Rauland Dansarring
Rauland Dansarring vart skipa i 1976 med Marit Vaagen (Lilleland) som leiar. Dansarringen heldt til på Rauland i Vinje kommune.
Historikk
Opptakten til dansarringen på Rauland kom etter at Torkild Mandt (1917-1992) frå Skafså kom til Rauland og heldt eit par kurs i 1974 og 1975. Etter dette samla fleire av deltakarane seg til øvingar ei gong i blandt. Det var Marit Vaagen som organiserte desse øvingane, og då dansarringen formelt vart stifta, var det ho som blei valt til leiar.
Aktiviteten gjekk i bylgjer, og tilbod om turar var noko som fekk aktiviteten til å auke. I 1977 reiste laget til Setesdal, i 1984 til Færøyane, i 1985 til Danmark, i 1988 til USA, og i 1993 til Nordkapp og Honningsvåg i samband med Nordkappfestivalen.[1] I 1994 hadde laget 52 medlemar.[2]
Då lagdans vart ei øving på Landskappleiken i 1988 deltok dansarringen frå Rauland i denne fleire år på rad. Dei hausta mange 1. premiar, og vart fleire gonger det beste laget frå Telemark. I 1994 var det Rauland Dansarring som saman med Vinje Dansarring, Vinje Spilemannslag og Spelemannslaget Falkeriset arrangerte Landskappleiken på Rauland.[3]
Rauland Dansarring har hatt fleire spelemenn. I byrjinga var det Arne Øygarden som spelte fast, seinare Audun Nordheim.[4]
Leiarar i Rauland Dansarring
- Marit Vaagen (1976)
- Johan Vaa (1977-1978)
- Martha Myrvang
- Eva Kostveit
- Augund Nesheim
- Haldor Myrvang
- Jan Vidar Holte
- Ingrid Skjøtskift
- Berit Myhre-Nilssen
- Esther Sonja Bergene (1994)
Arkiv
Arkivet etter Rauland Dansarring er ordna ved Lokalhistorisk arkiv i Vinje.
Kjelder
- Vaa, Johan (red.), Fjøllmanngjenta: folk og musikk i Vest-Telemark, Rauland, 1994.
- Bjørkum, Andreas, Myhren, Magne og Aasland, Bjørn (red.), Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg 2, Oslo, 1996.
Eksterne lenker
- Landskappleiken på Rauland, NRK, 28.07.1999.