Maudland (Sandnes gnr. 99)
| Maudland | |
|---|---|
| Sted: | Riska |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 99 |
| Type: | Matrikkelgard |
Maudland er ein matrikkelgard i Sandnes kommune, tidlegare gardsnummer 35 i Hetland herred. Maudland ligg høgast av alle gardane i bygda, tunet ligg på 170 meter over havet. Også Skjørestad ligg høgt (150 meter over havet), men den garden ligg midt i bygda med andre gardar rundt seg. Maudland derimot ligg einbølt til blant fjella, langt oppe i ein dal aust for Frøylandsvatnet. Mot nord er det kort veg over fjellet ned til indre Hetland, og det er heller ikkje så langt over fjellet sørover til Sanddalen, ein tidlegare husmannsplass under garden Brathetland i Høle. Maudland skiftar mot vest med Frøyland si utmark, mot nord med Hetland, og mot sør og aust med Brathetland i Høle. Innføre Torsfjellet støytar alle dei fire gardane Hetland, Maudland, Brathetland og Store Auglend saman i eitt punkt.
Gardsnamnet
av Inge Særheim Uttalen av dette namnet i riskamålet er Møudlann /"møudlan/ og Møuglann /"møuglan/. Dei eldste skriftformene er frå først på 1600-talet: Moennlanndt i 1602-03, Motland i 1604, Madland i 1606 og Moudlandt i 1607-08.
Den vekslinga i uttalemåten ein finn i dette namnet, har parallell i namnet Sørnes/Saurnes frå Sola. I eldre solamål vert det uttala Søudnes av nokre, Søugnes av andre. Opphavleg har det her vore ein r-lyd, gammalnorsk *Saurnes. Det er truleg den bakre vokallyden framom som har trekt r-en bakover i munnen, til ein g. Utviklinga av ri til dl er i samsvar med lydutviklinga i rogalandsmålet.
Etterleddet i Maudland-namnet er ordet land n. som førekjem i meir enn 400 gamle gardsnamn i Rogaland. Kva føreleddet Maud- tyder, er meir uvisst. I Norske Gaardnavne vert føreleddet i gardsnamnet Mauland frå Time tolka til plantenemnet maure. Dette planteslaget er mykje nytta til farging, til framstilling av raudfarge. Det er mange arter av maurefamilien på Jæren. Ei slik tolking vil og kunna høva for namnet Maudland. Gammalnorsk *Mǫdru- skal kunna gje *Maur- og seinare Maud- framfor ordet land. Jamfør gammalnorsk vǫdull som har gjeve /'vaud,l/ i jærmålet, t.d. i namnet Vaulen.
Men også andre tolkingar kan koma på tale for namnet Maudland. Dyrenemnet maur m. kan ikkje utelukkast. Også tolking til eit ord *maur, i slekt med møyr, kan tenkjast. Namnet Mauranger frå Hardanger er tolka til dette ordet. Den opphavlege tydinga av denne ordrota skal vera «opprive», noko som kan høva om stein- og berglende. Maudland ligg høgt og har bergknattar kringom.
Matrikkelgarden
Landskyld/Matrikkelskyld
Maudland si landskyld kjenner me frå jordeboka i 1617. Den var då 1 vett korn eller 6 spann. Omlag 1658/59 vart skylda sett opp til 8 spann, og i 1665 til 1 1/2 vett eller 9 spann. Landskylda er ikkje endra seinare. I matrikkelen frå 1838 har garden fått skylda 2 dalar, 0 ort, 8 skilling, og i 1889 ei ny skyld av 2 mark og 94 øre.
Skatteklasse
I gardsklassesystemet på 1600-talet er Maudland øydegard. Det skulle då bare gå 1/4 del skatt av denne garden, samanlikna med ein fullgard.
Nummer i eldre og nyare matriklar
- 1668 No 54 i Gand skipreide
- 1838 Matrikkel no 2 i Gands tinglag
- 1851 Matrikkel no 15 i Hetlands tinglag
- 1889 Gardsno 35 i Hetland herred
- Nå Gardsnr 99 i Sandnes kommune.
Den eldste gardshistoria
Då folk begynte med jordbruk i forhistorisk tid, kunne dei ikkje nytta jorda så godt som ein seinare har lært seg. Dei måtte derfor ha eit stort område der dei hausta og sanka mat og for til seg og dyra. Innanfor dette store området sette dei namn på haugar, bakkar og teigar som dei brukte. Mange av desse teigane har namn samansett med -land. Dei fleste av dei er seinare skilde ut som eigne gardar som ligg rundt opphavsgarden. Frøyland var eigentleg ein teig av den gamle Riskagarden. Det kan Maudland og ha vore, eller så var det fyrst etter at Frøyland blei eigen gard dei tok i bruk området her oppe i fjellet og sette namn på det. Namnet Maudland kan altså vera gammalt, men det er ikkje garden. Det gjekk nok lenge før folk slo seg ned på ein så avsides plass. Men når det var mykje folk i bygda og jorda andre plasser var opptatt, blei det gardsdrift her oppe òg.
Maudland er med i listene over leidang på 1600-talet. Og då leidangen er noko som høyrer mellomalderen til, må det ha budd folk her den gong. Det var nok i høgmellomalderen dei fyrste folka kom og slo seg til her oppe. Kan henda var dei frå Frøyland eller Hetland. Der kan gardane etterkvart ha blitt så oppstykka at ein måtte sjå seg om etter noko anna.
I seinmellomalderen var det mykje mindre folk i bygda. Dei flytta frå Maudland og garden låg øyde til bortimot år 1600. Dersom garden blei fraflytta nokså snart etter Svartedauen i 1349, kan han altså ha lege folketom i nesten 250 år. Maudland var odelsgods, og den same familien eigde både Maudland og Hetland. Nå budde det folk på Hetland i denne tida, så det var sannsynlegvis dei som brukte jorda her oppe nå. Det var vel til beite for dyra og kan henda som slåtteland.
På slutten av 1500-talet flytta folk frå Hetland opp her igjen og garden blei rydda på nytt. I løpet av 1600-talet blei landskylda av Maudland sett opp fleire gonger. Det forteller om ein periode med sterk gjenrydding og oppbygging.
Gardsdrift
Åkerbruket
Maudlandsmannen betalte 1 spann i korntiende i 1604, mens det i 1634 og 1645 var kome opp i 3 1/2 spann. Det forteller om gjenrydding etter den lange øydetida.
Åkerjorda på Maudland blei i eldre tid rekna for middels. I matrikkelen frå 1668 er ho kalt for «Hielpelig Korn Jord», det vil seia at det går an. I matrikkelen frå 1723 heiter det at garden var «maadelig at vinde». For kvart kilo korn dei då sådde, kunne dei hausta 7 kilo, det er nokså nøyaktig gjennomsnittet for bygda. På 1700-talet minka korndyrkinga sterkt her oppe på denne fjellgarden. I 1723 sådde dei bare halvdelen av den kornmengden dei hadde sådd her i 1668, og i 1775 var avlinga endå mindre enn ho var i 1723. Det meste av det kornet dei dyrka her var havre, men i 1775 får me vita at dei også dyrka litte grann bygg. Det var fyrst i andre halvpart av 1800-talet at åkrane blei utvida.
Dei på Maudland ser ut til å ha vore seine med å begynna med poteter. Det var i alle fall ikkje så svært stor potetåker dei hadde i 1835. Men etter kvart aukte det på, og i 1875 sette Maudlandsmannen meir poteter enn nokon annan bonde i bygda.
Husdyrhaldet
I ei skildring av garden frå 1668 heiter det at her var «schiønn Eng och Mark» og «God Smallegang». På denne fjellgarden måtte fehaldet bli den viktigaste levevegen gjennom tidene.
Dei hadde omtrent like mange husdyr i 1668 og i 1723, men korndyrkinga hadde gått tilbake i 1723 og dermed den totale produksjonen på garden. Husdyrhaldet var det same, og nå var det nesten bare det dei levde av. Om husdyrhaldet dominerte i gardsdrifta, var her likevel ikkje grunnlag for så svært stor dyreflokk. Bonden hadde som regel bare ein hest. Talet på kyr varierte sterkt, det kunne vera heilt nede i 3-4, men også så mykje som 6-8 kyr, ja, heilt oppe i 10. I den eldste tida hadde dei for det meste 20 sauer, etter 1850 var det 30. Dei hadde store utslåtter her på Maudland i gammal tid. Det var Torsmyrå under Torsfjellet og myra bortmot Middagsknuten. Desse utslåttene var omlag 30 dekar. Til samanlikning utgjer det dyrka arealet 27 dekar i 1990-åra. (Opplyst av Olav Utvik).
Attåtnæringar
Maudlandsbonden hadde kvern nede i Kvitlånå. 1 1668 blir det nemnt «querensted», og i 1723 «1 beckeqvern». Kverna er også omtalt i to arve- skifte på 1700-talet. Her mol dei ikkje bare til eige bruk, men også ein del for andre. Tobias Maudland, som døydde i 1914, hadde ein del arbeid utanom gardsdrifta. I mange år vaksinerte han barna i bygda mot kopper. Dessutan var han manntalsførar. Og så stod han fram i kyrkja med kunngjeringar.
Eigarane i leiglendingstida
I 1617 eig Guttorm Torsen Hetland garden på Maudland. Seinare på 1600-talet er det oppsittaren, Reidar Larsen, som eig garden og i skiftet etter han får me vita at det var odelen hans. Han må vera son til den Lars som budde på garden før han. Lars døydde tidleg, ca 1617, og enka hans dreiv garden i fleire år til sonen blei vaksen. Når Guttorm Hetland blir ført med dette jordegodset, må me tru at det var på vegne av dei mindreårige barna til Lars Maudland. Då har Guttorm vore den næraste mannlege slektningen av far til desse barna, og det ligg nær å tenkja seg at Guttorm og Lars var brør.
Lars var sannsynlegvis den fyrste som busette seg på Maudland etter øydetida i seinmellomalderen. Før hans tid må dei på Hetland både ha eigd øydegarden Maudland og brukt jorda der. Hetlandsfolket sat som eigarar av mykje jordegods. Noko av dette finn me igjen hos Maudlandsfamilien som eigde partar i eit par gardar i Bjerkreim. Guttorm og Johannes på Hetland arva 1 pund korn kvar av faren sitt jordegods. Det same må Lars Maudland ha gjort. Sonen hans, Reidar Larsen Maudland, eigde i 1639 3 1/2 spann i Maudland og 4 1/2 spann i Bjerkreims-garden Fuglestad. Til saman blir det 8 spann, 1/3 av det faren må ha eigd. Resten har då syskena hans sete med. Etter kvart fekk Reidar løyst ut dei andre arvepartane i Maudlandsgarden. Og i alle fall frå 1658/59, er han eine-eigar av garden sin. I samband med dette bytte han jordegods med dei andre arvingane. Han eig sidan ikkje meir i Fuglestad, derimot har han fått seg ein eigarpart i nabogarden Nedrebø. Denne garden arva eller kjøpte han etter kvart meir i. I 1658/59 eigde han 11 spann i den garden. I 1665 var dette aukt til 11 spann og 7 1/2 merker, og i 1674 15 spann. Ved skiftet etter Reidar i 1676 får me vita at både Maudlandsgarden og dei 15 spanna i Nedrebø var odelsgods.
Etter at Reidar var død, er det sonen Lars Reidarsen Maudland som eig denne garden, mens døtrene fekk jordegodset i Bjerkreim. I 1689 selde Lars Maudlandsgarden til svogeren Kristoffer Kristoffersen som tok over som gardbruker her. Kristoffer hadde garden heilt til 1742. Så kjøpte Johannes Bjørnsen frå Eltarvåg garden, og han budde etterpå her til han døydde. Men allerede etter to år selde han garden, så seinare var han leiglending.
Det var Johannes Olsen Li som eigde Maudland frå 1744. Han døydde i 1746 og enka, Anna Rasmusdotter, gifta seg så med Ola Larsen Li. Anna døydde i 1781 og Ola i 1782. Etterpå eigde eine sonen, Ola Olsen Li, Maudlandsgarden, men han selde til onkelen, Jon Larsen Li, i 1785. Då Jon Li døydde i 1791 blei svigersonen, Samuel Jonsen Raustad, i Høyland eigar. Samuel Raustad selde garden i 1806 til Tore Kristoffersen frå Osaland i Høle. Syskenbarn til faren hans, Reidar Olsen, dreiv garden då. Men i 1812 tok Tore Kristoffersen sjølv over som gardbrukar.
Folket
Lars
Lars, død ca 1618. Det var sannsynlegvis Lars som rydda Maudlandsgarden på nytt etter øydetida. Han er nemnt her frå 1604 og til han døydde. Sidan får me vita at garden var odelen til sonen hans. I dei eldste odelsjordebøkene er det folk på Hetland som er førte som eigarar av garden, og dei har vel vore av same familie som dei på Maudland. Lars fall frå tidleg og kona hans sat igjen med umyndige barn. Sonen tok ikkje over garden før 1628/29. Det er nok som verge for dei umyndige barna at jordegodset i Maudland er ført på Guttorm Torsen Hetland. Han må då ha vore ein nær slektning av Lars, truleg broren.[1] Samanhengen er vel då at dei to eldre brørne Guttorm og Johannes har delt farsgarden på Hetland, mens den yngre broren Lars slo seg til som rydningsmann her oppe på Maudland. Faren deira var då den Tore som budde på Hetland i 1563. Lars var gift med Barbra. Etter at mannen var død, sat ho med garden frå 1619 til 1622, og så igjen i året 1628.
Barn:
- a. kanskje ei dotter, gift med Erik som dreiv garden nokre år
- b. Reidar, f. ca 1600, seinare bonde på Maudland
Erik
Erik dreiv garden i åra 1624 til 1628, og så igjen frå 1629. Frå 1630 hadde han odelsarvingen Reidar Larsen som medbrukar. Siste gong Erik er nemnt er i 1632. Det året han var vekke, 1628-29, kan han f.eks. ha vore ute i kongens tjeneste. Då kan han ha vore ein forholdsvis ung mann. Han var ikkje gift med enka etter Lars, for ho kallest ennå enka etter at han kom til gards. Då vil eg heller tru at han var gift med ei dotter på garden og at han var litt eldre enn Reidar. Derfor har han drive garden fram til Reidar blei vaksen. Erik «Modland» er nemnt i tingboka for 1626. Søren Arneson tok han med under Madland i Gjestal gards- og ættesoge, men der har han ikkje noko å gjera.[2]
Reidar Larsen
Reidar Larsen (1600—1675) var son til Lars Maudland. Alderen på Reidar er oppgitt svært forskjellig i manntala frå 1660-åra, men sidan han ikkje kom med i gardsdrifta før bortimot 1630, kan me med eit rundt tal setta fødselsåret hans til ca 1600. Fyrste gong han er nemnt er året 1628/29, då han og mora stod for drifta av garden. Så var han medbrukar i lag med Erik frå 1630, og i 1633 tok han over garden åleine. Han hadde garden fram til 1673.
Gift med Hallfrid Omundsdotter, død 1675, dotter til Omund Monsen Edland i Gjestal.[3]
Barn:
- a. Lars, f. ca 1635, tok over garden
- b. Marit, gift med Johannes, som dreiv Maudlandsgarden ei tid
- c. Jorunn, gift med 1) enkemann Mons Olsen Ravndal i Gjestal, 2) Jakob Torkellsen Ravndal.[4]
- d. Barbra, gift 1689 med Kristoffer Kristoffersen. Han kjøpte seinare garden av Lars Reidarsen
- e. Guri, f. ca 1650, d. 1710, ikkje gift.
Lars Reidarsen
Lars Reidarsen (1635—1696) var son til Reidar Larsen Maudland. Ved odelsskatten i 1664 var Lars Reidarsen brukar åleine, men i futemanntalet frå same året står han som medbrukar i lag med faren. Så høyrer me ikkje meir til han før han ved skiftet etter foreldra i 1676 får «Aasedet på Moudland». Han må altså ha vore ein annan stad i mellomtida. I 1689 selde han garden til svogeren Kristoffer, og Kristoffer skulle «der Imod forsiune hannem och hans Quinde med Leffniz ophold». Etter at kona hans døydde, gifta Lars seg på nytt og tok over eit gardsbruk på Frøyland som morbror til den nye kona hadde hatt. Men rett etter døydde han.
Gift med 1) Berit Knutsdtr., f. ca 1640, d. 1694, dotter til Knut Larsen Vika i Forsand.[5]
2) 1696 Marit Larsdtr., dotter til Lars Rasmusen Frøyland. Ho blei gift på nytt i 1701 med Kristoffer Hallvardsen frå Askje i Mosterøy. Lars hadde ikkje barn.
Johannes
Johannes er nemnt i eit militært manntal frå 1673. Johannes dreiv altså garden dei siste åra den gamle Reidar Larsen levde, mens sonen på garden, Lars, ikkje var heime. Då Lars kom tilbake igjen, måtte Johannes vika plass for han i 1676. Johannes var gift med Marit Reidarsdtr., dotter til Reidar Larsen Maudland.
Kristoffer Kristoffersen
Kristoffer Kristoffersen (1660—1745) kjøpte garden av svogeren Lars Reidarsen i 1689 og sat sidan med han like til 1742.
Gift med 1) 1689 Barbra Reidarsdotter, d. 1716, dotter til Reidar Larsen Maudland
2) 1716 Malena Hallvardsdotter (1682—1717), dotter til Hallvard Sigmundsen Litlaland i Sola.[6]
3) 1717 Ragnhild Håvardsdotter (1695—1756), dotter til Håvard Rasmusen Hammar i Høle. Ho budde sidan i Stavanger, i 1745 hadde ho hus i Østervåg, fattig.[7]
Det fyrste ekteskapet var barnlaust.
Barn i andre ekteskap:
- a. Barbra, fødd og død 1717
i tredje ekteskap:
- b. Kristoffer, f. 1718, d. 1718
- c. Malena, 1719—1720
- d. Kristina, f. 1721
- e. Håvard, f. 1725, budde i 1754 på Berge, ugift, var sjukeleg
- f. Kristoffer, f. 1727, d. 1727
- g. Kristoffer - ein Kristoffer Maudland eigde garden i tida 1747 til 1749, kan henda var det Kristoffer Kristoffersen som døydde i 1760, ca 30 år gammal.
Johannes Bjørnsen
Johannes Bjørnsen (1715—1766) var son til Bjørn Torbjørnsen Eltarvåg. Johannes overtok i 1742 garden på Maudland etter den gamle Kristoffer Kristoffersen. Til å begynna med eigde han garden sjølv, men i 1744 selde han til syskenbarnet sitt, Johannes Olsen Li. Sidan budde Johannes Bjørnsen her som leiglending så lenge han levde. Johannes var gift med Gunhild Eriksdotter (fødd 1720, død 1785), dotter til Erik Eriksen Riska. Etter at Johannes var død, blei ho sittande med garden til den eldste sonen overtok i 1772.
Barn:
- a. Bjørn, f. 1743, bonde på Maudland
- b. Karen, f. 1745
- c. Karen, f. 1747, d. 1803, ugift, «vanhelset, fattig» i 1764
- d. Erik, f. 1750, tok over garden etter broren
- e. Berta, f. 1752, gift med 1 i 1797 enkemann Odd Larsen Verket,
2) 1799 Ådne Ådnesen, budde på Grunnen under Hetland prestegard
- f. Inger, 1755—1828, ugift, den siste tida budde ho på Dale der broren Erik hadde fått seg gard
- g. Tore, f. 1757, d. 1768
- h. Gunhild, f. 1760, d. 1771
- i. Anna, f. 1764, d. 1836, ho døydde på Dale, «fattige» og blind. Ho var ikkje gift.
Bjørn Johannesen
Bjørn Johannesen, f. 1743. Son til Johannes Bjørnsen Maudland. Bjørn tok over garden etter mora i 1772, men flytta vekk etter bare 1-2 år. Sidan budde han som husmann i Sanddalen under Brathetland i Høle. Gift med 1) 1772 Marit Danielsdtr., f. 1750, dotter til Daniel Jakobsen Skruds-Eikeland i Høyland.[8] Bjørn blei gift to gonger til og fekk fleire barn, men det høyrer heime i ættesoga for Høle.
Erik Johannesen
Erik Johannesen (1750—1837) var son til Johannes Bjørnsen Maudland. Han overtok garden etter broren i 1774 og budde her til 1778. Så flytta han til Hana og budde nokre år, men i 1790 fekk han seg gard på Dale. Gift med 1) 1775 Anna Olsdtr. f. 1751, d. 1790, dotter til Ola Olsen og Guri Adnesdtr. Frøyland. Sjå meir om familien hans på Dale.
Arnfinn Torsen
Arnfinn Torsen (1749—1779) var son til Tore Torsen Hetland. Arnfinn overtok garden i 1778, men døydde i blodsott allerede året etter.
Gift 1778 med Dorte Knutsdotter (1754—1833), dotter til Knut Olsen Dale. Ho gifta seg så i 1780 med syskenbarnet sitt Tore Rasmusen Skjørestad. Dei fekk 110 riksdalar av Jon Knutsen Bjøreim for dei avstod garden på Maudland til han.[9]
Barn: Tore, 1779—1780.
Jon Knutsen
Jon Knutsen (1753—1813) var son til Knut Knutsen Øvre Bjøreim i Strand. Jon budde fyrst eit par år på Vasstveit i Strand. Så bygsla han Maudland i 1780, men budde bare ei kort tid her. Etterpå flytta han tilbake til Strand og hadde gard på Østerhus og Øvre Bjøreim. Gift 1788 med Anna Olsdtr., f. 1754, d. 1833, dotter til Ola Eriksen Nedre Fjelle i Strand. Dei hadde ni barn. Ei av døtrene blei fødd her, Marta, f. 1782.
Reidar Olsen
Reidar Olsen (1753—1822) var son til Ola Endresen Sporaland i Høyland.[10] Han kom til Maudland i 1781 og dreiv sidan garden som leiglending fram til 1811. Gift 1781 med Ingeborg Olsdtr., f. 1753, d. 1825, dotter til Ola Eilevsen som ei tid hadde gard på Frøyland. Dei hadde ikkje barn.
Tore Kristoffersen
Tore Kristoffersen (1776—1861) var son til Kristoffer Torsen Osaland i Høle. Tore kjøpte garden i 1806 for 280 dalar, men ennå var det den gamle Reidar Olsen som brukte Maudland. I 1812 tok han sjølv over drifta av garden som han dreiv som sjølveigar fram til 1847. Gift 1813 med Ingeborg Eriksdtr., f. 1778, d. 1869, dotter til Erik Eriksen Litle Auglend i Høle.
Barn:
- a. Erik, 1813—1886, «sinnslidande», ikkje gift
- b. Reidar, fødd og død 1817
- c. Ingeborg Maria, f. 1818, gift 1838 med Sivert Torkellsen, overtok garden
- d. Kristoffer, fødd og død 1820.
Sivert Torkellsen
Sivert Torkellsen (1814—1892) var son til Torkell Knutsen Tengesdal i Høle.[11] Sivert blir kalt «gaardbruger» på «Moudland» frå han gifta seg i 1838. Skjøte på garden fekk han av svigerfaren i 1847. I 1875 tok den eldste sonen hans over. Gift 1838 med Ingeborg Maria Torsdotter, f. 1818, d.1901, dotter til Tore Kristoffersen Maudland.
Barn:
- a. Ingeborg Kristina, f. 1839, gift 1861 med Jonas Olsen Hetland, bonde på Hetland
- b. Tobias, f. 1840, bonde på Maudland
- c. Tore, 1842—1859
- d. Marta, f. 1845, gift 1865 med Ola Olsen Øvre Fjelle i Strand
- e. Gunhild, f. 1848, gift med 1) 1871 Henrik Eriksen Frøyland, d. 1983, 2) 1896 enkemann Ivar Ivarsen Skjørestad, bonde på Frøyland
- f. Ingeborg Maria, f. 1851, gift 1875 med Karl Bjørnsen, hadde fyrst gard på Aspøy, seinare på Seldal i Høle
- g. Sven, f. 1854, i Montana, USA
- h. Kristoffer, f. 1857, d. 1890, sjømann i 1875, ugift
- i. Taletta, f. 1861, gift med Johan Severin Iversen, hadde farm ved Grinnell i lowa, USA (han var son til Ivar Endresen Skjørestad)
- j. Rakel Kristina, f. 1865, gift med Knut Henriksen, hadde farm ved Grinnell i lowa, USA (son til Henrik Jensen Haualand)
Tobias S. Maudland
Tobias S. Maudland (1840—1914) var son til Sivert Torkellsen Maudland. Tobias kom med i gardsdrifta frå han gifta seg (i 1872 var han «Gaardbruger»). I 1875 gav faren skjøte på garden til han. Så dreiv han garden fram til ein gong mellom 1902 og 1904 (i 1904 var han «folgemann»). I mange år vaksinerte Tobias barna i bygda mot kopper. Ellers var han manntalsførar, og han stod fram i kyrkja med kunngjeringar. Tobias var og med å starta søndagsskulen i Riska. Gift 1871 med Inger Olsdtr. (1834—1902), dotter til Ola Hallvardsen Hetland
Barn:
- a. Tea Maria, f. 1871, gift 1892 med Torger O. Vårli, tømmermann, bonde i Vårli, Store Auglend i Høle
- b. Kristina, 1874—1881
- c. Sanna Olava, f. 1879, gift 1901 med Nils N. Fløisvik, overtok garden på Maudland
Fotnoter
- ↑ Sml Hetland-3, Eivind Smith, side 132.
- ↑ Sml Arneson, Gards- og ættesoga for Gjestal, side 155, nr. 5.
- ↑ Sjå Arneson, Gards- og ættesoga for Gjestal, side 44, nr. 13.
- ↑ Sjå Arneson, Gards- og ættesoga for Gjestal, side 195, nr. 14 og side 196, nr. 25.
- ↑ Sjå Engen, Forsandboka band 1, del 1 side 457 f og del 2 side 863 f.
- ↑ Sjå Refheim, Gard og ætt i Sola, side 258, bruk 1b, huslyd 5.
- ↑ Sjå Samlinger til Stavangers historie IV, side 375.
- ↑ Sjå Aurenes, Høyland gards- og ættesoge, side 263, nr. 20 og side 363, nr. 14.
- ↑ (sjå Rog. Hist. 1931, s 50).
- ↑ Sjå Aurenes, Høyland gards- og ættesoge, side 377, nr. 10.
- ↑ Sjå Bergsåker, Høle gjennom hundreåra, side 74.
Kjelder
- Teksten er henta frå boka Riska : Gardar og tettstad av Eivind Smith, utgitt av Sandnes kommune, 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Arneson, Søren. Gards- og ættesoga for Gjestal. Utg. I kommisjon hjå Ingvald Dahle. Sandnes. 1939. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Aurenes, Ola. Høyland gards- og ættesoge gjennom 400 år : 1500-1900. Utg. Høyland kommune. S.l.. 1954. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bergsåker, Jon. Høle gjennom hundreåra. Utg. (Ingvald Dahle). Sandnes. 1964. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Engen, Sigleif. Forsandboka : Gards- og ættesoge. Utg. Kommunen. Forsand. 1981.
- Band 1, del 1. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 1, del 2. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Samlinger til Stavangers historie 4 : Rettsprotokoller for Stavanger 1723 og Stavangermanntall 1604-1807 : avskrifter. Utg. Stavanger kommune. Stavanger. 1971. Digital versjon på Nettbiblioteket.