavanger, og etterpå budde han her som sjølveigar. Sonen tok over garden i 1773. På garden hadde dei eit kråskap og ei kiste med lås. Her blir også nemnt ein bolle med sølvbeslag, eit par tinnfat og to lysestakar av messing. Då Osmund og den tredje kona hadde kvar sine arvingar, valgte dei frivillig skifte i 1779.

Gift med 1) 1729 Anna Olsdtr., d. 1741, dotter til Ola Olsen Frøyland (d.e.), 2) 1742 Marit Eriksdtr., f. 1703, d. 1747, dotter til Erik Jonsen Sandve i Høyland (Ola Aurenes  Høyland s 322 nr 7), 3) 1748 Randi Torsdtr., f. 1705, d. 1782, dotter til Tore Torsen, først bonde på Geitaskjer i Strand (Jan Alsvik Strand 1 s 12), flytta til Bersagel i 1706. (Kallest Randi, Randj, Ranvej, Randvey, Ragnille. Randi er mest brukt, det var truleg namnet henner. Mora heitte Rannveig, derfor er vel det namnet komt inn. Mens forma Ragnille er ei lett forståeleg misforståing.)

Barn, Osmund i første ekteskap:

a. Inger, f. 1731, gift med enkemann Tørres Hallvardsen, budde først på Lunde, seinare på Meling, til slutt husmann under Hegraberg, alle gardane ligg på Åmøy (Birger Lindanger og Jørg Eirik Waula Rennesøy 2 s 1044)

b. Marta, f. 1735, budde hos fastera i Uskjo i 1764, var ugift i 1779

Osmund sine barn i andre ekteskap:

c. Lars, f. 1744, bonde på Merland

d. Berta, f. 1746, gift med 1) 1773 Lars Olsen Uskjo (d. 1794),  2) 1795 Tormod Tormodsen, budde på plassen Vodl under Lea i Høyland, 3) 1797 Ola Torkellsen frå Edland i Gjestal (Søren Arneson Gjestal s 60 nr 27.d), han overtok plassen under Lea (Ætt og Heim 1935 s 40).

Randi sitt barn:

e. Tore. Ved skiftet 1779 heiter det: hun har avlet een Sön navnlig Thore Svendsen, som er död og efterladt sig en Sön Navnlig Svend Thorsen


Lars Osmundsen, f. 1744, d. 1799. Son til Osmund Larsen Merland. Han overtok garden etter faren i 1773 og sat med han til svigersonen tok over i 1794. I det gamle stovehuset på Merland var det inne i stova ein takbjelke der det var innskore: LARS OSMUNDSEN 1791. KTS 1794. (J.J. Jåthun .Ætt og Heim 1953, s 38-39).gift med 1769 Berta Hansdtr., f. 1741, d. 1808, dotter til Hans Trondsen Bjelland

Barn:

a. Marta Ragnhild, f. 1770, g.m. 1795 Klas Torsen, overtok garden

b. Berta, f. 1772, d. 1817, ikkje gift

c. Randi, f. 1775, d. 1785

d. Osmund, f. 1778, d. 1783

e. Laurense, f. 1781, gift med 1810 Jens Einarsen Nedre Tasta i Hetland

f. Berta Olena, f. 1784, d. 1787.


Klas Torsen, f. 1769, d. 1853. Son til Tore Klasen Frøyland, som først hadde gard på Søre

Hogstad og etterpå på Frøyland. Klas overtok garden etter svigerfaren i 1794 og sat med han til 1826. Han døydde hos dottera på Søre Hogstad. Gift med 1795 Marta Larsdtr., f. 1770, d. 1847, dotter til Lars Osmundsen Merland.

Barn: a. Kristina, f. 1796, den same som neste ?

b. Berta, d. 1796, den same som ho oppføre ?

c. Tore, f. 1797, d. 1799

d. Lars, f. 1800, bonde på Riska gift med 1822 Marta Guria Bjørnsdtr. Riska

e. Kirstina, f. 1802, d. 1802

f. Tore, f. 1803, d. 1805

g. Omund, f. 1806

h. Berta Maria, f. 1809, gift med 1) 1825 Gitle Gitlesen, bonde på Merland etter svigerfaren (d. 1841) 2) 1844 enkemann Tjerand Torkellsen Søre Hogstad

i. Karen Kirstina, f. 1813, gift med 1836 Tore Gunnarsen Sporaland i Høyland (Ola Aurenes Høyland s 379 nr 18).


Gitle Gitlesen, f. 1794, d. 1841. Son til Gitle Taraldsen Eskjeland, seinare Horve i Høle (Jon Bergsåker Høle gjennom hundreåra s 85). Han var husmann under Søre Hogstad (jf Ola Aurenes Høyland s 197 nr 29). Etter han gifta seg budde han med familien hos svigerfaren på Merland. I folketellinga for 1825 kallest han Tjener. Så overtok han garden i 1826 og sat med han så lenge han levde. Gift med 1825 Berta Maria Klasdtr., f. 1809, d. 1893, dotter til Klas Torsen Merland. Etter at Gitle var død, blei ho sittande med garden til ho gifta seg igjen i 1844 med enkemannen Tjerand Torkellsen, som hadde gard på Søre Hogstad.

Barn:

a. Omund, f. 1825, bonde på Merland

b. Gjertrud, f. 1828, gift med 1851 Rasmus Endresen Nordre Hogstad

c. Marta Kirstina, f. 1830, gift med 1855 Ola Persen Stangeland, bonde på Søre Hogstad

d. Gitlina,f. 1832, d. 1834

e. Gitlina, f. 1834, g.m. 1858 Tore Torsteinsen Nordre Hogstad

f. Gitle, f. 1837, bonde på Søre Hogstad, gift med 1875 Ingeborg Ellingsdtr. Arsvoll

g. Kristian, f. 1840, bonde på Søre Hogstad


Omund Gitlesen, f. 1825, d. 1900. Son til Gitle Gitlesen Merland. Bonde på Merland frå 1845 og til 1881. Seinare fekk han seg gard i Uskjo, og til slutt sat han med eit småbruk i Uskakalven.  Ikkje gift.

Husmenn i Bakken

Hans Hansen, f. 1815. Son til Hans Johannesen Haualand. Han var husmann på et Stykke kaldet Bakken frå 1836 til 1842. Hans betalte 50 speciedalar då han leigde stykket, og i årleg avgift måtte han ut med 1 dalar, 2 ort og 12 skilling. I tillegg måtte han yta 9 Sommerdages Arbeide i hvad jeg self behøve" skreiv bonden på garden. Kvar niende veke skulle han gjeta alle dyra på garden. Seinare budde Hans ute med Stavanger. Først på Verket, då kallest han arbeidsmann, seinare på Blåsenborg og då var han tømmer­mann. Gift med 1836 Olena Svensdtr., f. 1812, dotter til Sven Olsen Bekkeheia under Høyland i Nærbø (Torgeir Edland 1 (Nærbø) s 45 nr 68). Dei to eldste barna var fødde her:

a. Hans Andreas, f. 1836

b. Sven, f. 1839.


Gabriel Olsen, f. 1811, d. 1880. Son til Ola Gabrielsen Skjørestad. Den første tida etter dei gifta seg budde dei på Hogstad hos familien hennar. I 1842 fekk han festa plassen i Bakken, og her budde han så lenge han levde. Gift med 1840 Rakel Endresdtr., f. 1816, d. 1888, ho døydde på Bjelland. Dotter til Endre Torsen Nordre Hogstad.

Barn:

a. Endre, f. 1840, d. 1841

b. Ola, f. 1842, d. 1846

c. Endre, f. 1846, først sjømann, busett på Merland så bonde på Bjelland gift med 1878 Ane Gunnarsdtr.



[1] Sml prestemanntalet frå 1666 (Gausel) med skifte 13/5-1691 i Stavanger etter Nils Osmundsen.

[2] Då det blei holdt skifte etter den barnlause Knut Gardsen Hetland i 1690, finn me blant arvingane også søstersonen Lars Merland. Lars si mor var død då og han arva derfor hennar del (Laurids Meeland en søsterlod). Mor til Lars må ha vore dotter til Gard Rasmusen Vika/Underberge i Forsand, men

Sigleif Engen har ikkje tatt henne med.

Koordinater: 58.90122° N 5.853° Ø