Tuddalsvegen
Tuddalsvegen i Hjartdal kommune går nordover frå Saulandsvegen i Sauland til krysset med Gaustavegen og Bondalsvegen i Tuddal.
![](/thumb.php?f=Hjartdal%2C_Tuddalsvegen-1.jpg&width=400)
Tuddalsvegen sett sørover ved Tuddal Handelslag.
Foto: Roy Olsen (2019).
Vegen er 21,4 km lang og er ein del av fylkesveg 3430. Han har namn etter bygda Tuddal og namnevedtak blei gjort i 2011.
Kilder
- Kartverket: Norgeskart
- Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf
- Statens vegvesen: vegkart.