Lærarkurset i Sogndal 1882
Eit lærarkurs i Sogndal 3.-29. august 1882 var truleg det fyrste kurset i landet der allmugeskulelærarar fekk opplæring i landsmål. Det var Sogndal folkehøgskule ved styraren Henrik Mohn Dahl som skipa til kurset.
Desse hadde føredrag på kurset (tal føredrag i parentes):
- N. A. Dahl (4), rådmann i Bergen
- E. J. Hambro (7), skulestyrar i Bergen
- Christopher Bruun (12), styrar ved Vonheim folkehøgskule
- Jakob Sverdrup (3), sokneprest
- Edvard Sverdrup (3), student
- Helleland (2), høgskulestyrar
- Henrik Mohn Dahl (12), høgskulestyrar
Elles var det øvingar i landsmål ved lærar Olav Sande, øvingar i song ved lærar Vilhelm Flugeim og øvingar i deklamasjon ved H. M. Dahl.
Kurset hadde 35 faste mannlege deltakarar og 7 kvinner. 10 menn og 23 kvinner var med stuttare tid, så i snitt var det 60 deltakarar til stades. Deltakaravgifta var 5 kr.
Kurset var truleg svært viktig for å spreie dugleik i landsmål og kunnskap om målreisinga utover i bygdene i Sogn.
I 1885 heldt folkehøgskulen eit nytt lærarkurs med landsmålsopplæring. Det vart same året òg halde lærarkurs i Trøndelag og på Austlandet. Dei tre kursa fekk då statstilskot, men søknadene førte til eit svært langt og oppheta ordskifte i Stortinget (sjå jamstellingsvedtaket).
Kjelde
- Bondevik, Kjell (red.). (1971). Sogndal folkehøgskule i 100 år - 1871-1971. Sogndal, s. 56.
- Innbyding til kurset, Sogns Tidende 28.4.1882.