NEG S64 Val av etternamn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
«Bryllupsdragt i Jørgenfjord i Søndmoer» (1845).
Foto: Joachim Frich

NEG S64 Val av etternamn er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2014 med tittel Val av etternamn. Utsendar var Line Grønstad og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.

Introduksjon til spørjelista

Den som svarer på undersøkinga er innforstått med at svaret blir arkivert (anonymt) og blir brukt av forskarar i dag og i framtida. Brukarar av materialet pliktar å verne opphavspersonens og eventuelt andre personars integritet.

Mange endrar etternamn og mellomnamn ein eller fleire gonger i livet. Det vanlegaste har vore å byte ved giftarmål, men vala folk gjer er forskjellige, og folk har ulike grunnar til å halde på eller velje nye namn.

Til eit forskingsprosjekt om val av etternamn vil eg gjerne vite meir om kva folk har gjort og gjer, eller trur dei vil gjere. Svara som kjem inn blir arkivert, og nytta anonymt i forskinga mi. Skriv gjerne lange og detaljerte svar!

Brukt i publikasjonar

  • Grønstad, Line: Val av etternamn - nokre smakebitar. i: Museumsbulletinen 76, 2014, S. 26-29.
  • Grønstad, Line: Arv og kjærlighet. Om å bytte og å halde på etternamnet for norske menn i heterofile forhold. i Tidsskrift for kulturforskning 22 (1). FulltekstversjonNovus forlag.

Sjå også

Eksterne lenker