Gjeråvegen
Gjeråvegen i Nordbygda i Hjartdal kommune går nordover frå Hjartdalsvegen ved bedehuset Betel til Opsalvegen ved garden Haugan. Han er 1,7 kilometer lang og går gjennom jordbrukslandskap med noko skog.
![](/thumb.php?f=Hjartdal%2C_Gjer%C3%A5vegen-1.jpg&width=400)
Gjeråvegen med garden Gjerjordet (gnr. 30/2).
Foto: Roy Olsen (2021).
Vegen har namn etter elva Gjeråa og vart namnsett i 2011.
- Nr. 1/3 er bedehuset Betel.
Kilder
- Kartverket: Norgeskart
- Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf