Søvik Samyrkjelag
Søvik Samyrkjelag vart starta 18. februar 1946, og det vart innbetalt 4600 kroner i ansvars- og låneinnskot. Dei fleste innskytarane var gardbrukarar. Først i mars 1949 fekk styret løyve av forsyningsnemda i Borgund til å starte utsal. Dette mykje på grunn av at det nystarta skipsbyggeriet på Søvikneset førte med seg mange nye innbyggjarar og nye eineboligar.
|