William Henry Singer (1868–1943)
William Henry Singer (fødd 5. juli 1868 i Pittsburg, død 29. desember 1943 i Innvik) er kjend i Noreg som kunstmålar og amerikansk industriarving. Men han vert òg hugsa også for bistand til samfunnsformål i Nordfjord. Huset i Olden, Singerheimen, er ope som museum.
Omtale på plakat ved Singerhytta på Melkevoll i Oldedalen:
Kunstnaren William Henry Singer jr. var fødd i Pittsburg i USA i 1868. Han var arving til Singer-Nimick Company og ei svært stor formue, men valde kunsten framfor business. I 1895 gifta han seg med Anna Spencer Brugh frå Maryland. Dei reiste til Paris i 1900 og til Holland i 1901. Til Noreg kom dei i 1903. Interessa hans for sportsfiske førte dei til Olden i 1913.
Han bygde hytta [...] på Melkevoll i 1927. På Dalheim i Olden bygde Singer Studio i 1914. Villaen stod ferdig i 1921. W. H. Singer jr. døydde i 1943, fru Singer i 1962. Dei kviler i eit mausoleum ved Studio. Singer fann sitt paradis i Olden. Her kunne han måle, fiske og jakte. Staden her vart eit kunst- og kultursenter. Han forskotterte pengane til bygging av veg mellom Olden og Innvik, og han donerte store beløp til bygging av sjukehuset på Nordfjordeid og andre store prosjekt. | ||
Litteratur og kjelder
- Plakat ved Singerhytta
- William Henry Singer jr i Historisk befolkningsregister.