Bjelland (Sandnes gnr. 103)

Bjelland er ein matrikkelgard i Sandnes kommune med gardsnummer 103. Tidlegare hadde Bjelland gardsnummer 39 i Hetland herred. Garden ligg på ein rund høyde sør for og opp av Frøylandsvatnet. Tunet ligg 100 meter over havet. Bjelland si utmark ligg rundt sørenden av Frøylandsvatnet, og går også opp på Bjellandsfjellet i aust. Denne garden grenser i nord til Frøyland, i vest til Skjørestad, i sør til Haualand og Merland, og i aust til Litle Auglend i Høle.

Bjelland
Sted: Riska
Fylke: Rogaland
Kommune: Sandnes
Gnr.: 103
Type: Matrikkelgard

Gardsnamnet

av Inge Særheim

Dette namnet vert uttala Bjedlann /"bjedlan/ i nedarva riskamål. Dei eldste skriftformene er frå først på 1600-talet: Bjellandt i 1607-08, Bielland i 1617, Biedlanndt i 1618-19 og Biedland i 1618.

Same namnet førekjem seks andre stader i Rogaland, og er også vanleg i Hordaland, Vest-Agder og Aust-Agder. Dei eldste skriftformene av Bjelland-namnet er frå 1300-talet: a Biallande i 1327 og Bialland i 1346, dessutan a Biallande i 1413 og 1448.

I Norske Gaardnavne reknar ein med at dette land-namnet er samansett med ordet m., som i gammalnorsk hadde tydinga 'gard'. Eit gammalnorsk *Bjarland skulle kunna gje dei skrivemåtane ein finn i mellomalderen, og uttalen med dlSørvestlandet. Ein tenkjer seg gjerne at det opphavleg har vore ein større gard, *Bø som den yngre og mindre garden *Bjarland er skild ut frå.

Men det er og sett fram andre tolkingar for Bjelland-namnet. Føreleddet er tolka til rota i ord som bell m. 'rundvoren steinformasjon' og det islandske bjalli m. med tydinga 'rund høgd'. Grunntydinga i denne rota er 'svella, rund' og liknande. Eit slikt innhald høver om runde terrengformasjonar. Det kan høva om den runde høgda der Bjelland-garden i Riska ligg, eller om Bjellandsfjellet aust for gardstunet.

Matrikkelgarden

Landskyld/Matrikkelskyld

  • Landskylda av Bjelland var 1625/30 og i 1638 1/2 pund korn, det er 12 spann. I 1644 er skylda komen opp i 3 1/2 vetter = 21 spann. Det blei ikkje endra etterpå.
  • I matrikkelen av 1838 har Bjelland fått skylda 4 dalar, 0 ort, 16 skilling, og i 1889 er garden sett til 6 mark og 27 øre.

Skatteklasse

Bjelland står i skattelistene som øydegard. Det vil seia at garden bare skulle svara 1/4 del av den skatten som gjekk av ein fullgard. Nokre få lister har grensa mellom halvgardar og øydegardar lenger nede. Der kjem då Bjelland med blant halvgardane.

Nummer i eldre og nyare matriklar

  • 1668 No 41 i Gand skipreide
  • 1838 Matrikkel no 13 i Gands tinglag
  • 1851 Matrikkel no 19 i Hetlands tinglag
  • 1889 Gardsno 39 i Hetland herred
  • Nå Gardsnr 103 i Sandnes kommune.

Den eldste gardshistoria

Bjelland er ein av randgardane rundt den gamle og store garden på Hogstad. Det var i folkevandringstida folk busette seg på denne staden og Bjellandsområdet blei skilt ut som eigen gard. Bureisarane kan ha komme frå Hogstad. På dei nedre delane av det som nå er Skjørestad er det fleire gravhaugar. Dei ligg kloss oppi skiftet med Bjelland, ikkje så langt frå haugane i det gamle gardstunet her. Det området høyrde derfor truleg saman med Bjelland i forhistorisk tid. Nedføre sjølve Bjellandshøyden er det også ein del gravhaugar på og rundt Ormahaugen. Men desse ligg så nær haugane på Merland at dei heller må høyra til den busettinga.

I yngre jernalder (vikingtida) budde det mest sannsynleg ikkje folk her på Bjelland. Rett nok er det eit gravfunn i ein haug på Ormahaugen frå denne tida, men det betyr vel heller at Merlandsgarden var i drift då.

Utstein kloster blei eigar av Bjelland i mellomalderen. Då må det ha budd folk her som dreiv garden og klosteret kunne få landskyld (leigeinntekt) av bøndene her. Men i seinmellomalderen var det lite folk i bygda endå ein gong. Dei som var igjen då flytta til dei store gardane der det var best forhold for jordbruk. På Bjelland budde det ikkje folk, garden låg øyde. I denne tida brukte bøndene på Frøyland området. Dei slo vel graset, og så hadde dei husdyra sine på beite her. I lensrekneskapen frå dei fyrste åra av 1600-talet, kallest dette ennå for «Bjelland under Frøyland». Og Njell Olsen Frøyland hadde omlag 1620 «ungnød» på beite her.

Rundt om 1615 flytta det folk til Bjelland igjen og garden kom i drift på ny. Då var det gått nesten tre hundre år sidan Svartedauen, og garden kan ha vore utan folk det meste av denne tida. Av gardane i bygda var det bare Merland som fekk folk endå noko seinare.

Gardsdrift

Åkerbruket

Det slo seg til folk på Bjelland igjen omlag 1615. I 1634 hadde dei fått rydda så pass av dei gamle, overgrodde åkrane at dei måtte ut med 2 spann korn i tiende av kornavlinga si. Og gjenryddinga fortsatte, i 1668 sådde dei to bøndene her 5 tønner korn. Då hadde dei mindre åkrar enn gjennomsnittet i bygda, men dei må ha hatt nok. For det neste hundreåret sådde dei ikkje stort meir, 5 tønner i 1723 og vel 6 tønner i 1775.

I 1723 var kornhausten på 36 tønner. Det gir eit folltalet for garden på 7.2, akkurat så vidt over gjennomsnittet for bygda. Avlinga i 1775 er oppgitt til bare 33 tønner, altså mindre enn i 1723 sjølv om åkrane nå var litt større.

Garden på Bjelland blir skildra sånn i matrikkelen frå 1668: «Heye Jord», men her var «god Agger». Og i matrikkelen frå 1723 kan me lesa at garden var «Maadelig at vinde».

Etter eit forsiktig hundreår, blei åkerarealet kraftig utvida på 1800- talet. I 1835 sådde dei over 13 tønner korn, og fortsatt var det bare to oppsittarar her. Men rett etter starta oppstykkinga av garden og i 1875 var det fem bønder og ein husmann på Bjelland. Nydyrkinga i denne tida var ikkje like sterk, dei seks jordbrukarane i 1875 sådde ikkje meir enn 15-16 tønner korn til saman.

Bjellandsbøndene sette i 1835 2 tønner poteter kvar, omlag som gjennomsnittet for bygda. Førti år seinare hadde ikkje dette aukt noko særleg.

Husdyrhaldet

På Bjelland var det «Ringe Udmark», heiter det i 1688. I eldre tid hadde bøndene her då også noko færre dyr enn det som var gjennomsnittet i bygda. I to-brukstida haldt kvar av oppsittarane ein buskap på 1 hest og 5-6 kyr. Likt med fleire andre gardar oppe i bygda hadde dei lite sau på Bjelland i den gamle tida. Ved kvegskatten i 1657 blir det ikkje nemnt småfe på garden i det heile, mens dei på 1700-talet hadde fått seg nokre få sauer. I 1808 hadde dei to bøndene dobbelt så mykje sau som i 1723, men talet var likevel ikkje så stort, bare rundt 15 sauer kvar.

Andre delen av 1800-talet førte med seg store endringar i den gamle gardsdrifta. Garden blei stykka opp i mange små bruk. Og sjølv om husdyrtalet blei dobla, hadde kvar gardbrukar mykje mindre besetningar enn før. Ein vanleg buskap nå var på 2-3 kyr og 10-20 sauer. Dei fleste hadde hest, men ikkje alle.

Attåtnæringar

Garden ligg i den øvre bygda og blir kalt «Heye Jord» i ei skildring frå 1668. Av skiftematerialet frå 1700-talet ser me at Bjellandsbøndene var med på fisket likevel. Dei hadde naust, truleg nede i Vågen, og færing. Av fiskeredskap blir det nemnt glip, det var noko dei fiska mort med. Alt dette tyder på heimefiske. Men i tillegg eigde den eine bonden på Bjelland ein fjerdepart i ein stor båt i 1768. På same tid blir her nemnt sildegarn, og i 1799 eigde dei på Bjelland ei 2-våges jernvekt. Me ser av dette at dei også var med på fiske lenger vekke.

I andre halvdel av 1800-talet blei det mange familiar på garden. Ein del av dei nye gardbrukarane var då i Amerika ein eller fleire turar, der dei fekk seg forskjellig arbeid. Det kunne vera arbeid på farm, støyping, ved jernbanen eller fabrikkarbeid. Etter kvart som Christian Bjelland fekk bygt opp den store verksemda si i Bjellands hermetikkfabrikk, med eksport av fiskehermetikk, blei det mange arbeidsplasser hos han. Og blant slektningane hans her på Bjelland var det mange som fekk seg arbeid der. Nokre kombinerte det med gardsdrifta, andre slutta med jordbruk og gjekk heilt over til hermetikkindustrien.

Eigarane i leiglendingstida

I mellomalderen var det Utstein kloster som eigde garden på Bjelland. Ved reformasjonen fekk kongen hånd om alt det geistlege jordegodset, men i rekneskapa i jordebøkene etterpå blir dei ymse godssamlingane fortsatt førde etter opphavet sitt. I 1638 får me vita at kongen makebytte ein del gardar som hadde høyrt til Utstein Kloster, blant dei var Bjelland, med lensherren i Stavanger, Henrik Thott. Sidan må Bjelland igjen ha komme under kongen, for både i 1661 og 1668 står garden som Utstein kloster-gods.

Etter dei mange krigane måtte kongen selja mykje av jordegodset sitt. Den danske adelsmannen Erik Krag tok over Utstein kloster-godset, men alt i 1672 selde han dette til tollar i Stavanger, Peder Pederssøn Saxe.[1] Peder Saxe selde i 1673 «biedland i Rische querff» til byskrivaren Jørgen Cortsen. Han selde garden vidare i 1678 til Morten Seehuusen, rådmann i Stavanger. Etterkomarane hans sat sidan som eigarar av garden i over hundre år. Ein son av Morten Seehuusen, Severin, budde på Svanøy gods i Sunnfjord. Han blei adla med namnet de Svanenhielm. Eit barnebarn av Morten Seehuusen, Johanna Margrethe, var gift med Laurits Smith, handelsmann i Stavanger. Dei var besteforeldre til kapellanen Børge Petersen von Fyren, som selde halve garden, 10 1/2 spann, til Jon Ivarsen Kalvøynå i 1801. Alt i 1803 fekk oppsittaren, Hans Eriksen, kjøpa det.

Den andre halvparten av garden (10 1/2 spann korn) hadde Johanna Margrethe Smith seld allerede 1774 til Ola Jonsen Li. Han døydde kort tid etter, bare 28 år gammal. Faren hans, Jon Larsen Li, blei så eigar av garden. Og etter han sat svigersonen, Samuel Jonsen Raustad med desse 10 1/2 spann i Bjelland til oppsittaren, Per Gunnarsen, kjøpte det i 1838.

Oppstykking av garden

Rett etter at garden var rydda tidleg på 1600-talet, blei her to oppsittarar. Partane deira var svært ujamne, ein brukte 7 spann og den andre 14 spann. Det kan henga saman med at det ei kort tid rundt 1620 kan ha vore tre mann på garden. Rett før 1700 blei dei to partane justerte, sånn at dei to oppsittarane etterpå brukte halve garden kvar (10 1/2 spann på kvar).

Den neste bruksdelinga kom fyrst i 1844. Den eine av dei to gamle partane blei fyrst stykka opp. Dei to brørne, Gunnar og Ola, delte då faren sin part mellom seg, så dei etterpå blei sitjande med 5 1/4 spann kvar. Desse to nye bruka, løpenr 74 og løpenr 75, blei ein generasjon seinare begge delte i to, sånn at det blei fire gardsbruk ut av denne parten. To av desse gardsbruka hadde husa sine i det gamle tunet, mens to hadde flytta ut, ein ned i Kalvakheiå, den andre ut på Vodl.

Den andre av dei to gamle partane eller halvdelane av Bjellandsgarden var udelt heilt til 1870-åra. Ein gong mellom 1873 og 1875 delte brørne Erik og Hans faren sin part, løpenr 73, mellom seg. Ein yngre bror, Ole, fekk seinare, i 1875, ein mindre part. Dermed blei det to litt større og eit noko mindre gardsbruk ut av denne halvdelen av Bjelland. Den yngre broren Ole, bygde seg hus nord på Voll, mens dei to eldste blei buande i det gamle tunet. Frå den parten Hans hadde fått, løpenr 73b, blei i 1904 det litle stykket i Hola skilt frå. Løpenr 73a som Erik hadde hatt, tok svogeren Gerhard Bjelland sidan over. Han var sjømann og ville gjerne sjå sjøen frå der han budde. Derfor flytta han husa på bruket sitt ned på Ormahaugen, så kunne han i alle fall sjå ut over Frøylandsvatnet.

Husmannsplass

Omlag 1835 slo ein husmann seg til på Nore Voll. Stykket låg i innmarka og høyrde under den eine parten av garden (bruk I). Den siste husmannen her døydde i 1873. Enka hans budde her ennå i 1875, men så har ho flytta vekk. Ho døydde to år seinare som fattiglem på Nora Hogstad. Dette stykket gjekk så inn i det gardsbruket som eine sonen på garden fekk skilt ut til seg i 1875.

Fotnoter

  1. sml. Sigurd Refheim, Gard og ætt i Madla, s 16.

Kjelder

  • Teksten er henta frå boka Riska : Gardar og tettstad av Eivind Smith, utgitt av Sandnes kommune, 1993. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Aurenes, Ola. Christian Bjelland og hans ætt. Utg. Dreyers Grafiske Anstalt. Stavanger. 1938. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Sigurd Refheim: Gard og ætt i Madla : frå ikring 1600 til først på 1900-talet : med innføring om tun og bruk, jordleige og jordeige, gamle åkrar, vegar og øydegardar. Utg. Kommunen. Stavanger. 1981. Digital versjonNettbiblioteket.