Iver Iversen Leganger
Iver Iversen Leganger (fødd 1680 i Vik, gravlagd 22. september 1750 i Leikanger) var son av sokneprest Iver Eriksen Leganger i Vik og Anna Pedersdatter Finde.
Leganger tok teologisk embetseksamen i 1699 og vart tilsett som personleg kapellan i Leikanger 1704. Han vart utnemnd til sokneprest same stad 31. desember 1718.
Han gifte seg 25. juli 1708 med Mette Dorothea Bugge, dotter av den førre soknepresten Samuel Bugge. Dei fekk mellom anna borna:
- Anne Sofie Leganger (1712-1770), gift med Ananias Christopher Harberg, fut i Sogn
- Barbara Maria Leganger (1715-1801), gift med Gjert Geelmuyden (1704-1764), sokneprest i Leikanger etter Iver Leganger
- Mette Catherine Leganger (1720-1805), gift med Gert Heiberg (1714-1778), sokneprest i Sogndal
- Dorothea Cathrine Leganger (1723-1748), gift med Ole Hanning (1715-1763), sokneprest i Jølster
- Samuel Bugge Leganger (1728-1792), sokneprest i Eid
- Mette Dorothea Leganger (1730-1795), gift med Ole Mauritius Schweder (1710-1781), sokneprest i Hafslo
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 66. (Digital utgåve, digitalarkivet)