Sandamoen (veg i Bø i Telemark)
Sandamoen (veg) i Bø i Telemark går i boge sørøstover frå Seljordvegen ved Sanda. Den kryssar Garvikvegen og ender ved Seljordvegen ved Moen, men er stengd her for utkjøyring.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Sandamoen-1.jpg&width=400)
Sandamoen sett sørover frå Garvikvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).
Vegen er omlag ein km lang og har namn etter området Sandamoen i Øvre Bø. Den blei namnsett i 1991.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.