Frøyland (Sandnes gnr. 102)
Frøyland er ein matrikkelgard i Sandnes kommune. Han har gnr. 102, og hadde tidlegare gnr. 38 i Hetland herad. Frøyland ligg høgt og fritt på bakkane oppføre Hommersåk. Garden ligg også ein heil del høgare enn Riska. Tunet på Frøyland ligg 65 meter over havet. Sett frå øvre bygda, frå Skjørestad, ligg dei gamle gårdshusa på Frøyland på ein rund høyde opp av myrane i sør og opp frå vatnet. Innmarka ligg i den nordre enden av gardsområdet og strekker seg ned mot Frøylandsvatnet. Utmarka er delt på to områder, i sør heiane og myrane, og i aust fjellet på den andre sida av Frøylandsvatnet Maudlandsdalen. Frøyland grenser i nord mot Hommarsåk og Hetland, i aust mot Maudland og Brathetland i Høle, i sør mot Bjelland og i vest mot Jødestad og Riska. Der Frøyland, Riska og Hommersåk møtest i Kydnamyrå kallest det Stabsto.
| Frøyland | |
|---|---|
| Sted: | Riska |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 102 |
| Type: | Matrikkelgard |
Gardsnamnet
av Inge Særheim
Namnet vert uttala Frøylann /'frøylan/ i målføret. Dei eldste skriftformene er frå mellomalderen: Freyland i 1362, a Frøylande i 1405 og j Frølande i 1415.
Same gardsnamnet finn ein i Sokndal og i Time. Det er alle stader nytta om store gardar som ligg sentralt til i bygdelaga.
Frøyland er eit gammalt gardsnamn av land-klassen. Føreleddet er av Oluf Rygh og Magnus Olsen tolka som gudinnenamnet Frøya. Den gammalnorske forma skal da vera *Freyjuland, med tyding 'land, jord som er vigd til Frøya, Frøya sitt land'. På tilsvarande måte har dei tolka namna Nærland og Nerland som 'Njord sitt land'. Ein annan namnegranskar, Eivind Vågslid, har gått mot alle namnetolkingar til førkristne gudenamn og gudenemne. Han meiner at slike stadnamn har bakgrunn i naturtilhøva på stadene og det daglege strevet for å skaffa seg føde. Han meiner at føreleddet i Frøyland-namna har samanheng med eit adjektiv, gammalnorsk frær, som tyder 'gronæm, grøderik', slik at dette gardsnamnet skal tyda 'grøderik jord'. Tolkinga til Eivind Vågslid er meir jordnær enn tolkinga i Norske Gaardnavne. Ho høver dessutan svært godt om dei Frøyland-gardane me finn i Rogaland. Difor kan denne tolkinga synast meir rimeleg enn dei eldre gudenamntolkingane.
Matrikkelgarden
Landskyld/Matrikkelskyld
Landskylda til Frøyland er kjent frå Domkapitlet sine jordebøker frå ca 1590 og ca 1620. Skylda var då 3 pund korn eller 72 spann, som ikkje blei endra etterpå.
Matrikkelen i 1838 sette Frøylandsgarden til 10 dalar, 1 ort, 12 skilling. I 1889 fekk gardsbruka her ei samla skyld på 14 mark og 44 øre.
Skatteklasse
Frøyland var fullgard i det gardsklassesystemet me finn i skattelistene på 1600-talet.
Nummer i eldre og nyare matriklar
- 1668 No 6 i Gand skipreide
- 1838 Matrikkel no 9 i Gands tinglag
- 1851 Matrikkel no 18 i Hetlands tinglag
- 1889 Gardsnr. 38 i Hetland herred
- Nå Gardsnr. 102 i Sandnes kommune
Den eldste gardshistoria
Frøyland ligg i utkanten av den gamle bustettinga på Riska, og området her var fyrst ein teig av den store Riskagarden. Men allerede i yngre romersk jernalder (ca. 200-400 e.Kr.) blei Frøyland skilt ut som eigen gard. Kan henda var det folk frå Riska som flytta her opp. Frøyland er den eldste av land-gardane i bygda. Her var det bureisarane fann mest jord, og i tillegg kunne dei auka jordbruksarealet sørover. Der kalte dei det Auglend. Det kan og vera desse jordbruksfolka på Frøyland som fyrst tok i bruk området langt oppe i dalen på austsida av vatnet og kalte det Maudland. I løpet av eldre jernalder flytta det folk opp på Heiane også. Der er det både gravhaugar og restar av hustomter. Det må ha vore mykje folk i bygda då, sidan dei kunne busetta seg så høgt.
I yngre jernalder budde det ikkje lenger folk oppe på Heiane, men nede på sjølve Frøyland var garden fortsatt i drift. Dessutan blei Hommersåk skilt ut som eigen gard nå i vikingtida. Her hadde truleg Frøyland og Hetland hatt hamn for båtane sine.
I 1362 var det sjau om eigedomsretten til ein part i Frøyland. Då må det ha budd folk her og garden vore i drift. Eigarane budde i Stavanger og dei krangla om å få ein del av landskylda, leiga, som bøndene betalte.
Hallvard Torgilsson kjøpte partar i garden i 1405 og 1415. Det eine kjøpebrevet er skrive her på Frøyland, så han budde kanskje her. Men han må ha vore noko meir enn ein vanleg bonde sidan han var i stand til å kjøpa jord. Omlag 1520 budde det også ein Hallvard her. Me må kunne gå ut ifrå at han var av den same slekta. Han var litt av ein kakse, for ved botsskatten i 1519 måtte han ut med heile 30 mark, og han greidde halvdelen med pengar.
Me ser at det budde folk her og at garden var i drift gjennom heile seinmellomalderen. Tidleg på 1500-talet brukte ein mann heile garden åleine, mens dei andre gardane i bygda med så mykje jord hadde både to og tre oppsittarar. Dette kan komma av at det var «overklassefolk» her på Frøyland som kan ha drive garden med mykje leigefolk.
Gardsdrift
Åkerbruket
Åkerjorda på Frøyland blei i eldre tid rekna for god. I matrikkelen frå 1668 les me at her var «Ret god Koren Jord» og det var bare fire gardar i bygda som fekk så god karakter. Mens garden blei kalt for «Tungvunden» i 1723. Då sådde dei 14 tønner korn og hausta 110, noko som gir eit folltal på 7.9. Det plasserer Frøyland blant dei mest grøderike gardane i bygda.
I mellomalderen måtte bøndene gi tiende til kyrkja av det dei avla på gardane sine. Etter reformasjonen fekk kongen den delen av tienden som tidlegare hadde gått til biskopen. Nå veit me kva bøndene på Frøyland måtte ut med i tiende til kongen den fyrste halvdelen av 1600-talet, og då kan me firma ut kor mykje korn dei hausta her på garden i denne tida. Mellom 1602 og 1645 er det seks gonger me finn oppgave over korntienden til Frøylandsbøndene. Tala varierer frå 8 1/2 til 14 spann for kornavlinga veksla sjølvsagt etter vér og andre forhold. Men tala viser at bøndene på Frøyland var blant dei som hadde størst kornavlingar i bygda den gong. Og det vil seia både god jord og store åkrar.
Med så gode kår var det plass til fleire familiar på garden. Fram til 1660-åra blei derfor talet på bønder dobla. I 1668 sådde desse fire bøndene 15 tønner korn, i 1723 var det gått ned til 14 tønner og i 1775 til vel 13. Mens avlinga som nemnt var på 110 tønner i 1723, bare 76 tønner i 1775 og 120 tønner i 1802. Dei fire bøndene hadde dermed etterkvart fått dårlegare forhold. Nå var dei ikkje lenger i det øvre skiktet i bygda, men var blitt gjennomsnittsbønder. Og når det kunne vera så ringt som i 1775, er det ikkje så rart at den eine bonden flytta vekk midt på 1700-talet så det ei stund bare var tre oppsittarar på garden.
Men ut på 1800-talet må dei ha rydda meir jord, for i 1835 sådde dei fire bøndene nesten 19 tønner korn. Så skjedde det same endå ein gong - meir jord gav plass for fleire folk, og i løpet av 1800-talet blei garden sterkt oppdelt. I 1865 og 1875 var det 12-14 bonde- og husmanns-familiar på Frøyland, altså ein tredobling av folk på bare ein generasjon. Og så sterk var ikkje nydyrkinga, det blei ikkje sådd meir enn ca. 35 tønner korn i 1875. Sidan dyrkinga av jord ikkje var like sterk som folkeauken på garden, fekk dei som budde her gradvis dårlegare kår. Og i alle fall ein del av dei mange oppsittarane sat med så små bruk at dei ikkje kunne klara seg med bare vanleg gardsdrift.
På Frøyland må dyrkinga av poteter tidleg ha slått igjennom, for i 1835 sette bøndene her meir poteter enn bønder flest i bygda. Seinare på 1800-talet aukte ikkje potetarealet pr bonde.
Husdyrhaldet
Det blei reist straffesak mot den eine bonden på Frøyland omlag 1620. Då blei heile buet hans gjennomgått, og me får dermed greie på buskapen hans. Han hadde 2 hestar, 6 kyr, 2-3 ungdyr og 20 sauer og geiter. Me legg merke til at han hadde mykje hest og småfe. Det var bare to bønder på Frøyland den gongen og dei brukte like stor del av garden, den andre karen har vel då hatt ein nokonlunde tilsvarande buskap. Midt på 1600-talet er det to kjelder med tal på husdyr. Den eine er ei skatteliste frå 1657 ("Kvegskatten"), den andre er matrikkelen i 1668. Ifylgje kvegskatten var det ikkje meir dyr på Frøyland enn 1 hest, 13 kyr og 15 sauer og geiter, mens matrikkelen 11 år seinare har 3 hestar og 30 kyr og her blir det ikkje nemnt småfe. Nå budde det tre-fire bønder på garden så tala frå 1657 virkar svært låge, me må stola meir på matrikkelen sine opplysningar. I forhold til tidlegare i hundreåret var det nå mindre hest og småfe på garden, mens kutalet ser ut til å ha gått opp. Held me oss til matrikkelen, var det 40% meir husdyr på garden nå enn omlag 1620. Men talet på familiar på garden var dobla.
Det neste hundreåret gjekk utviklinga andre vegen. Dyretalet steig med 20% fram til 1723 og haldt seg der i meir enn hundre år. Og det blei ikkje fleire folk på garden. Åkrane på garden blei mindre, så gjennom heile 1700-talet dominerte februket. Kvar av dei fire bøndene hadde nå 1 hest, mellom 5 og 10 kyr og nokre ganske få sauer. I matrikkelen frå 1723 er det gitt opp nesten 60 sauer på garden, men av skifta frå denne tida veit me at dei fire Frøylands-karane stort sett hadde mindre enn 10 sauer kvar.
I andre halvdel av 1800-talet steig dyretalet sterkt. Det var 40% meir husdyr på garden i 1875 enn det hadde vore i 1808, og særleg sterkt aukte sauehaldet. Frå 1802 til 1835 blei det nesten dobbelt så mykje sau på garden, og fram til 1875 blei talet meir enn dobla endå ein gong. Men på same tid blei garden sterkt oppdelt, og her blei mange helst små gardsbruk. Ein bonde på Frøyland hadde nå til vanleg 1 hest, bare 3 til 5 kyr, men ein saueflokk på 10- 15 dyr. I tillegg var her tre-fire husmenn med ei ku og nokre ganske få sauer.
Attåtnæringar
Kloss oppi garden ligg Frøylandsvatnet der det finst ein del aure. Dei gamle har nok visst å nytta dette, men det er bare ein gong det står noko om dette innlandsfisket. Det er ved skiftet etter Per Torsteinsen i 1812, då det blir nemnt at han hadde auregarn. Noka særleg betydning kan derfor dette fisket ikkje ha hatt.
Då var nok sjøfisket viktigare for dei gamle, også på innlandsgarden Frøyland. Det forstår me når det i dei fleste skifta på garden i eldre tid blir nemnt båtar og redskap til sjøfiske. Frøylandsbøndene hadde for det meste færing, bare eit par gonger blir det nemnt seksæring. Med desse båtane kom dei ikkje så svært langt, dei dreiv heimefiske. Dei fiska med garn, snøre og morteglip. Her blir også nemnt ei mortenot, så det er tydeleg at morten var viktig i matforsyninga. Tidleg på 1700-talet finn me at den eine bonden på Frøyland eigde ein fjerdepart i ein gammal båt. Dette har vel vore ein litt større båt som dei fire oppsittarane hadde i hop, dei var eit notlag. I fleire av skifta blir det nemnt naust, og eit par gonger, på slutten av 1700-talet, blir det lagt til om naustet: "staar ved stranden paa Hommersands Grund". Tidleg i vårt hundreår selde notlaget dette notahuset i Vågjen til ein bøkker som begynte med tønneverkstad der.
Elias Frøiland, som budde på Frøyland frå tidleg på 1900-talet, var på sildefiske ute ved Karmøy to vintrar. Det fyrste året gjorde han det så godt at han tjente kr 4 000. Året etter var utbyttet mindre, men han hadde likevel nok til å bygga ny løe for det han la seg opp på desse to vintrane. Løa som han fekk bygd i 1913, kom på kr 4 800. Til samanlikning kosta garden 6 000 kroner i 1907. Det fortel noko om kor mykje fisket betydde.[1]
Den viktigaste attåtnæringa for bøndene på Frøyland var likevel kvernbruka dei hadde nedetter Frøylandsbekken. Allerede omlag 1620 stod det ei kvern her, og dei to oppsittarane som då var på garden, eigde ein halvdel kvar i henne. I 1661 var her «Toe goede Quernestede», og i 1723 får me vita at det då var «4 Gaardsqverne» her. Av skiftematerialet går det fram at det på 1700-talet høyrde ei kvern til kvart av dei fire bruka på garden, og omlag 1800 var det aukt til to kvernar på eit par av gardsbruka. Landkommisjonen i 1661 seier om desse kvernane på Frøyland at dei var «til nogen fordeel», det vil seia at bøndene tjente pengar på dei. Me har her å gjera med meir enn vanlege gardskvernar. Ved Jordavgifta i 1802 blir det uttrykt sånn: Garden "har fordeelagtig Qværnebrug".
Borgarane i Stavanger hadde, heilt frå mellomalderen, hatt rett på å driva all handel og næringsvirksomhet i byen og distriktet rundt. Nå mol bøndene på Frøyland ikkje bare sitt eige korn, men dreiv kvernhusvirksomhet med maling for andre. Dermed kunne dei komma i konflikt med desse gamle byprivilegiane, og dei måtte møta opp på rådstova i Stavanger og få løyve til «å holde åpne kverner». I 1690 og 1703 blir det nemnt bønder frå Frøyland som er i Stavanger og må avlegga «kverned». Etter et blei dei «antagne møllere for byens innbyggere».[2] Nå var Frøylandskarane blitt eit viktig og nødvendig ledd i mjølforsyninga for byen. Heilt opp til slutten av forrige hundreår dreiv bøndene her ein vel organisert virksomhet nede med åna. Dei henta korn hos faste oppkjøparar i Stavanger, rodde eller segla dette heim i melderbåtane sine, mol det og frakta det ut igjen til mottakarane i byen.
På 1800-talet blei det fleire bønder på garden, og dei hadde alle kvart sitt kvernfall. Serinius Frøyland (fødd 1911) kunne frå guttedagane sine huska 10 kvernfall som dei på Frøyland hadde i bekken. I kyrkjebøkene og folketellingane frå 1800-talet blir fleire av Frøylandsbøndene omtalt som møllar eller kornmalar for eiga rekning. Og Alma Tokel skriv at morfaren, Henrik Eriksen Frøyland, var mesteparten av tida nede ved kverna. Garden kom i andre rekke.[3] Henrik omkom i desember 1893. Han skulle frakta heim korn frå Stavanger, men båten hans gjekk ned. I tillegg til kornsekker hadde han ni passasjerar med, så melderbåten hans må ha vore ganske stor. Ifylgje Torger Lauvås var melderbåtane åttæringar.
Elias Frøiland kjøpte gard her i 1907 for 6 000 kroner. Noko seinare selde han kvernfallet sitt til Harald Øglænd og fekk 2 000 for det. Det gir ein peikepinn på kor høgt dei verdsette kvernhusdrifta.[4]
Vasskrafta i Frøylandsbekken blei etter kvart også nytta til meir industriell virksomhet. I 1836 starta haugianaren John Haugvaldstad ei stampe her. For å gjera ulltøy tett og hindra at det skulle krympa, blei det vaska i varmt vatn. Vasskrafta dreiv nokre stempler som arbeidde med tøyet. Dette var også ein organisert virksomhet. Ein fekk vevd tøy frå Stavanger og fleire mann var i arbeid. Frøylandsbonden Per Thorsen var arbeidsledar, etterpå var sonen Thomas Persen «Vadmelsstamper», i tillegg til å driva gard.
Etter den sterke bruksdelinga på 1800-talet hadde nesten alle oppsittarane på Frøyland eit yrke i tillegg til gardsdrifta. Småbrukaren Tørres på Rudlå var sjømann, og sonen Peder var skipsførar. Gamle Ingebret Frøyland var tømmermann, det same var Gunnar Jakobsen, mens Sven Haga var skomakar. Spesielt for Frøyland er slaktarane som har budd her. Jakob Jakobsen på Auglend kallest for slaktar i 1875. Seinare var Sven Endresen slaktar og pølsemakar. Han reiste på arbeid i Stavanger, mens kona og barna dreiv garden. Sonen Serinius dreiv sidan med slakting på gardane i bygda.
Eigarane i leiglendingstida
Stormenn som eigarar i mellomalderen
Dei fyrste eigarane av garden høyrer me om i 1362. Det var brørne Øymund og Sigurd Ogmundssøner. Øymund var prest i Stavanger og ein av korsbrørne (kannikane) ved domkyrkja. Han blir nemnt i 1343 og 1351, men var død føre 1362. Broren Sigurd var sven hos den kjende Ogmund Finnsson frå Finnøy. Sigurd høyrer me om i 1358, 1362 og 1366. Eyvin Dahl meiner at faren til desse brørne var ein Ogmund Sigurdsson som er nemnt i Stavanger i 1305 og 1313. Han var bror til Ingemund Sigurdsson på Skjerveim i Vats, som var hirdmann og mykje med i styr og stell i byen. Dei var sannsynleg i slekt med presten Ingemund, ledaren for kannikane i striden mot bispen på den tida. Presten Ingemund stamma kanskje frå Vikedal, og han eigde i fleire gardar, blant anna Hammar i Høle.[5]
Øymund Ogmundsson hadde gitt ein part (1 pundsbol) i Frøyland til Gyrid Ingemundsdtr. Dette skjedde i Ingemundsgarden i Stavanger som Gyrid sikkert eigde. Etter at Øymund var død, kravde Sigurd dette jordegodset («j jord þeiri»), då han var nærare til å arva broren sin. Men Gyrid og dottera hennar, Sigrid, kunne føra vitnar på at Øymund hadde gitt dette til henne, så lagmannen let ho få ha det. A.W.Brøgger skriv at Gyrid mest sannsynleg var dotter til Ingemund Petersson som budde i Stavanger i 1318. Bygården Ingemundsgard heitte truleg etter han.[6] Ingemund Petersson var frå Sponheim i Ulvik i Hardanger. Han hadde ein bror til i Stavanger og ein bror på Byre i Fister.[7]
Den parten i Frøyland som Øymund gav til Gyrid Ingemundsdtr. var ikkje så stor del av garden. Det gjekk tre pundsbol på eit månadsmatsbol, og eit vanleg gardsbruk i Rogaland i mellomalderen var på 6 månadsmatsbol. På Frøyland var det tre-fire bønder på 1600- og 1700-talet, og nokonlunde likt var det vel i høgmellomalderen og. Heile garden var då kanskje rundt 25 månadsmatsbol den gongen. Brørne Øymund og Sigurd hadde vel eigd like stor del kvar i Frøyland («j jord þeiri»), men Øymund treng ikkje å ha gitt alt det han eigde her til Gyrid. Derfor kan dei to brørne i hop ha eigd ein større part i garden enn eit par pundsbol.
Den neste som me veit eigde i Frøyland var Sigrid Sigurdsdotter. Med samtykke av mannen sin, Jon Torlaksson, selde ho i 1405 det ho eigde i garden til Hallvard Torgilsson. Han gav 8 forngilde merker for dette, og etter vanleg pris på den tida kan det ha svart til 3-4 månadsmatsbol i høgmellomalderskyld.[8] Dei 3-4 månadsmatsbol var halvdelen av eit gjennomsnittleg gardsbruk. Sigrid Sigurdsdotter. var kanskje dotter til Sigurd Ogmundsson frå 1360-åra. Ellers hadde Gyrid Ingemundsdotter. også ei dotter som heitte Sigrid.
Ombudsmannen ved kyrkja i Randaberg, Bratt Bergulvsson, eigde 1/2 mannsverk i Frøyland. Denne parten fekk Hallvard Torgilsson også kjøpa i 1415. Namnet Bratt blei brukt i ei Stavanger-slekt på 1300-talet,[9] mens Bergulvnamnet meir peiker mot Agder. Ifylgje Asgaut Steinnes svarer 1 mannsverk på 1400-talet til omlag 1 1/2 pund korn landskyld i 1600-åra.[10] Landskylda av heile Frøyland var 3 pund korn på 1600-talet. Heile garden skulle då ha vore på 2 mannsverk på 1400-talet. Hallvard Torgilsson kjøpte altså (i 1405 og 1415) til saman bortimot halve Frøyland.
I seinmellomalderen høyrer me altså om fleire privatpersonar som eigde partar i Frøyland. Og ennå ved begynnelsen av 1400-talet var det ein privatmann som sat med ein vesentleg del av garden. Men så har det skjedd noko, for heile garden kom i geistleg eige. Ein av dei tidlegare eigarane var prest og medlem av domkapitelet i Stavanger. Og det var nettopp kapitelet som sidan stod som eigar av Frøyland. Garden er med blant kapitelsgodset ca. 1590 og ca. 1620, men det må ha vore før reformasjonen at dei geistlege fekk tak i garden. Me veit ikkje kva som kan ha hendt, men Hallvard Torgilsson sine etterkomarar blei verande på garden. Og dei var velståande også.
Ved reformasjonen tok kongen hånd om kapitelsgodset. Han delte det opp i passande porsjonar som han aller nådigst forlente, «benefiserte» til den protestantiske bispen og dei kannikane som gjekk over til den nye læra. Men det blei færre lutherske prestar i bispebyen enn det hadde vore i den katolske tida, og derfor forlente kongen ein del kannikgods bort til andre.[11]
Benefisert soknepresten
I begynnelsen av 1600-åra finn me det gamle kapitelsgodset i Riska delt mellom bispen (som sat med Li), soknepresten (han hadde Frøyland) og lektor ved katedralskulen (med ein part i Eltarvåg). Garden på Frøyland høyrde til sokneprestembetet i Stavanger til utpå 1800-talet. I manntalet frå 1701 kan me lesa: «Frøeland Som pro officio Allernaadigst er forundt Sougnepræsten i Stawanger».[12] Og i futen si kassabok frå 1714 står det: «følger Sogne Præsten i Stavanger og er Canickegotz».
Overgang til sjølveige
I 1830-åra begynte oppsittarane på garden å kjøpa bruka sine. To av gardbrukarane blei sjølveigarar då, det tredje gardsbruket var det ein bymann som kjøpte. Han heitte Just Mortensen og kona hans var herifrå. Kan henda tenkte han på å flytta her inn, men etter tre år selde han til gardbrukaren. Dermed var det tre sjølveigarar på garden. På den siste parten sat det ein leiglending ennå i tjue år til. Men i 1856 kjøpte sonen og svigersonen hans denne parten i lag, og sidan har alle oppsittarane på Frøyland sjølv eigd bruka sine.
Oppstykkinga av garden
Omlag 1520 budde her bare ein mann. I 1563 var her to oppsittarar, det same var det i 1591 og den fyrste tida av 1600-talet. Desse to partane ser ut til å ha vore like store. Det ser me både av at dei to betalte like mykje i årlege skattar utover i 1620- og 1630-åra, og dei to måtte også ut med det same i korntiende tidleg på 1 600-talet. Korntienden dei to betalte i dei fyrste åra av 1600-talet var like stor som den som gjekk av Frøyland i 1660-åra. Dei må så tidleg ha hatt like stort åkerareal som i 1660-åra, og dei to partane fyrst på 1600-talet må ha vore på 1 1/2 pund korn kvar. I 1630- og 1640-åra hadde den eine oppsittaren ein medbrukar på sin part av garden. Dei to betalte då ikkje meir skatt samanlagt enn han på den andre parten måtte ut med åleine. Men frå 1645 tok den unge medbrukaren over heile parten åleine, så her igjen bare var to mann på garden. Det kom til ein tredje part på garden rett før 1660. Etter det me får vita i 1668, må desse tre partane ha vore på 1 pund korn kvar. Ein gong mellom 1666 og 1668 blei så den eine av dei to gamle partane delt i to bruk på 1/2 pund korn kvar.
Det var då i 1668 fire partar på garden, to av dei var på 1 pund og to på 1/2 pund korn. I 1690 og 1701 budde her og fire mann på garden, men dei brukte ikkje all jorda, her låg 1 pund korn øyde i 1701 . Dei fire oppsittarane må då alle bare ha brukt 1/2 pund kvar.
Seinast frå 1723 var all jorda i bruk igjen. Fortsatt var her dei fire oppsittarane, men nå var her igjen to store partar på 1 pund korn kvar og to små som var 1/2 pund. Omlag 1750 blei bruka på Frøyland noko ombytte. Det starta i 1749 med at det eine av 1-pundsbruka blei ledig. Han på det eine 12-spannsbruket tok då over det ledige store bruket og dei to små bruka blei etterpå slegne saman. Dermed blei her tre partar som alle var på 1 pund korn.
Bare fem år seinare blei her på nytt forandring av bruka. Han som hadde gått frå det litle til det store bruket, makta visst ikkje å driva all jorda. I 1754 gav han frå seg halvdelen til ein ny oppsittar, og så var her igjen fire mann på garden, to som brukte 1 pund korn og to med 1/2 pund.
Dei fire partane blei alle stykka opp i fleire bruk i løpet av 1800-talet. Det eine 1 pundsbruket som Tore Rasmusen hadde i fyrste delen av 1800-talet, har i 1851-matrikkelen fått løpenr 66. Sonen og ein svigerson delte dette mellom seg i 1856, så dei etterpå brukte 12 spann kvar. Dei budde i kvar sin ende av det gamle gårdshuset. Sonen Per Thorsen sin part, løpenr 66a, blei ganske snart stykka meir opp. Ein gong føre 1861 fekk Ola Rolvsen eit lite bruk på bare 1 1/2 spann korn, løpenr 66c. Men alt i 1870 gjekk dette litle stykket inn i Per Thorsen sitt gardsbruk igjen. I 1863 blei eit anna lite stykke skilt frå Per Thorsen sin gard, det fekk løpenr 66d, og var på 3 spann. Sven Andreasen frå ein nabopart hadde dette småbruket fram til 1869, då gjekk det inn i garden han var ifrå (sjå seinare løpenr 71). Etter at desse to småstykka var skilde frå, hadde Per Thorsen igjen bare 7 1/2 spann. Men så blei, som nemnt, løpenr 66c lagt til bruket hans igjen i 1870, og då hadde han eit bruk på 9 spann. I 1935 fekk ein son på garden skilt frå ein del av utmarka oppe på Heiane som bureisingsbruk, bruksnr 60.
Den nemnde svigersonen i 1856 hadde og opphavleg eit bruk på 12 spann, løpenr 66b. I 1873 blei eit stykke på 1 spann seld til naboen på løpenr 72. Sidan er to småbruk skilde frå, Løbakken, bruksnr 22 i 1906 og Foren, bruksnr 25 i 1909. Det andre av dei to gamle 1-pundsbruka blei delt allerede i 1836. Då blei bruket på Voll med 10 spann korn skilt ifrå, løpenr 69. Restbruket på 14 spann blei så delt i to like partar i 1847, løpenr 67 og løpenr 68.
I tillegg til dei to store partane i garden, var det som nemnt to mindre partar på 12 spann korn kvar. Den eine av desse, løpenr 70, brukte Ivar Persen ved midten av 1800-talet. Ein gong før 1865 let han garden over til sonen, men tok av eit lite stykke på 1/2 spann nede på Rudlå som folgestykke, løpenr 70b. Dette har sidan vore eit småbruk for seg (bruksnr 13). I 1883 fekk også læraren Gustav Gran eit lite stykke nede i Frøylandsbakken, Skogen, bruksnr 15, og i 1902 fekk enka Bertha Guria Svensdtr. eit småbruk borte med Rudlå, Hagen, bruksnr 17. Sonen på garden fekk skilt frå det meste av utmarka i 1922 og slo seg til som bureisar i Teinebekkholå, bruksnr 40.
Den siste av dei fire gamle partane av Frøylandsgarden var også på 12 spann. Den brukte Andreas Samuelsen i fyrste delen av 1800-talet. Omlag 1840 eller kort tid etterpå blei denne parten delt i to bruk på 6 spann kvar. Andreas Samuelsen sat altså igjen med 6 spann, løpenr 71. Sonen hans, Sven Andreasen, hadde i 1863 fått seg eit småbruk på 3 spann, løpenr 66d, som var skilt ut av løpenr 66a (sjå framføre). Frå 1869 har desse to vore brukt under eitt, til saman altså 9 spann.
Den andre halvparten av det gamle 12-spannsbruket låg borte på Vodl - løpe- nr 72. I 1873 fekk oppsittaren her også kjøpa ein liten parsell på 1 spann som var skilt frå løpenr 66b (sjå framføre). Til saman blei då dette bruket på 7 spann.
Fotnoter
- ↑ Opplyst av Olav Utvik, som hadde det frå Henrikke, enka etter Elias.
- ↑ Sjå Samlinger til Stavangers historie, band 3, side 117 og 199.
- ↑ Nemnt i skriftet "My Erikson Heritage".
- ↑ Opplyst av Olav Utvik, som hadde det frå Henrikke, enka etter Elias.
- ↑ Sjå Eyvin Dahl, Ætt og Heim 1954, side 46-50 og 1955, side 114-118.
- ↑ Sjå A.W.Brøgger, Stavangers historie i middelaldren, side 194 og 264, note 29.
- ↑ Sjå Eyvin Dahl, Ætt og Heim 1954, side 55.
- ↑ Sjå Kåre Lunden, Korn og kaup, side 88 og 245.
- ↑ sjå Knut Helle, Stavanger : fra våg til by, side 151 og 174.
- ↑ Sjå Steinnes, Ætt og Heim 1969, side 52.
- ↑ Frå Andreas Holmsen, «Utarbeiding av gardshistorie», side 92-94.
- ↑ Frøeland i Manntallet 1701, nr. 4: Jæren og Dalane fogderi fra Digitalarkivet
Kjelder
- Teksten er henta frå boka Riska : Gardar og tettstad av Eivind Smith, utgitt av Sandnes kommune, 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Brøgger, A.W.: Stavangers historie i middelaldren. Utg. Dreyer. Stavanger. 1915. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Dahl, Eyvin: «Byre - Sandvin - Sponheim», del 1, side 35-55 i Ætt og heim : lokalhistorisk årbok for Rogaland, Stavanger, 1954. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Dahl, Eyvin: «Byre - Sandvin - Sponheim», del 2, side 109-118 i Ætt og heim : lokalhistorisk årbok for Rogaland, Stavanger, 1955. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Helle, Knut: Stavanger : fra våg til by. Utg. i hovedkommisjon hos Stabenfeldt. Stavanger. 1975. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Holmsen, Andreas: «Utarbeiding av gardshistorie», side 63-100 i Bygdesogekurset i Trondheim 28. juni - 3. juli 1948 : foredrag. Utg. Nord-Trøndelag historielag. S.l.. 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Lunden, Kåre: Korn og kaup : Studiar over prisar og jordbruk på Vestlandet i mellomalderen. Utg. Universitetsforlaget. Oslo etc.. 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Samlinger til Stavangers historie. 3 : Stavanger rettsprotokoller 1617-1722 i utdrag : etter A.E. Erichsens og Axel Kiellands manuskripter. Utg. Stavanger kommune. Stavanger. 1953. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Steinnes, Asgaut: «Hev "Tolga vore krungods"», side 49-53 i Ætt og heim : lokalhistorisk årbok for Rogaland, Stavanger, 1969. Digital versjon på Nettbiblioteket.