Hommarsåk (Sandnes gnr. 101)

Hommarsåk er ein matrikkelgard (gnr. 101) i Sandnes kommune. Garden låg tidlegare i Hetland kommune, der han var gnr. 37.

Garden

Midt i bygda, på begge sidene av Vågen, ligg det som var den gamle Hommersåkgarden. Det gamle gardstunet ligg eit stykke opp av Vågen, oppe på bakken oppfor

Krossen, 20 meter over havet. Innmarka strekker seg eit stykke sørover, til begynnelsen av Frøylandsbakken, og også austover frå tunet opp til dei tidlegare

udyrka områda oppe på Heia, der garden grenser mot Hetland. Utmarka ligg aust for Vågen, på berget nord for tunet, og strekker seg inn mot Hetlandsvatnet.

Nede med sjøen ligg dei tidlegare husmannsplassene Vågen og Breivik, med Ullsnes i mellom. Hommersåk skiftar i vest med Riska, i sør Frøyland, i aust Hetland og i nord Lauvås.

GARDSNAMNET av Inge Særheim

Dette namnet heiter Hommarsåg /"homarså:g/ i nedarva riskamål. Av folk utanfor bygda får namnet gjerne trykk på sisteleddet: /homar'så:g/. Nokre byfolk seier

/homar'san/ . Dei eldste skriftformene til dette namnet finn ein i Norske Regnskaber og Jordebøger frå 1520-åra. Der er det skrive Hommersoch og Hamersog. Frå 1560-åra finn ein skrivemåtar med a i etterleddet: Hammersanngh. Noka sikker tolking er ikkje gjeven for dette namnet. I Norske Gaardnavne føre

slår Oluf Rygh og Magnus Olsen at føreleddet kan vera ordet hummar m. Det kan opphavleg vera brukt som namn på den holmen som ligg ute i vågen som går inn

til Hommarsåk. Etterleddet tolkar dei som ordet -ang, som førekjem i mange norske våg- og fjordnamn, t.d. Stavanger, Tananger og Jøssang. Namnet skulle etter

dette ha forma *Humarsangr i gammalnorsk, med tyding 'vågen ved holmen Hummaren'. Noka betre forklaring på denne namnegåta er ikkje gjeven. Men tolkinga i Norske Gaardnavne er langt frå sikker. Både føre- og etterleddet i Hommarsåk-n&mnoX kan ha eit anna opphav enn det som er føreslått der. Som etterledd kan både ordet åker m. og våg m. høva. Føreleddet kan gjerne ha språkleg samband med ordet hammar m., brukt om bergknattar, eller homul med tyding 'stein'.

MATRIKKELGARDEN

Landskyld/Matrikkelskyld

Landskylda av Hommarsåkgarden er kjent frå 1567. Den var då 1 1/2 pund korn eller 36 spann og er ikkje endra sidan. Matrikkelen av 1838 sette garden til 8 dalar,

0 ort, 2 skilling. I 1889 fekk alle gardsbruka og småbruka ei samla skyld på 13 mark og 86 øre.

Skatteklasse

Hommarsåk var halvgard i gardsklassesystemet på 1600-talet. Det gjekk altså bare halv skatt av denne garden, samanlikna med ein fullgard.

Nummer i eldre og nyare matriklar

1668 No 33 i Gand skipreide

1838 Matrikkel no 5 i Gands tinglag

1851 Matrikkel no 17 i Hetlands tinglag

1889 Gardsno 37 i Hetland herred

Nå Gardsnr 101 i Sandnes kommune.

DEN ELDSTE GARDSHISTORIA

Truleg var Hommarsåk eigentleg namnet på Vågen. Dei eldre og større gardane lenger oppe, Hetland og Frøyland, hadde vel hamneplassen sin her. I vikingtida

blei det rydda gard på bakkane opp av Vågen, og namnet dei brukte om området gjekk nå over til å bli namn på garden. Sidan i mellomalderen blei biskopen i Stavanger eigar av Hommersåk, bøndene her måtte etter det betala landskyld (leige) til han for å bruka garden. På den tida må det og ha budd folk her.

Hommersåk ser ut til å ha vore folkesett gjennom nedgangstida i seinmellomalderen. Tidleg på 1500-talet budde det folk her, då låg nesten annankvar gard i bygda

øyde. Dei få som då var igjen i bygda, kunne nesten velga og vraka blant gardane når dei skulle busetta seg. Hommersåk var ein av dei minste gardane i bygda det

budde folk på omlag 1520. Men garden ligg svært lagleg til, og dei gode hamneforholda kan og ha tald med. Me må tru at folk flytta mykje i denne tida. Så snart

ein større og gjevare gard blei ledig, kan folk ha flytta der til frå ein mindre, meir avsides gard. Når me seinare finn at bonden på Hommersåk eigde Lauvåsgarden,

kan det tyda på at familien hans i si tid kom derfrå. Lauvås låg øyde i denne tida, og Hommersåk-folka brukte området. Det kan me lesa om i tingboka frå 1658. På

Lauvås hadde skogen vakse opp og dei på Hommersåk henta ved der. (Sjå Tingbøker fra Jæren og Dalane, bind VI, s 180 og 192-193).

GARDSDRIFT

Åkerbruket

I eldre tid blei åkerjorda på Hommersåk rekna for god. "Er schøn thill Kom" heiter det i ein fyrstebygselstakst frå 1633. Og i matrikkelen frå 1668 står det: "Enn schiøen beleiglig Siøe Jord till Koren Eng och Mark, Ret God". I 1723 kunne bonden på garden hausta 7.3 kilo havre for kvart kilo han sådde. På landsbasis er det eit

svært godt resultat, men det er likevel bare litt over gjennomsnittet for Riskakverva. Ifylgje opplysningane i tiende-listene hadde bonden på Hommersåk kornavlingar

omtrent som gjennomsnittet i bygda i fyrste halvpart av 1600-talet. Men så skjedde ei stor omlegging av drifta. I 1645 leigde borgarmeister Bent Svendsen frå

Stavanger garden på Hommersåk. Han var ein stor forretningsmann og hadde mykje kapital å setta inn i gardsdrifta. Nå sørgde han for at det blei dyrka mykje

nytt åkerland og allerede i 1668 kunne dei så 12 tønner korn her. I løpet av tjue år var Hommersåk blitt ein av dei store korngardane i bygda. Dei to drengene som

tok seg av gardsdrifta for borgarmeisteren kunne ikkje klara arbeidet med desse åkrane åleine, så ein må ha leigd sesonghjelp for å få gjort alt arbeidet i vinnene.

På slutten av 1600-talet blei det slutt på denne spesielle gardsdrifta. Då flytta det ein bondefamilie inn på garden igjen, og i tillegg fekk ein husmann slå seg til nede

i Vågen. Dei makta ikkje å halda vedlike så mykje åkerjord som før, og i 1723 sådde gardbrukaren 5 1/2 tønne og husmannen tre kvart tønne korn. Til saman

dreiv dei altså bare halvdelen av den jorda som hadde vore kornåker i 1668. Men sidan her bare var éin bonde på garden hadde han likevel mykje større åkerareal

enn ein gjennomsnittsbonde i bygda den gong. Avlinga var i 1723 40 tønner hos bonden og 3-4 tønner hos husmannen. Og tala var nesten like i slutten av hundreåret. I 1775 sådde bonden vel 5 tønner og hausta 38, mens husmannen sådde 1 og hausta 4. Bonden sitt kornoverskot blei i 1782 vurdert til 6 tønner, av dette skulle han selja 2 tønner korn til dei trengande.

Som ellers i bygda skjedde det forandringar på 1800-talet. I 1835 sådde dei 11-12 tønner korn. Det var altså fyrst nå at all åkerjorda dei hadde brukt i 1668 var i drift

igjen. Og nydyrkinga fortsette. I 1865 sådde dei 17 1/2 tønne korn, i 1875 var det omlag 22 tønner - nesten dobling på førti år. På same tid blei garden stykka opp,

her blei fleire bønder og husmenn og husmennene gjekk etter kvart over til småbrukarar. Dei var snare til å begynna med poteter på Hommersåk. Allerede i 1802 hausta dei 10 tønner av denne nye maten, og så tidleg høyrer me ikkje om potetdyrking på andre gardar i bygda.

Husdyrhaldet

I andre halvdel av 1600-talet brukte borgarmeister Bent Svendsen garden på Hommersåk. Då blei garden driven for å ha eit overskot som kunne selgast. Dei

haldt to til tre gonger så mykje husdyr som det ein vanleg bonde i Riska hadde. Besetningen hans var på 1 til 3 hestar, mellom 12 og 24 kyr og oppimot 20 sauer

og geiter. Etter hans tid gjekk det to hundre år før det igjen var så mykje dyr på Hommersåk. På 1700-talet blei gardsdrifta lagt om til eit vanleg familiejordbruk. Husdyr-talet var nå bare halvdelen av det det hadde vore i Bent Svendsen si tid, men likevel var buskapen fortsatt blant dei aller største i bygda. Bonden her hadde til vanleg 2 hestar, 10 kyr og rundt om 20 sauer. Kring 1800 hadde både ku- og sauetalet stege med 50%, og nå var det ingen andre bønder i bygda som hadde så mykje husdyr som han på Hommersåk. Det blei ikkje lenger satsa så mykje på åkerbruket som på 1600-talet, husdyrbruket dominerte gardsdrifta. I tillegg til bonden oppe på Hommersåk var det også eit par husmenn under garden. Dei "føder intet", heiter det i 1723. Men seinare på 1700-talet hadde både husmannen i Vågen og han i Breivika "Creaturer" utan at me får vita kor mange det var. I løpet av 1800-talet blei garden delt og det kom også til fleire husmannsplasser.

Det samla husdyrtalet blei dobla i denne tida, men det var stor forskjell mellom jordbrukarane. Her var to store gardsbruk med besetningar på 1 hest, 10 kyr og 30

sauer kvar, men også fleire småbrukarar og husmenn med bare 3-4 kyr og 10 sauer på kvar. Me legg særleg merke til at husmannen i Breivika hadde hest og det var

det ikkje andre husmenn i bygda som hadde. Fordi her var så mange små bruk og plasser tok sauehaldet seg kraftig opp. I 1875 var det fem gonger så mykje sau i alt

på garden som det hadde vore fyrst på hundretalet. Den sterke auken i sauetalet kom omlag 1850.

ATTÅTNÆRINGAR

Hommersåk er "Enn schiønn beleiglig Siøe Jord" står det i matrikkelen frå 1668. På denne sjøgarden har fisket alltid spelt ei stor rolle. I 1668 blir det nemnt ein

"Makrelvog" som høyrde til garden, og langs den lange sjølinja er det fleire vikar og vågar der dei kasta med not. Ved ei skylddeling i 1847 blir det nemnt desse

"Fiskevaage": Breivika, Vågen, Kvednavika, Hestvika og Sjølvik. I 1856 omtalest "Den Holme der ligger paa østre Kant af Bredevigen og Nodekastet", og ute

på Ullsnes heiter det Nodaberget på ein plass beint imot Hommersåkholmen. Dette fisket med landnøter og kast frå land må ha gitt eit bra utbytte og vore av

betydning. I 1664 blei det sjau fordi tre fremmede hadde kasta not her. (Sjå Saml. Stav. hist. 111, s 131). Då garden blei seld i 1698, blei "fiske Vaagerne" haldne

unna, dei ville seljaren ha ei stund til. I 1723 let bonden ein handelsmann i byen få "bruge hans fiske Vaager, mod lands lods betalning effter Sædvane". Og i 1847

selde Jon Olsen på Hommersåk det meste av garden sin, han sat bare igjen med "de saakaldte Fiskevaage". Her fiska dei makrell i fylgje 1668-matrikkelen, og av skifta går det fram at dei også fiska mort og sild. Fridtjof Skjørestad nemner i samlingane sine at Hommersåkvågen var kjent som ein god brislingvåg.

I tillegg til nøtene hadde dei også forskjellige garn og snøre, etter det som blir opplyst i skifta frå Hommersåk. Så dei fiska også rundt omkring i fjordane. Dei hadde

mange båtar her på garden. Både færing, seksæring og åttæring blir nemde i eit skifte frå 1716. Åttæringen var den store notbåten, skriv Georg Vaagen ("Våre røt

ter", s 244). I 1741 eigde bonden på Hommersåk halvdelen i ein notbåt. Det kan vera den same båten me les om i eit skifte på Riska i 1750, der ein bonde hadde ein

halvpart i ein åttæring. Dei to kan ha vore eit notlag. Han på Hommersåk hadde også ein vengebåt i 1741. Det var ein stor båt med overbygning bak, så dei kunne

reisa lenger vekk på fiske. Og i 1784 blir det nemnt at dei her på garden hadde tenæring, ein båt med ti årer. Dessutan hadde Hommersåkbonden halvdelen i eit

lite hus på Skudenes, står det i eit skifte frå 1784. Dette huset eigde han i lag med Jens Tjensvoll. Erling Skjørestad nemner at det var vanleg før at dei her frå bygda

var med på "vårsildfiske, både ved Karmøy - Kvitsøy og nordover til Kinn. Fiskebåten var åpen båt med årer og seil, og vanlig med 4-5 mann i hvert båtlag. 4-5 slike båtlag gikk sammen om å leie et større fartøy der de hadde sine soveplasser og sitt matstell. Dette større fartøy, "lossement", fulgte så de båter det "tilhørte",

etter som disse fulgte silden". ("Minner fra Riska", s 57). Og i Fridtjof Skjørestad sine samlingar kan me lesa at folk i forrige hundreår reiste frå Riskabygda i åpen

båt like til Kvitsøy og fiska mort med glip. Andreas Monsen, som hadde gard på Hommersåk i andre delen av 1800-talet, står som noteigar og -brukar i folketellinga frå 1875. Ifylgje sonesonen Lars Hommersand, arbeidde han i fleire år som notbas for forretningsmannen Køhler i Hillevåg.

Frå Frøyland og ned til Vågen er det 60 meter høydeforskjell. Frøylandsbekken gav god drivkraft til fleire kvernar nedover, både på Frøyland og på Hommersåk. Ved

jordavgifta i 1802 heiter det om Hommersåk: "Gaarden har., godt Quernebrug". Allerede ved fyrstebygselstaksten i 1633 blei det gode kvernbruket trekt fram.

Matrikkelen frå året 1723 seier at her var fire kvernar som var så store at dei var "af nogen betydelighed". Ved eit skifte i 1716 får me vita at det var fem kvernar

i alt på garden. Og i eit anna skifte frå 1741 kan me lesa at det var to kvernar ved dammen og tre med vegen, av dei var det ei lita. På denne tida var det bare ein

mann på garden. Det er altså her snakk om ei kvernhusvirksomhet som er mykje større enn det han trong til eige bruk. Matrikkelen i 1668 kaller det: "querensted

till profit". Dette måtte det betalast skatt av, og i 1723 blei kvernane takserte til 5 ort i året. Kven var det dei mol for på desse kvernane? Dei andre bøndene i bygda hadde små gardskvernar sjølv, eller dei hadde frå gammalt rett til å ha kvern i ein bekk på nabogarden, så dei var det ikkje. Det må ha vore for utanbygds folk, og det må ha vore eit omfattande arbeid som gav fortjeneste. I tillegg varde det lenge, frå me høyrer om det på 1600-talet til ut på 1800-talet. Då må det ha vore for folk i

Stavanger.

Omlag 1650 leigde borgarmeister Bent Svendsen garden på Hommersåk. I tillegg til dei offentlege pliktene sine i byen, dreiv han også ein stor forretningsvirksomhet der. Det var leigefolk som tok seg av garden på Hommersåk, og ein av dei var i 1667 på rådstova i Stavanger og blei registrert som møllar for innbyggarane i

byen. Dei neste brukarane av garden måtte også gjennom dei same formalitetane. (Sjå Saml. Stav. hist. 111, s 142, 1 17 og 363). Heilt til for hundre år sidan dreiv bøndene her ein vel organisert virksomhet. Dei henta korn hos faste kontaktmenn i byen, frakta det heim og mol det, og førte det ut til Stavanger igjen. Skal me gissa

på at forretningsmannen Bent Svendsen var den som fekk dette i gong? I 1875 kjøpte ein annan stor forretningsmann i Stavanger, Christian Becker Svendsen, opp fallrettane langs bekken, både av bøndene på Hommersåk og dei på Frøyland. Han bygde eit stort, industrielt møllebruk nede i Vågen. Med det gjekk Hommersåk og heile bygda inn i ei ny tid.

EIGARANE I LEIGLENDINGSTIDA

I mellomalderen var det biskopen i Stavanger som eigde garden på Hommersåk. I 1567 og ennå eit stykke ut på 1600-talet blir garden ført under "Stigtens" gods,

men etter reformasjonen låg alt det gamle geistlege jordegodset under kongen. Kongen selde i 1661 mykje av jordegodset sitt til den danske adelsmannen Ove de

Gjedde, som var eigar av Hommersåk i 1668. Svigersonen hans, skattmeister Holger Vind, selde så garden til Jens Kristensen i Stavanger. I 1672 får me vita at

han "for nogen tid" sidan har "tilforhandlet" seg garden.

Eigar og leiglending mot einannan

Jens Kristensen ville sjølv bruka garden og han prøvde å få leiglendingen vekk. Men nå var det ikkje nokon kven som helst som hadde leigd garden. Brukar var

borgarmeister Bent Svendsen i Stavanger som hadde drenger til å driva garden for seg. Det kom til sak mellom dei i 1672. Jens Kristensen kunne då visa til at han

hadde måtte flytta frå Finnasand på Mosterøy i 1669, og etter dei gamle reglane skulle han då kunne ta i bruk den garden han eigde, sjølv om den fram til då hadde

vore leigd vekk til andre. Bent Svendsen stod nok svakast av dei to i denne saka. Men han var stri og viste til at han i si tid hadde leigd garden for levetida for seg

og kona. På grunn av "Adschelige betenchninger" blei saka utsatt. I mellomtida døydde Bent Svendsen. Då denne saka kom opp igjen året etter, blei det avgjort at

enka skulle gi opp bruksretten. Men allerede same året selde Jens Kristensen garden til Morten Seehuusen. Han var rådmann i Stavanger og opptatt der. Bent

Svendsen si enka kunne dermed fortsetja med å driva garden.

I 1698 selde Elisabeth Seehuusen, enka etter Morten, garden på Hommersåk til Gjertrud Kristensdtr. og hennar arvingar. Sonen hennar, Kristen Torsteinsen, flytta

hertil og tok over garden. Seinare har brukarane vore sjølveigarar.

OPPSTYKKING AV GARDEN

Hommersåkgarden var einbølt like frå han fyrste gong er nemnt i 1519 og heilt til dei to brørne, Mons og Jon, delte farsgarden i 1819. Kvar av dei fekk då halve garden, det er 18 spann korn kvar. Mons sin part, løpenr 63, sidan kalt Andreasgarden, var like til etter siste verdskrig stort sett den same. Her har vore eit folgestykke nede på Bygnå, der ein stefar som blei folgemann i ung alder fekk bygga seg hus tidleg i 1850-åra. Det har aldri vore nokon skylddeling for dette stykket, og etter at folgemannen døydde i 1901, har stykket hans gått inn i gardsbruket igjen.

To husmenn som høyrde under denne parten fekk kjøpa plassene sine i andre del av 1800-talet.- Stykket i Heia blei såleis skilt frå i 1864 (bruksnr 3). Husmannen i

Vågen var gift med dottera på garden. Han fekk kjøpa plassen sin allerede i 1854. I 1881 fekk Hans Ivarsen frå Haualand leiga eit stykke av det nye bruket i Vågen.

Dette stykket blei skylddelt i 1887, og har fått bruksnr 6.


Den halvparten av garden (18 spann) som Jon fekk i 1819, dreiv han i fleire år. Han blei etter kvart stormannsgalen og fekk namnet Kjeisaren, garden har sidan

heitt Kjeisargarden. Til slutt blei han gjort umyndig og garden seld i 1847. Men det blei fyrst tatt av eit lite stykke på 1 spann til Jon - "de saakaldte Fiskevaage",

som fekk løpenr 64. Etter at han døydde i 1871, har det gått inn i garden igjen. Den eigentlege garden på 17 spann korn fekk løpenr 65. Eigarane i tida etterpå var skiprar og handelsfolk i Stavanger. Dei budde lite her, men dreiv garden med tjenarar og leigefolk. I 1878 blei det starta stor mølleverksemd i Vågen. Eigarane skilde

møllebruket frå i 1883, behaldt det og selde gardsbruket (som nå bare hadde halve skylda igjen). Under denne parten høyrde det også to husmannsplasser. Allerede i 1856 blei Breivika seld (sjå meir nedføre). Og i 1885 fekk husmannen i Heia kjøpa plassen sin, dette gardsbruket har namnet "Nygård" (bruksnr 10). I Heia hadde

Kjeisargarden etter det bare igjen ein mindre teig. Den var skilt frå resten av garden av Andreasgarden som låg imellom. I 1908 blei denne parsellen seld. Den har

fått namnet "Øvregård" og bruksnr 20.

Kommunen kjøpte Kjeisargarden i 1908. Dei utvida kyrkjegarden og tok av eit stykke til skulen og skulegard. Dessutan blei det skilt frå eit stykke til lærarbustad,

Klokkarjordå (bruksnr 21). Resten av garden selde kommunen igjen i 1909 til Ola Haueland og Ola Persen Haugstad. Året etter, i 1910, selde dei det dei eigde borte

i Øykhagen. Det var læraren som tykte han hadde for lite jord og som ville ha dette i tillegg til det kommunen heldt han med. Frå 1926 har dette vore eit gardsbruk

for seg (bruksnr 24). Frå Ola Persen Haugstad sin del av garden fekk sonen skilja frå eit stykke oppe på Tjødnamyrå i 1934. Her blei det drive gard i nokre år framover (bruksnr 114).


Som nemnt blei Breivika skilt frå Kjeisargarden i 1856. Den fyrste eigaren var mest interessert i fiske, så husmannen som budde her kunne fortsetja å bruka jorda.

I 1857 blei det likevel avtalt kor mykje av jorda den nye eigaren kunne bruka og kva husmannen skulle behalda. Husmannen døydde i 1889 og familien hans flytte

vekk i 1900. Etter det har gardbrukaren i Breivik kunne bruka all jorda der.

Frå dette gardsbruket i Breivik er det skilt ut tre stykke eller småbruk: Bruksnr 12 i 1899 til Peder Lunde (skyld 6 øre). Bruksnr 15 i 1904 til Godtfred Fuglestad

(skyld 22 øre). Bruksnr 71 i 1913 til Tor Bjerga (skyld 50 øre).

HUSMANNSPLASSER

Det budde husmann i Vågen allerede i 1688. Denne husmannsplassen er dermed den nesteldste i bygda. Bare plassen i Vier (under Eltarvåg) er eldre. Gardbrukaren

på Hommersåk kunne ha god bruk for ein vaksen arbeidsmann til å hjelpa med den omfattande mølledrifta som var blitt bygt opp. I 1660-åra var det borgarmeister

Bent Svendsen i Stavanger som leigde garden på Hommersåk. Han hadde to drenger til å ta seg av gardsdrifta, den eine av dei var også møller. Etter at borgar-

meisteren var død, budde dei neste gardsbrukarane her på garden. Nå hadde ein ikkje bruk for så mange drenger, men istaden har altså ein husmann fått slå seg til.

Den fyrste husmannen me kjenner var ein yngre bror til den eine drengen i 1660-åra. Husmannsplassen i Vågen låg innangjerds. Etter delinga av

Hommersåkgarden i to bruk i 1819, høyrde denne husmannsplassen under Andreasgarden.

Han som hadde husmannsplassen omlag 1850, gifta seg med dottera på garden. I 1854 fekk kan kjøpa plassen. Sidan har Vågen vore eit sjølvstendig gardsbruk. I

1860-åra blei det oppretta ein ny husmannsplass under dette gardsbruket (Gonelhagjen, sjå seinare). Og i 1870-åra blei det skilt ut eit lite småbruk frå

gardsbruket i Vågen.

Ca 1700 blei det også ein husmannsplass på Ullsnes. Det kan ha vore kvernhusarbeidet som kravde ein mann til. Men sidan han budde så langt ute, kan det og vera at han skulle hjelpa til med fisket i Vågen og Breivika. Her budde folk ennå i 1711, men så er plassen blitt fraflytta.

Ca 1770 blei det rydda ein ny husmannsplass i Breivika. Den fyrste husmannen fekk premie for nydyrking av det nystifta Stavanger Amts Landhusholdningsselskap. Denne plassen låg og i innmarka. Då garden på Hommersåk blei delt i to bruk i 1819, kom plassen i Breivika til å ligga under Kjeisargarden. Utover 1800-talet blei garden stykka opp endå meir, og i 1856 blei endå til Breivika skilt ut som eige gardsbruk.

Gardbrukar mot husmann

Den nye gardbrukaren i Breivika bygde seg hus og løe attmed dei husa som husmannen hadde. Sjølv om han som hadde kjøpt dette stykket var mest interessert i

fiske, og det nok var derfor han hadde kjøpt denne eigedomen, så blei det likevel ein underleg situasjon. Husmannen hadde jo i festeseddelen sin fått rett til å bruka

jorda i Breivika så lenge han og kona levde. Og det var greitt så lenge eigaren av jorda, gardbrukaren, budde borte på Hommersåk og hadde nok jord der han kunne

bruka sjølv. Men nå skulle ein ny eigar og gardbrukar bu her i Breivika, og han hadde ikkje jord andre plasser. I 1857 blei det "indgaaet Forlig" mellom gardbrukaren og husmannen. Dei erklærte at festeseddelen som husmannen hadde fått i 1828, fortsatt skulle "være i fuld Kraft". Men husmannen avstod to jordstykke, til

gjengjeld skulle så eigaren "yde ham Føderaad - naar (han) ikke længer kan bruge Pladsen". I fleire år hadde ein så to som dreiv jordbruk her i Breivika. Eine sonen

til husmannen overtok i 1887 husa på plassen etter foreldra sine. Han hadde ikkje festeseddel sjølv, men dreiv jorda på plassen for dei gamle foreldra, og etter at

faren var død, i mora sitt namn. Gardbrukaren i Breivika fekk kjøpa han ut, og i 1900 flytta husmannsfolka vekk.

I Heia, heilt opp mot skiftet med nabogarden Hetland, blei det rydda ein husmannsplass i 1809. Embetsmennene kaller stykket for "Nygård". Heia høyrer til

innmarka av Hommersåkgarden. Då garden blei delt i to i 1819, kom denne husmannsplassen til å ligga under begge dei to nye gardsbruka. I 1885 kjøpte ein av

sønene på plassen dette stykket. Det fortsette så som eige gardsbruk.

I 1832 fekk svigersonen til husmannen i Heia feste frå Mons Hommersand på "et Stykke indengjerds Mark af min Bøe i Gaarden Hommersand". Med det blei det to

husmannsplasser attmed einannan i Heia. Dei låg under kvart sitt av dei to gardsbruka som Hommersåkgarden var delt i då. Denne nye plassen i Heia har også

namnet "Nygård" i protokollane til embetsmennene. I 1864 kjøpte ein kar frå Høle denne plassen av bonden på Andreasgarden. Han dreiv etterpå dette stykket som

sjølvstendig gardsbruk, mens husmannsenka budde som folgekone i eit hus for seg sjølv (nemnt i folketellinga for 1865).

I den nordvestre hellinga nedføre Hommersåkfjellet fekk ein husmann leiga eit jordstykke i 1839. Her blei det rydda ein husmannsplass som kallest Leite i 1839.

Då ein ny husmann tok over den same plassen i 1848 er namnet "Obb Sletten". Denne husmannsplassen låg under "Kjeisaren" sin part av Hommersåkgarden. Og

i festeseddelen frå 1848 skriv han: "Bemeldte Huusmandsplads er beliggende paa min hjemmebø eller indengjerdes". Eit stykke ut i 1850-åra må her ennå ha budd

folk, men så er plassen blitt fraflytta og nedlagt omlag 1860.

Ca 1865 blei det ein ny husmannsplass mellom Vågen og Breivika. Ifylgje folketellinga for 1875 låg denne nye plassen under løpenr 63a, det vil seia gardsbruket i Vågen - det som sjølv hadde vore husmannsplass fram til 1854. Den same folketellinga kaller plassen for "Breivik", og den siste husmannen her døydde i

Breivika ifylgje kyrkjeboka. I folketellinga for 1865 har plassen namnet "Haien", det vil seia Hagen. Og eldre folk kaller stykket for Gonelhagen. Det er etter

Gunhild, kona til den siste husmannen. Etter at husmannen døydde i 1890 høyrer me ikkje om folk her meir, og plassen må ha blitt nedlagt.

TETTBEBYGGELSE

Den gode hamna i Vågen gjorde at mykje av ferdsla til og frå Stavanger, frå både Riska og dei næraste nabobygdene, gjekk over Hommersåk. I 1875 blei det starta

moderne mølledrift nede i Vågen, med Frøylandsbekken som drivkraft. Kyrkja for det nye Riskakverva sokn blei bygt på Hommersåk i 1877, og i 1909 fekk ein skule og lærarbolig attmed. Nede i Vågen var det losji for reisande, og to-tre landhandlarar. Tidleg på 1900-talet kom det postkontor der også. Alt dette har vore med og gjort Hommersåk til senteret for bygda. Frå forrige århundreskifte har det aukt på med boligbygging her. Til å begynna med var det nede i Vågen dei fastbuande slo seg til, men etter at det eine gardsbruket på Hommersåk blei stykka opp i 1909, greip boligbygginga om seg lenger oppe og. Jordbruket har etter kvart fått

mindre og mindre plass. Den nye tettstaden dominerer frå 1920- og 1930-åra mest heile det tidlegare gardsområdet. Etter krigen er det bare nokre få område i utkantane der ein fortsatt driv jordbruk på den gamle Hommersåkgarden sitt område. (Sml. det som er skrive om tettstaden Hommersåk).

FOLKET

BRUKARANE FØR GARDEN BLEI DELT

Omund

Han brukte garden tidleg på 1500-talet. I 1519 blei han ilagt 6 mark i botsskatt, det vil seia så mykje som seks kyr kosta. Omund betalte ikkje noko med pengar, men greidde nesten halvdelen med sylvsaker. Til resten av beløpet måtte han ut med ymse varer, mellom anna to "sengeklæde". Då dei to år seinare skulle ut med tiendeparten av alt dei eigde i skatt, blei Omund ilagt 2 mark og 4 skilling. Det han eigde var alt så blitt taksert til 22 mark og 8 skilling, som var verdien av 22 kyr og 3 sauer. Den ilikna skatten betalte han året etterpå, igjen var det mykje sylv han måtte ut med. Han må altså ha hatt ganske mykje sylvting. Det har vel vore sylvskeier og kanskje sylvknappar i bunadstrøyer. I tillegg måtte han ut med 2 huder, og det var meir enn skatten han var blitt ilagt.


Lars

Han er nemnt her i 1563, men då må han nettopp vera kommen til gards for han var brukar ennå i 1606. Bumerket hans er henta frå Sigleif Engen si samling av bumerke frå Rogaland. Der er det sett eit spørsmålsteikn ved forbokstaven i farsnamnet. Ellers liknar merket hans på det bumerket som Hallvard Bergesen på Randaberg nytta i 1591 (sjå Randaberg gard og ætt bind 1, s 244 og s 282, huslyd 4). Lars var med på Høle skipreide ting i 1591 og valde utsendingar til konge-hyllinga som skulle vera i Oslo. Som lagrettemann var han i 1597 med og dømde i ein nabotvist på Riskagarden. Den domsavgjerda blei inn stemnd for Herredagen i Bergen i 1599, men klagaren kom ikkje nokon veg med det. Dei siste åra tok Lars sonen sin, Torkell, inn på garden som medbrukar. Dei er nemnde som brukarar begge to både i 1603 og i 1606.


Torkell Larsen, død 1644/45. Son til Lars på Hommersåk. Torkell høyrer me om fyrste gong i 1599. Då det spissa seg til i saka mellom lensmannen Asbjørn på Ims og villstyringen Rasmus Taraldsen på Haualand, blei "Guttorm Hedtlandt och Tørckildt Hammersang" sende med eit skriv til biskopen i Stavanger. Som brukar av garden på Hommersåk er han nemnt frå lagrettemann i 1616. Sidan var han jamnt med i styr og stell på bygdetinget. Ellers var han ein av dei få i bygda som hadde fått utlevert gevær (det står i lensrekneskapen for 1617). Gift med Herborg Olsdtr. I tingboka for 1654 kan me lesa at ho var syster til Jon Olsen Åsland i Time. Jon døydde barnlaus og Torkell Hommarsåk hadde i 1609 fått lagmannen til å setta opp ei liste over det odels-, kjøpe- og pantegodset Jon hadde sete med og korleis det skulle skiftast mellom enka etter Jon Åsland og Herborg. Det kan altså ikkje ha vore fleire sysken. Me får vita at Jon og Herborg hadde odel i Åsland. I tillegg hadde Jon kjøpt og fått i pant meir jordegods i garden, så han til slutt sat som eigar av halve Åsland. Enka hans levde heilt til ca 1652 og sat som brukar av Jon sin part i garden så lenge. Fyrst etter at ho var død, reiste Herborg sine etterkommarar odelssak mot enka sine arvingar. Og Herborg sin soneson vann saka om bruksrett, sidan han var odelsarving. I denne saka blei det lagt fram dei papira Jon hadde på dei forskjellige eigarpartane sine i garden. Dei fleste var kjøpe- og pantebrev, og dei forteller oss derfor ikkje noko om forfedrene hans. I Time g.o.æ. s 242 ff er ein Ola Omundsen sett opp som far til Jon og Herborg, men Jon kjøpte jordegods av han så det var nok ikkje faren. Derimot blei det også lagt fram "Jt gammelt velfor seiglet Pergamendtbreff' der det stod at Ola Navarsen i 1563 fekk tingsvitner på at han hadde kjøpt ein part i Åsland. Dette må ha vore faren til Jon og Herborg, eller ville ikkje dette gamle brevet ha noka meining i odelssaka i 1654. (Sjå Tingbok no 18, Jæren og Dalane, fol 167 a- 169 b og Stavanger Lagdømme, Tingbok no 2, fol 87 a-88 a).

Torkell og Herborg sine barn:

a. Ola, han fann seg kone på Dale og hadde fyrst eit underbruk der (Dale-4), sidan flytta han inn til Lauvås og dreiv garden der. I den nemnde rettssaka om bruksretten til Åsland, blir det opplyst at Ola var eldste son.

b. Rasmus, han hadde garden på Lauvås etter broren Ola g.m. Marit

c . Lars, f. ca 1621, bonde på Hommersåk etter faren 1603 av. Dei fyrste åra var han medbrukar saman med faren, men seinast frå 1610 brukte han heile garden åleine. Kan henda hadde han garden så lenge han levde. I alle fall var han brukar ennå i 1644, og i 1645/46 blir han omtalt som død.

d. Randi, g.m. Helge Johannesen Hetland

e. Karen, f. ca 1609 - "fød paa Hummersand" skreiv presten i kyrkjeboka då ho blei gravlagd, gift med 1) Ola Tørresen Søre Hogstad (d.1651/52), 2) 1652/53 Nils Olsen Søre Hogstad

f. dotter, g.m. Anders Johannesen Stora Hetland i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 189, nr 4)

g. Åse, g.m. 1) enkemann Ingebret Helgesen Stokka i Høyland (d. 1669), 2) enkemann Per Ellingsen Stokka (sjå Høyland gard og ætt s 392, nr 14 og nr 18)

h. dotter, g.m. Rasmus Hallvardsen Eikeland i Time.


Lars Torkellsen, f. ca 1621, d. 1677. Son til Torkell Larsen Hommersåk. Lars tok over garden i 1645 og han budde her ennå i 1646/47. Men ikkje lenge etter reiste han herfrå. Allerede i 1645 hadde han gitt eit opplatelsesbrev til ein annan, sånn at denne nye karen kunne bygsla garden (sjå Saml. Stavanger historie, bind 111, s 152). Lars fekk seg sidan gard på Haga i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 165, nr 20). Den tid han budde her var han ung og ugift. Familie fekk Lars seg fyrst då han kom til Haga.


5. Bent Svendsen, død 1672.

Han var fyrst fut over Jæren og Dalane, seinare var han rådmann og borgarmeister i Stavanger. I byen dreiv han handel og var ein av dei rikaste mennene der. Han hadde ein bygård på Skagen og også fleire andre eigedommar i Stavanger og i distriktet (sjå Hans Eyvind Næss, Ætt og Heim 1981, s 133). Bent Svendsen hadde tidlegare bygsla ein part i Haga i Sola, den hadde han fram til ca 1650 (sjå Sola g.o.æ. s 108). I 1645 blei det sett opp eit skriv der han som brukte Hommersåk, Lars Torkellsen, sa ifrå seg garden. Dermed kunne Bent Svendsen få bygsla denne garden, men truleg betalte han godt for at han andre skulle flytta vekk. Brukarskifte

gjekk likevel ikkje for seg med ein gong. Lars sat sikkert med garden ut den vanlege tre-års perioden som leiglendingane fekk leiga gardane. Så det var vel frå omlag 1650 at Bent Svendsen hadde garden, og han brukte han sidan så lenge han levde. Nå hadde Bent Svendsen nok å gjera i Stavanger, så han sette leigefolk til å ta seg av gardsdrifta. I manntala frå 1660-åra ser me at han hadde to drenger, den eine av dei var også "møller for Byen sine innbyggere" (sml Saml. Stavanger historie bind 111, s 142). Den rike forretningsmannen hadde store ressursar å ta av og han dreiv garden godt fram. Han hadde mykje meir husdyr enn dei forrige brukarane, men særleg vekt la han på åkerbruket. Det blei rydda mykje ny jord og kornproduksjonen på garden var langt større i hans tid enn det hadde vore før. Mest sannsynleg var det også han som organiserte kvernhusdrifta i Frøylandsbekken. Det blei henta korn hos oppkjøparar i byen, ein mol det så på dei mange kvernane oppetter bekken og frakta det ut til byen igjen. Sidan dreiv bøndene på Hommersåk og Frøyland denne "melder" -virksomheten mest opp til våre dagar. Bent Svendsen var gift med Mette Kristensdtr. Trane, dotter til kjøpmannen Kristen Kristensen Trane (d.y.). Etter at borgarmeisteren var død, budde ho her på garden. Ho blir nemnt her i 1673 og 1679.


Me veit ikkje kven som hadde garden i dei neste tjue åra, tida frå 1679 til 1701. Men det kan ha vore forretningsfolk i Stavanger som fortsatte med å bruka garden. I alle fall var det dei som nå eigde garden. Kongen hadde seld garden i 1660-åra, og på slutten av hundreåret var det Morten Seehusen som var eigar. Han var den største forretningsmannen i byen på den tida, og etter at garden blei seld i 1698 skulle Seehusen-familien fortsatt få bruka "fiske Vaagerne" som høyrde til Hommersåk.


Kristen Torsteinsen, f. 1656, d. 1737. Me veit ikkje kven som var faren hans, men Kristen var fødd i Mandals len. Mora heitte Gjertrud Kristensdtr., og ho kjøpte garden på Hommersåk i 1698 av enka til Morten Seehusen. Gjertrud levde heilt til 1719 og det blei halde "Ligprædiken" då ho blei gravlagd, så ho må ha høyrt til det øvre sosiale laget i samfunnet. Kan henda var ho syster til den Jens Kristensen i Stavanger som hadde eigd denne garden ei kort stund i 1672. Eller ho var kan

skje blant Kristen Trane sine etterkommarar, sånn som kona til Bent Svendsen.

Vår Kristen hadde gifta seg med ei enka på Myklabost i Høyland og fekk gard der med henne (sjå Høyland gard og ætt, s 297, nr 16). Han budde på Myklabost ennå i 1694. Så kom han til Hommersåk og me finn han nemnt her fyrste gong i 1701. Mora ikkje bare overlot drifta av garden til han, i 1706 får me vita at han også eigde garden sin. Utanom garden haldt Kristen også fram med kvernhusdrifta i bekken. I 1703 var han blitt antaken som møllar for innbyggarane i Stavanger (sjå Saml. Stav. hist. bind 111, s 117). Då Kristen gifta seg for andre gong i 1717, fekk han gard på Hetland. Garden her på Hommersåk overlot han då til dottera frå fyrste ekteskap og mannen hennar, men han haldt i fyrste omgang unna husmannsplassen nede i Vågen. Jorda der ville Kristen fortsatt bruka (sml seinare blant husmennene). Nå blei ikkje Kristen så lenge på Hetland. Han bytta gard med ein slektning av den nye kona si og flytta til Haga i Høyland i staden (sjå Høyland g.o.æ. s 165, nr 27). Som gammal kom han tilbake til Hetland der han døydde. Ved skiftet etter den fyrste kona i 1716 får me vita at dei hadde fem sylvskeier, og det var ikkje så vanleg i bygda den gong. Dei hadde også nokre tinnfat og eit par lysestakar av messing. G.m. 1) ca 1688 enka Karen Johannesdtr., d. 1716, dotter til Johannes Rasmusen Stangaland i Høyland (sjå Høyland gard og ætt, s 381, nr 10). Hennar fyrste mann var Trond Larsen Myklabost i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 297, nr 10). To døtre til Trond og Karen voks opp hos Kristen på Hommersåk. Den eine døydde ung, den andre, Karen, blei i 1705 gift med Bjørn Torbjørnsen Eltarvåg. Gift med 2) 1717 enka Berit Tjerandsdtr., dotter til Tjerand Rasmusen Høle. Ho var enka etter Anen Hoskuldsen Hetland.

Barn, i fyrste ekteskap:

a. Gjertrud, f. 1690, gift med 1710 enkemann Ola Knutsen, som tok over garden

b. Johannes, f. 1694, død før 1716


i andre ekteskap:

c. Karen, f. 1717, g.m. 1739 enkemann Per Knutsen Jåttå i Hetland

d. Ingeborg, f. 1724, d. 1724

e. Kristen, f. 1729.

Kristen fekk dessutan ein son med Helga Torkellsdtr.:


Ola Knutsen, f. ca 1687, d. 1757. Son til Knut Olsen Øvre Austrått i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s 87, nr 37). Ola hadde fyrst gard på Li der han budde til ca. 1717. Då svigerfaren gifta seg på nytt og flytta opp til Hetland, overtok Ola garden på Hommersåk i 1717. Skjøte på garden fekk han i 1724. Sidan brukte Ola garden her så lenge han levde. I 1717 hadde han også vore i byen og avlagd eid som møller (sjå Saml. Stav. hist. bind 111, s 363). Då kona hans døydde i 1741 og det blei halde skifte, får me ein glytt inn i eit velstandsbu. Her var eit par sylvskåler, fem sylvskeier, ein bordring av sylv, dessutan sølje, 23 maljar, kjede og nål, alt av sylv. Ellers var her mykje tinnsaker, stakar, fat, tallerknar og krus. Ho hadde også eit silketørklede. Og så blir det nemnt Meidelbys huspostill. Når garden blei rekna med, kom verdiane i buet opp i godt over 300 dalar. Gift med 1) 1709 Kari Rasmusdtr., f. 1688, d. 1710, dotter til Rasmus Gunnarsen Li, 2) 1710 Gjertrud Kristensdtr., f. 1690, d. 1741, dotter til Kristen Torsteinsen Hommersåk, 3) 1744(?) enka Ingeborg Rasmusdtr., f. 1712, d. 1763, dotter til Rasmus Tolleivsen Jåttå i Hetland. Ho hadde tidlegare vore gift med Sven Nilsen Jåttå.

Barn, i andre ekteskap:

a. Knut, f. 1711, bonde fyrst på Nordre Hogstad, sidan på Dale gift med 1) 1731 Anna Arnesdtr. Nordre Hogstad (d. 1744), 2) 1745 Berta Torsdtr. Skjørestad

b. Kristen, f. 1712, d. 1717

c. Johannes, f. 1714, bonde på Li gift med 1739 Anna Rasmusdtr. Li

d. Kornelius, f. 1716, d. 1732

e. Kari, f. 1718, ho er ikkje nemnt i 1741 ved skiftet etter mora

f. Kristen, f. 1719, er heller ikkje nemnt i 1741

g. Ola, f. 1721, bonde på Horve i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 85), gift med Berit Torsteinsdtr. Osaland

h. Dorte, f. 1722, ikkje nemnt i 1741

i. Kristen, f. 1723, hadde fyrst gard på Gramstad, så Folkvår og Kjedeland, alle i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 158, nr 11, s 135, nr 33 og s 230, nr 12), til slutt på Kleppe i Klepp, gift med 1745 Gunhild Svensdtr. Riska.

j. Rasmus, f. 1725, d. 1725

k. Rasmus, f. 1726, d. 1726

l. Rasmus, f. 1727, d. 1729

m. Karen, f. 1729, gift med 1754 Torstein Torsen Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 56)

o. Kornelius, f. 1735, overtok farsgarden

i tredje ekteskap:

p. Rasmus, f. 1744, han budde fyrst på Meling på Åmøy, i 1801 på Kuholmen i Stavanger (sjå Saml. Stav. hist. bind IV, s 468), gift med 1) 1766 enka Anna Isaksdtr. Meling, 2) 1787 Kari Knutsdtr.

q. Gjertrud, f. 1746, gift med 1) 1776 Daniel Danielsen Eskeland i Høle, 2) Gitle Taraldsen, som fyrst budde på Eskeland, sidan på Horve i Høle

r. Johannes, f. 1749, d. 1773, ikkje gift

s. Sven, f. 1752, budde på Meling på Åmøy gift med 1) 1779 Vibekke Danielsdtr. Søre Lunde (d. 1814), 2) 1816 enka Marta Henriksdtr. Meling.


Kornelius Olsen, f. 1735, d. 1783. Son til Ola Knutsen Hommersåk. Kornelius tok over garden då faren døydde i 1757, skjøte fekk han året etter. I 1768 fekk han kjøpa odelsretten til garden av den eldste broren sin son, Ola Knutsen Dale. Garden brukte Kornelius så lenge han levde. Han og kona døydde omlag på same tid, og det blei halde skifte etter begge på ein gong. I buet nemnest det fleire gullting, både ringar og knappar og forgylte beger og glass. Dei hadde 16 sylvskeier, snusdåse med sylvbeslag og fleire skospennar av sylv. Her var så mykje som 24 tinntallerknar og fleire store tinnfat. Ellers var her to husandaktsbøker, ei av Luther og ei av Miiller. Gift med 1758 Siri Olsdtr., f. 1735, d. 1784, dotter til Ola Rasmusen Li.

Barn:

a. Gjertrud, f. 1762, gift med 1782 Daniel Larsen Brimse i Rennesøy (sjå Rennesøy g.o.æ. s 72, nr 6)

b. Ola, f. 1765, d. 1766

c. Ola, f. 1767, d. 1767

d. Ola, f. 1769, bonde på Hommersåk etterpå

e. Jon, f. 1772, d. 1785, han var dreng. I skiftet etter han nemnest fleire av dei kostbare tinga som foreldra hadde hatt. Ellers hadde han eit kråskap med lås og nøklar til. Og så hadde han fleire kristne bøker: Miillers huspostill, ein "Cathecismus paa Sang", ei bok som heitte "Troens Kamp og Sejer" og ei ny kyrkjesalmebok.


Rasmus Jonsen, f. ca 1748, d. 1827. Rasmus budde her på Hommersåk i 1784. Sannsynlegvis brukte han garden etter at Kornelius var død (1783) og til kona sitt syskenbarn, Ola Korneliusen, gifta seg og tok over farsgarden (1785). Seinare finn me Rasmus på Dale. Gift med 1783 Anna Knutsdtr., f. 1746, d. 1795, dotter til Knut Olsen Dale frå Hommersåk. I 1764 hadde ho tjent på Hommersåk hos farbroren Kornelius Olsen.

Barn:

a. Jon, f. 1784, d. 1784

b. Jon, f. 1785

c. Berta Malena, f. 1792


Ola Korneliusen, f. 1769, d. 1846. Son til Kornelius Olsen Hommersåk. Ola tok rimelegvis over farsgarden det året han gifta seg, i 1785. Han fekk skjøte på garden frå dei andre arvingane i 1786. Sidan hadde han garden til 1819. Då delte han garden mellom dei to sønene sine. Gift med 1785 Inger Monsdtr., f. 1764, d. 1823,

dotter til Mons Kjelsen Lauvås.

Barn:

a. Kornelius, f. 1787, d. 1805

b. Jon, f. 1789, d. 1789

c. Siri, f. 1790, d. 1790

d. Serina Kristina, f. 1791, gift med 1813 Per Mikalsen, husmann i Vågen

e. Guri, f. 1794, gift med 1815 Lars Larsen Meling på Åmøy

f. Mons, f. 1797, bonde på den eine halvdelen av farsgarden, gift med 1) 1821 Anna Torgersdtr. Forsand (d. 1825), 2) 1827 enka Ane Ådnesdtr. Selvik

g. Jon, f. 1799, hadde den andre halvparten av garden gift med 1819 Ingeborg Olsdtr. Håvarstein

h. Johannes, f. 1801, d. 1803

i. Inger, f. 1803, d. 1803

j. Inger Olena, f. 1804, gift med Asgaut Asgautsen Nordbø.

HUSMENNENE

1 Vågen

Sjur Larsen, f. 1662. Son til Lars Johannesen Frøyland. Dette er den fyrste husmannen me veit om på Hommersåkgarden. Ein eldre bror av han hadde vore dreng hos Bent Svendsen i 1660-åra. Kva tid Sjur blei husmann i Vågen veit me ikkje, men han blir nemnt i 1688 då den fyrste kyrkjeboka tar til. Kan henda hadde han budd her ei stund då allerede. Så lenge finn me ikkje Sjur nede i Vågen, for alt året etter er her nye folk. Gift med Åse Salmundsdtr., ho var kanskje dotter til Salmund Øvre Oltedal i Gjestal (sjå Gjestal g.o.æ. s 185, nr 15). Ei enka, Åse Salmundsdtr., blei i 1696 gift med Sven Ivarsen Hillevåg. Dei hadde ein son, Sjur, f. 1697. Eg vil tru at me her har å gjera med den same Åse, då må Sjur i Vågen ha døydd tidleg.

Barn:

a. Lars, f. 1688, han var dreng i Uskjo i 1706 og då heiter han Lars Sjursen Frøyland. Kanskje var det fordi faren døydde tidleg og Lars kan ha vakse opp hos faren sine slektningar på Frøyland.


Hans Jakobsen. Han hadde vore soldat under kaptein Ågård. Så budde han som husmann i Vågen i 1689 og 1690. I 1694 budde han ennå i Riskakverva, sannsynlegvis var han fortsatt i Vågen. Det døydde ein "Husmand fra Riskekverven" i 1695 og det kan ha vore Hans. Gift med Maren Larsdtr. Som fadrar på sonen i 1689, finn me folk frå Frøyland.

Barn:

a. Jakob, f. 1689

b. barn, f. 1694, d. 1694.


Rasmus Larsen, f. ca 1660, d. 1738. Ifylgje skiftet etter Rasmus i 1738 var han fødd utanfor ekteskap. Mora var Karen Rasmusdtr. frå Lauvås som seinare blei gift med Lars Rasmusen Frøyland. Faren var ein ukjent Lars, ikkje han som mora seinare gifta seg med, for Rasmus var halvbror til dei barna Karen fekk i ekteskapet. Rasmus sin morfar var Rasmus Torkellsen som kom frå Hommersåk. Rasmus budde som husmann i Vågen nokre år omkring 1700. Han er nemnt her i 1700, 1701 og 1706. Nå hadde han ein fosterson frå 1695/96 og må ha kunne forsørga han, kanskje budde han på denne plassen frå den tida. Frå 1707 bygsla han eit stykke i marka til Hetland prestegard, Spillerhaug. I Rogaland Historielag si årbok for 1918 har R. A. Haaland eit langt stykke om Spillerhaug (frå s 23). Vidare blir Rasmus Larsen nemnt i Sevald Simonsen sine artiklar om Hetlandsmarkens historie i Ætt og Heim (1972 s 59, 1973 s 65, 1975 s 52). Gift med 1) 1700 Jorunn Torkellsdtr., d. 1729, dotter til Torkell Vikeså i Bjerkreim, 2) 1729 Jorunn Svalesdtr., ho levde ennå i 1738, dotter til Svale Holmen i Bjerkreim. Rasmus hadde ein fosterson:

a. Torger Hallvardsen Vikeså, f. 1695 i Bjerkreim. I 1706 var han Rasmus sin fosterson: "som han har opføed siden han var ½ aar".


Arne Torkellsen, f. 1677, d. 1731. Son til Torkell Larsen Nordre Hogstad. Dei fyrste par åra etter han gifta seg budde Arne og kona hos foreldra hans på Hogstad

(nemnt der ennå i 1706). Så hadde han denne plassen nede i Vågen ei kort stund, her var han i 1708. Arne sin farbror var den Sjur Larsen som hadde budd her tidlegare. Då mora døydde i 1709, gav faren frå seg garden sin på Nordre Hogstad til Arne, der budde han sidan. Gift med 1705 Steinvor Olsdtr., dotter til Ola Olsen

Idse i Strand.

Barn:

a. Anna, f. 1706, d. 1706

b. Anna, f. 1708.


Ståle Olsen. Ståle var husmann i Vågen i 1712 og 1713. Kan henda var han den Ståle Olsen som døydde i 1730 og var fattig. Gift med 1712 Kirsti Gunnarsdtr., død 1713, dotter til Gunnar Bjørnsen Riska.


Torkell Olsen, f. 1690. Son til Ola Larsen Store Auglend i Høle. Torkell var husmann i Vågen i 1715 og 1721. I 1725 døydde det "en fattig mand fra Hummersand", det var vel Torkell. Gift med 1714 Karen Isaksdtr., f. ca 1683, d. 1763, dotter til Isak Torsen, husmann på Ullsnes

Barn:

a. Ola, f. 1715, han budde ei tid til leige på Merland, sidan i Stavanger, gift med Berta Larsdtr. Merland. Næringsmanntal for Stavanger 1736: "Olle Torkellsen, Føed i

Riskeqværven, boet i Byen Et Aar, har ingen tilladelse at Nedsette sig, Arbeider paa landet for sin føde" (Saml. Stav. hist. bind IV, s 359)

b.lsak, f. 1721, los, budde i Stavanger (sjå Saml. Stav. hist. bind IV, s 376, 386, 403, 434, 450).


Kristen Torsteinsen hadde hatt garden på Hommersåk, men i 1717 gifta han seg med ei enke på Hetland og fekk gard der med henne. Derfor lot han svigersonen få over ta garden her på Hommersåk. I 1723 blei det sett opp ein skriftleg avtale mellom dei to om bruken av garden. Svigersonen skulle bruka garden og han fekk skjøte året etter, men Kristen hadde halde unna plassen nede i Vågen som han ville bruka sjølv. Han er ført som brukar her i 1723, og på same tid dreiv han og gardsbruket oppe på Hetland. I 1726 flytta Kristen til Haga i Høyland. Der var han til 1733, så kom han tilbake til Hetland og han døydde der i 1737 (sml tidlegare blant brukarane på garden). Det er ikkje godt å vita om han brukte plassen her i Vågjen også i den tida.


Torkell Andersen. Han var husmann under Hommersåk i 1754. Ifylgje ei oversikt i dei militære rullane var det bare ein plass under Hommersåkgarden i 1756, så Torkell Andersen har nok budd i Vågen han og. Han hadde ikkje barn med seg her i 1754.


Nils Rasmusen, f. 1740, å. 1816. Son til Rasmus Nilsen, husmann i Ytre Skeivik under Lerang i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 176). Nils var husmann i Vågen i 1759. I 1788 sa han opp plassen på grunn av alderdom og svaghed, til fordel for svigersonen, Einar Ivarsen. Så budde han som folgemann her i nokre år (m.a. nemnt i 1792). Men i 1798 gifta han seg på nytt og overtok plassen Urå under Hetland prestegard. Gift med 1) 1757 Magel Knutsdtr., f. 1726, d. 1791,

dotter til Knut Åselsen, husmann i Bergsvik under Berge i Kålabygda i Forsand (sjå Forsandboka bind I, del 1, s 57), 2) 1798 enka Berta Olsdtr., f. ca 1752, d. 1812,

dotter til Ola Eilevsen Frøyland. Ho var før gift med Hallvard Danielsen. Han var fyrst husmann i Breivik under Hommersåk, seinare i Urå under Hetland prestegard, 3) Marta Eriksdtr., død etter 1817.

Barn, i fyrste ekteskap:

a. Gunvor, f. 1759, d. 1771

b. Åse, f. 1762, gift med 1788 Einar Ivarsen, som tok over denne plassen

c. Marta, f. 1764, gift med 1786 Ådne Torkellsen frå Lauvåsvågen. Han var husmann på plassen Tangen under Skadberg i Sola (sjå Sola gard og ætt s 418, plass 2, huslyd 2)

d. Magel, f. 1766, gift med 1788 Nils Torsen, husmann i Breivik

e. Kirsti, f. 1768, d. 1771

f. Sofia, f. 1771, gift med 1800 Tormod Ådnesen, husmann på Grunnen under Hetland prestegard.


Einar Ivarsen, f. 1766, død etter 1817. Son til Ivar Bjørnsen Eltarvåg. Han fekk bygselbrev på plassen i 1788. "i stæden for Dags Arbeyde i vinnens tid" skulle han

betala tre riksdalar i året. Han skulle ha "kiærlig tilsiun" med dei gamle svigerforeldra sine, men han måtte "ikke indtage Jnderster eller Huusmænd". Og så la bonden på garden til at han måtte "ey uden min Tilladelse hugge eller med andre lade forhugge Skoven der ligger til min Gaard". Og "for at græsse sine Creature" skulle han betala 16 skilling i året. Einar var husmann her ennå i 1817, sidan budde han på Kalvøya. Gift med 1788 Åse Nilsdtr., f. 1762, dotter til Nils Rasmusen, husmann i Vågen

Barn:

a. Berta, f. 1790, d. 1790

b. lvar, f. 1792, høker, budde i Stavanger, gift med 1813 Olena Andersdtr. Eide

c .Anna Malena, f. 1795, gift med 1) 1814 enkemann Gunnar Gunnarsen Nordre Hogstad (d. 1824), 2) 1825 Johannes Hansen Nordre Hogstad.


Per Mikalsen, f. 1781, d. 1854. Son til Mikal Osmundsen Byrkjeland i Forsand (sjå Forsandboka bind 111, s 302). Per budde fyrst på Byrkjeland (nemnt der ennå i 1818), men kona kunne ikkje trivast der inne (ifylgje Guttorm Mikkelson). Så kom dei her ut der kona var frå, og Per tok over plassen i Vågen. Han er nemnt som husmann her i 1822 og utetter. Etter at kona døydde, gav han plassen frå seg til den eine sonen. Men sonen flytta vekk etter ei stund og Per budde så dei siste åra sine inne på Lauvås, der to av sønene hans hadde gard. Gift med 1813 Serina Olsdtr., f. 1791, d. 1837, dotter til Ola Komeliusen Hommersåk.

Barn:

a. Mikal, f. 1814, husmann i Vågen etter faren

b. Kornelius, f. 1816, tømmermann, budde fyrst på St. Pedersgjerde, reiste sidan til Amerika, gift med 1841 Katrine Kirstine Tormodsdtr.

c. Ola, f. 1818, bonde på Lauvås gift med 1848 Guri Jonasdtr. frå ein plass under Skadberg i Sola

d. Johannes, f. 1820, bonde på Hetland gift med 1) 1850 Jorina Ådnesdtr. (d. 1868), 2) 1871 Berta Torjusdtr. (d. 1891), 3) 1892 enka Malena Aslaksdtr.

e. Rakel Serina, f. 1823, d. 1823

f. Inger Serina, f. 1824, gift med Mikal på Jorenholmen

g. Per, f. 1827, bonde på Lauvås, gift med 1853 Jorina Jonasdtr. (syster til Guri oppfor)

h. Ola, f. 1831, ("Litle-Ola"), gift med ei frå Rossnes på Åmøy

i. Rasmus, f. 1833, gift med dotter til seilmakar Holm

j. Enok, f. 1836, d. 1837.


Mikal Persen, f. 1814. Son til Per Mikalsen, husmann i Vågen. Mikal overtok husmannsplassen etter faren og er nemnt her i 1839 og fram til 1843. Men så

flytta han i 1846 inn igjen til Byrkjeland i Forsand der han var fødd (sjå Forsandboka bind 111, s 303). Gift med 1839 Malena Olsdtr., f. 1818, dotter til Ola Olsen Søre Hogstad. Dei fyrste barna deira er fødde her:

a. Siri Kristina, f. 1839, d. 1840

b. Siri Kristina, f. 1841

c. Per Olai, f. 1843.


Sven Persen

Han var husmann under Hommersåk i 1847. Gift med Marta Eriksdtr.

Barn:

a. Erik, f. 1847.


Erik Mikalsen, f. 1824. Son til Mikal Torsen Tau i Strand. Erik var fyrst matros og budde i Stavanger. Så fann han seg kone frå Hommersåk. Dei blei gift i 1848 og han fekk bygsla plassen i Vågen som då var ledig. Utanom bygselpengar og ein årleg avgift på 6 dalar, skulle han yta " 1 Dags Slaat i Slaataanden". Ellers sette bonden vilkår om at husmannen hadde "Sommergræsning for Køer og Faar kun i min Gaards Udmark". Og "Huusmandens Faar skal have Græsningen for saavidt der i Udmarken er tilstrækkelig Græsning for Gaardens egne Faar og disse ikke maa bortsættes". I ei liste som soknepresten sette opp over husmennene i bygda i 1853, får me vita at Erik Mikalsen levde i "Meget gode Omstendigheder". Så godt var det ikkje nokon annan husmann i bygda som hadde det. Kona til Erik var frå den parten av Hommersåkgarden som denne plassen låg under. Og etter at broren hennar var blitt vaksen og hadde tatt over farsgarden, let han Erik få kjøpa plassen. Det var i 1854 og etterpå budde Erik her som sjølveigande bonde. Gift med 1) 1848 Inger Karina Monsdtr., f. 1830, d. 1851, dotter til Mons Olsen Hommersåk, 2) 1852 Gunhild Olsdtr., f. 1823, dotter til Ola Larsen Vasstveit i Strand.

Barn, i fyrste ekteskap:

a. Mikal, f. 1849, d. 1849

b. Ola Marselius, f. 1851, d. 1851

2 Ullsnes

Isak Torsen, f. 1641. Son til Tore Larsen Haualand. Isak hadde fyrst gard på Haualand og han budde der ennå i 1691. Men så flytta han derfrå og ned til Hommersåk og blei husmann på Ullsnes, Her budde han i 1701, 1706 og 1711. Gift med Anna Olsdtr., ho døydde i 1721, dei siste åra budde ho hos dottera på naboplassen

Barn:

a. son, f. 1683, d. 1695

b. Karen, f. ca 1683, gift med 1714 Torkell Olsen, husmann i Vågen

c. Ola, f. 1686/87, han var dreng på Hommersåk i 1701, i 1706 budde han heime

d. Elen, f. 1689

e. Anna, f. 1691.


3 Breivik

Nils Lambertsen, f. 1759, d. 1802. Han budde ei tid på Nedre Tjensvoll i Hetland. Så kom han her til bygda og var husmann i Breivik. Her blir han nemnt i 1773 og ennå i 1778. Stavanger Amts Landhusholdningsselskap gav Nils Lambertsen premie for nydyrking (sjå Eivind Hognestad, Rogaland Landbruksselskap gjennom 150 år, s 66). Det tyder på at det var Nils som tok opp denne plassen. Sidan var han husmann i Kartdalen under Håland i Erfjord (sjå Erfjord g.o.æ. s 186, nr 1). Gift med 1770 Malena Bårdsdtr., f. 1740, dotter til Bård Klengsen, husmann i Varås under Helgaland i Erfjord (sjå Erfjord g.o.æ. s 205, nr 2).

Barn:

a. Lambert, f. 1773, d. 1778

b. Gunvor, f. 1774

c. Malena, f. 1778.

Velum Håvardsen. Han var truleg frå Brådli i Bjerkreim. Velum budde på Hommersåk i 1779. Seinare var han husmann på Bruhodl under Austre Stangaland,

på Tangen under Skadberg og på Hodl under Gimra, alle stader i Sola (sjå Sola gard og ætt s 470, s 85 og s 586). Sidan flytta han til Longhodl på Skas i Klepp (sjå Klepp gard og ætt 1519-1900, s 246, nr 41). Gift med Guri Torbjørnsdtr., f. 1749, dotter til Torbjørn Jensen, husmann på Tingholmen under Eltarvåg (Eltarvåg-39).

Bare det eldste barnet deira er fødd her:

a. Håvard, f. 1779.


Hallvard Danielsen, f. 1750, d. 1797. Son til Daniel Torkellsen Lunde på Åmøy. Han budde på plassen i Breivik i 1780-åra. Han blir nemnt her i 1783 og siste gong i 1789. Hallvard fekk skriftleg festeavtale i 1786, og der står det mellom anna at "hver 4de Søndag om Sommeren skal han passe gaardens og Egne Creaturer". Han kunne skjera den torv han hadde bruk for ved plassen, "men Veed maae han ike tåge i Skoven uden høygst i fjældet hvor ieg ey selv kand fare med hæst", haldt bonden fram. Frå 1791 budde Hallvard på plassen Urå under Hetland prestegard. Gift med 1) 1779 Marta Salvesdtr., f. ca 1753, d. 1793, 2) 1793 Berta Olsdtr., f. ca 1752, d. 1812, dotter til Ola Eilevsen Frøyland. Ho blei etterpå gift med Nils Rasmusen som tok over plassen i Urå. Han hadde før vore husmann i Vågen.

Barn i fyrste ekteskap:

a. Daniel, f. 1779, d. 1779

b. Anna, f. 1781, d. 1781

c. Daniel, f. 1783, d. 1783

d. Anna Maria, f. 1785, d. 1785

e. Salve, f. 1786, d. 1786

f. son, f. 1788, d. 1788

g. Ola, f. 1789.


Nils Torsen, f. 1761, død etter 1835. Son til Tore Klasen Frøyland. Etter dei gifta seg budde Nils og Magel eit par år på Frøyland. I 1790 tok han over denne husmannsplassen, som han hadde ennå i 1825. Nils fekk festeseddel i 1790. Der kan me lesa at han kvart år skulle gjera "5 ugers Arbejde, Saasom 1. uge i Vaarvinden, 1 uge i For Sommer, 2de uger i Høe Slaatte Tiiden og 1 uge i korn Høsten". Den tid han arbeidde for bonden på Hommersåk fekk han mat av han. Skulle han bli sjuk og ikkje kunne arbeida, skulle han i staden betala tre riksdalar i året. "Men naar han maate have meere Tiid til overs, da arbejder han hos mig for gangbar Dagløn frem for hos andre" har bonden føyd til. Ellers skulle Nils ha ansvaret for å gjeta dyra på garden kvar fjerde søndag frå påske til mikkelsmesse. Nils sat med plassen til eit stykke ut i 1820-åra, etterpå budde han som folgemann her (nemnt som det i 1835). Gift med 1788 Magel Nilsdtr., f. 1766, d. 1828, dotter til Nils Rasmusen, husmann i Vågen

Barn:

a. Malena, f. 1788, d. 1788

b. Tore, f. 1789, husmann på Revhodl under Gramstad i Høyland (sjå Høyland gard og ætt. s 159, nr 24 A), gift med 1819 Berta Guria Gabrielsdtr.

c. Nils, f. 1792, husmann i Breivik

d. Magel, f. 1794, g.m. 1832 enkemann Jens Rasmusen Øvre Tasta i Hetland

e. Kirsti, f. 1796, d. 1798

f. Berta Kristina, f. 1798, gift med 1823 Jakob Persen, husmann i Sandvik under Stora Vatne i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 449-450, nr 30.B)

g. Rasmus, f. 1800, d. 1800

h. Marta, f. 1802, gift med 1828 Ola Eriksen, daglønnar, budde i Stavanger

i. Ola, f. 1805, smed, budde på Stangaland i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 385, nr 63), seinare på Sandnes, gift med 1831 Anna Sivertsdtr. Stangaland

j. Rasmus, f. 1807, smed, budde på Sandnes (sjå Høyland garad og ætt s 317, nr 58), gift med 1829 Karen Rasmusdtr. Gausel

k. Kristian, f. 1810, budde fyrst i Ogna, seinare var han husmann i Sandvik under Stora Vatne i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 450, nr 33), gift med Ingeborg Malena Torsdtr. Bø.


Nils Nilsen, f. 1792, død ein gong mellom 1822 og 1825. Son til Nils Torsen, husmann i Breivik. Nils var husmann saman med faren, nemnt her i 1822. Gift med 1817 Marta Gunnarsdtr., f. 1787, d. 1831, dotter til Gunnar Gunnarsen Nordre Hogstad. Ho blir nemnt som husmannsenka i 1825. Sidan blei ho gift med Ola Jonsen, som tok over plassen.

Barn:

a. Marta, f. 1817, gift med 1843 Nils Gautesen, husmann i Uskakalven. Han var frå Heia, Hommersåk,

b. Magel, f. 1820, gift med 1846 enkemann Per Rasmusen Gausel i Hetland

c. Nils, f. 1822, husmann i Likstø under Selvik i Høle, gift med 1846 Ane Serina Mauritsdtr. Likstø (sjå Høle gjennom hundreåra, s 53).


Ola Jonsen, f. 1802, d. 1889. Son til Jon Samuelsen Leikvam i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 263, nr 25). Ola hadde vore dreng på Hommersåk i 1825. I 1828 gifta han seg med den unge enka i Breivik og same året fekk han festeseddel på plassen. Sidan budde han som husmann her i eit langt liv til han i 1887 let den eine sonen få overta. Etter soknepresten sin vurdering, levde Ola i "gode omstendigheder" i 1853. Fleirtalet av husmennene i bygda hadde dårlegare kår. Me legg og merke til at han haldt hest, og det er det ikkje andre husmenn i bygda som har hatt. I 1856 blei Breivik skilt frå garden på Hommersåk og seld som eige gardsbruk (sjå

bruk 12 etterpå). Det måtte då bli bråk med folka på husmannsplassen, for husmannen hadde jo festa dette stykket for levetida for seg og kona. Året etter blei det forlik mellom husmannen og den nye eigaren i Breivik. Ola Jonsen skulle bruka plassen som før "med Undtagelse af 2 Stykker som (han) har afstaaet". Til gjengjeld skulle eigaren "yde ham Føderaad" når han ikkje lenger kunne bruka plassen. Gift med 1) 1828 enka Marta Gunnarsdtr., f. 1787, d. 1831, dotter til Gunnar Gunnarsen Nordre Hogstad. Hennar fyrste mann var Nils Nilsen, som hadde budd på plassen i Breivik, 2) 1833 Dorte Rasmusdtr. f. 1811, d. 1856, dotter til Rasmus Torsen Skjørestad, 3) 1860 Marta Olsdtr., f. 1831, d. 1904, dotter til Ola Tolleivsen Fjogstad i Høyland (sjå Høyland ard og ætt s 131, nr 12.B). Ho var i 1891 enka og brukte husmannsplassen. I 1900 budde ho i folge hos sonen Dave på Dale, der døydde ho.

Barn i andre ekteskap:

a. Jonas, f. 1833, d. 1836

b. Rasmus, f. 1835, fyrst husmann i Hagen under Hommersåk, sidan bonde i Uskjo, gift med 1862 Kirsten Andersdtr. Uskjo

c. Maren Serina, f. 1837, med Ole Emanuel Olsen, gardbrukaren i Breiviga hadde ho to barn: 1. Olaf Emanuel, f. 1857 2. Maria, f. 1859

d. Jonas, f. 1839, nemnt i 1859

e. Ola, f. 1841, d. 1842

f. Serina f. 1843, d. 1843

g. Ola, f. 1844

h. Daniel, f. 1846, han var i 1865 kokk og budde hos broren Rasmus

i. Dorte Serina, f. 1849

j. Inger, f. 1852

k. Inger Olena, f. 1855


i tredje ekteskap:

l. Dave, f. 1860, d. 1861

m. Olaus, f. 1862, han var heime i 1865 og 1875

n. Dave, f. 1866, tok over som brukar av plassen i Breivik

o. Maren Olena, f. 1871, ho tjente på Riska i 1891

p. Dina Maria, f. 1876, d. 1880.


Dave Olsen, f. 1866. Son til Ola Jonsen, husmann i Breivik. Dave fekk skjøte på huset frå faren i 1887 mot at faren og mora skulle ha folge. I kyrkjeboka kallest Dave dels for "Gaardbruger", men og for arbeidsmann. Ved folketellinga i 1891 var han gardsarbeidar hos mora i Breiviga (ho var enka då), og i tillegg var han daglønnar ved ei kornmølle. I 1897 kallest han i kyrkjeboka ganske enkelt for husmann. Dave kjøpte i 1900 eit stykke på Dale av syskenbarnet sitt og der budde han nokre år Gift med 1885 Sikke Eilevsdtr., f. 1860, dotter til Eilev Olsen, husmann under Osaland i Høle.

Barn:

a. Olaf Martinius, f. 1887

b. Enevald, f. 1889

c. Karl Kristinius, f. 1890

d. Dina Maria, f. 1893

e. Erling, f. 1895

f. Dagfinn Serinius, f. 1897

g. Daniel, f. 1899.

4 Heia I

Gaute Nilsen, f. 1777, d. 1870. Son til Nils Gautesen Øvre Eide i Finnøy (ligg på den delen av Fogn som høyrde til Talgje sokn av Finnøy prestegjeld). Gaute budde fyrst på Eide, så på Engøy. I 1809 fekk han feste på ein plass i Heia under Hommersåk. Embetsmennene kalte denne plassen for "Nygard", og det viser at det var ein ny husmannsplass som blei rydda her oppe. Gaute hadde plassen heilt til 1846, etterpå budde han i folge hos sonen. Gift med 1803 Guri Jonsdtr., f. 1781, d. 1852, dotter til Jon Persen Steinsøy.

Barn:

a. Berta, f. 1804, gift med 1832 Samuel Jonsen, som rydda endå ein ny plass her i Heia

b. Jone, f. 1807, han var til sjøs i 1835. Så blei han gift med ei ung enke på Hommersåk og fekk garden der med henne. Etter at stesonen blei vaksen, overtok han farsgarden sin og Jone blei folgemann i forholdsvis ung alder. Han budde då på eit folgestykke nede på Bygnå.  Gift med 1) 1836 enka Ane Adnesdtr. Hommersåk (d. 1852), 2) 1855 Elen Lydiksdtr.

c. Nils, f. 1810, husmann i Uskakalven (Der nord) gift med 1843 Marta Nilsdtr. frå Breivik

d. Karen Maria, f. 1813, gift med 1844 Ivar Ivarsen Kjedeland i Høyland (sjå Høyland g.o.æ. s. 231, nr 25)

e. Gunhild, f. 1816 (tvilling)

f. Gurina, f. 1816 (tvilling), gift med 1840 Ådne Olsen, bonde i Lauvåsvågen

g. Knut, f. 1818, tok over plassen etter faren

h. Gabriel, f. 1821, husmann i Uskakalven gift med Berta Kr. Aslaksdtr.


Knut Gautesen, f. 1818, d. 1879. Son til Gaute Nilsen, husmann i Heia. Knut tok over denne husmannsplassen i Heia etter faren i 1846 og sat med han så lenge han

levde. Han betalte omlag 60 speciedalar i "Indfæstning", og sidan skulle han ut med 5 dalar i årleg avgift, "saafremt Huusmanden nogensinde arbeider for Fremmede, skal han først tilbyde sig i saadant til os, Gaardens Eiere imod den gangbare Priis eller Dagløn" står det i festeseddelen hans. I soknepresten si liste over

husmennene i bygda frå 1853 kan me lesa at Knut levde i "gode Omstendigheder". Det var ikkje verst når dei fleste husmannsfolka her i bygda levde i tronge kår. I folketellinga for 1875 står det at Knut i tillegg var fiskar. Gift med 1848 Jorina Persdtr., f. 1822, d. 1884, dotter til Per Persen, husmann under Folkvår i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 137, nr 55). Etter at ho blei enka blei ho sittande med plassen til ho døydde.

Barn:

a. Tørrine, f. 1849, d. 1883, ugift, budde heime

b. Gurina, f. 1850, d. 1861

c. Gabriel, f. 1852, han var i 1875 på fiske i Nordland. I 1885 fekk han kjøpa denne plassen og budde her som sjølveigande bonde etterpå, gift med 1885 Berta Persdtr. Seldal

d. Per, f. 1854, bonde på Malmeim i Høyland, gift med 1898 Anna Torsteinsdtr. frå Breivik

e. Sikke Jorina, f. 1856, ho var budeie på Li i 1875. Kan henda var ho den "kone Sikke Knutsdtr. Hommersand" som var faddar i 1888 på ein son til Gabriel Knutsen

f. Nilla Maria, f. 1859, d. 1861

g. Gustav, f. 1861

h. Per Andreas, f. 1863

i. Kristian, f. 1866

j. Nils Martin, f. 1868, reiste til Amerika om lag 30 år gammal. Farmar, budde ei tid i Minnesota, men lengste tida i Sør-Dakota. Han døydde i Astoria, Sør-Dakota. Gift.

5 Heia II

Samuel Jonsen, f. 1806, d. 1854. Son til Jon Samuelsen Leikvam i Høyland (sjå Høyland gard og ætt s 263, nr 25). Samuel gifta seg i 1832 med dottera til husmannen i Heia og same året fekk han sjølv feste "paa et indgjerdet Stykke Jord". I tillegg til ein årleg avgift på tre speciedalar skulle Samuel kvart år yta "12 Dages Arbeide, nemlig 3 Dage i Vaarvinden, 6 Dage i Slaatten og 3 Dage i Skuren". Denne plassen låg og i Heia, attmed den husmannsplassen som svigerfaren hans allerede hadde rydda der oppe. Begge plassene blir kalt "Nygard" av embetsmennene. I soknepresten si oppstilling i 1853 over "de Husmænd som findes Bofaste i Riskeqverven" finn me at Samuel levde i "gode Omstendigheder", og det må seiast å vera bra på ein så ny plass. Gift med 1832 Berta Gautesdtr., f. 1804, d. 1873, dotter til Gaute Nilsen, husmann i Heia. Ca 1861 kjøpte Beitel Rolvsen "en under Gaarden Hommersand beliggende Plads Nygaard". Denne husmannsplassen gjekk då over til å bli eit sjølvstendig gardsbruk (sjå vidare bruk 3). I folketellinga for 1865 har ein då for det fyrste den nye gardbrukaren her, og i eit hus for seg sjølv bur folgekona og enka Berta Gautesdtr. med barna.

Barn:

a. Jon, f. 1833, d. 1833

b. Jon, f. 1835, han var i 1865 sjømann, seinare fiskar, ugift

c. Guri, f. 1838, tjente på Rennesøy i 1875

d. Serina, f. 1841, d. 1841

e. Stina Serina, f. 1842, gift med 1869 Reinert Reidarsen frå Fløysvik, budde ei tid til leige her på Hommersåk, så på Østhus på Rennesøy, sidan gardbrukar og snekkar, busett på Tasta i Hetland

f. Gabriel, f. 1847, han var kokk i 1865 (han var vel til sjøs eller kanskje heller på fiske). Ei tid budde han på Rennesøy. I 1878 fekk han kjøpa eit gardsbruk i Uskjo gift med Olufine Oldsdtr. Strøm

g. Samuel Bertinius, f. 1851, los, budde på Tasta, gift med Maren Hansdtr.

6 Leite, seinare kalt "ObbSletten"

Eivind Svensen, f. ca 1817, d. 1842. I 1839 fekk han "Fæste paa pladset Leide med Torvmyrstykket Langemyr". Han skulle kvart år betala 2 speciedalar og yta "12 Dages slaat". Gift.med Eliana Ådnesdtr., f. 1811, dotter til Ådne Olsen, husmann i Sanddalen under Brathetland i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s 81). Ho hadde tjent på Lauvås i 1835. Og i 1865 budde ho som enka hos husmannsfolka i Hammaren under Lauvås, då var ho vaskekone (Folk i bygda -284).

Barn:

a. Berta Serina, f. ca 1838, gift med 1860 Knut Danielsen, arbeidsmann, budde på Frøyland (Folk i bygda-420)

b. Ingeborg Maria, f. 1839, d. 1842

c. Ingeborg Maria, f. 1842.

Med Lars Larsen Dal, snekkar, busett på Hommarsåk, fekk enka Eliana Hommarsåk ei dotter: - Elen Laurine Larsdtr., f. 1846, ho tjente på Eltarvåg i 1865, gift med 1867 Kjel Kristensen, sjømann, budde på Lauvås (Folk i bygda-285).

Enok Børesen. Kan henda var det han som var dreng på Hetland i 1835. I 1848 fekk han "Fæsteseddel...paa Plads ObbSletten" - "da Huusmand Eivin Svendsen Leide ved Døden er afgaaen og Enken frivillig har afstaaet sin Bygselret". Enok måtte ut med 65 speciedalar i bygslepengar og sidan kvart år 5 dalar i avgift. Han var "forpligtet tilligemed de andre Huusmænd under Gaarden at holde Gjærdet istand naar forlanges". Då han fekk festeseddel, hadde Enok allerede budd her nokre år. Han er nemnt her i 1845 og budde her ennå i 1855. Gift med Karen Jakobsdtr.

Barn:

a. Elen Karina, f. 1845

b. Botella,f. 1849.

7 Hagen, seinare kalt Gonelhagjen

Rasmus Olsen, f. 1835, d. 1925. Son til Ola Jonsen, husmann i Breivik. Rasmus var fiskar (nemnt i 1863 og 1865) og matros (i 1869). I 1865 var han og jordlaus husmann på ein plass som blir kalt "Haien". Han hadde både hus og sjøhus (omtalt i 1869 og 1870). I 1869 let han plassen over til Samuel Olsen og flytta sjølv til Uskjo og tok over det eine gardsbruket der. Gift med 1862 Kirsten Andersdtr., f. 1835, d. 1912, dotter til Anders Torsen Uskjo.

Barn:

a. Rakel Dortea, f. 1863

b. Olena, f. 1865

c. Ane Bergitta, f. 1869.


Samuel Olsen, f. 1802, d. 1890. Son til Ola Gabrielsen Skjørestad. Samuel hadde gard på Jødestad i ein mannsalder, men let han over til sonen i 1866 og blei

Folgemann. Ikkje lenge etter døydde kona hans og Samuel gifta seg på nytt med ei mykje yngre kvinne frå Haualand. Dei budde til å begynna med til leige hos hennar familie på Haualand (Folk i bygda-520), men i 1869 leigde han hus og grunn av Rasmus Olsen i Breivik. Her døydde Samuel i 1890. Gift med 2) 1868 Gunhild Ivarsdtr., f. 1840, dotter til Ivar Hansen Haualand. Ho var her ennå i 1887. Plassen har seinare blitt kalt Gonelhagjen etter henne.