Borsholm skule

Sideversjon per 17. feb. 2016 kl. 14:47 av Sigrun Espe (samtale | bidrag) (Ny side: Borsholm skule frå 1930 var ein bygning med hovudetasje med skulestove og materialrom, kjellar og roteloft. Det var eit nettinggjerde rundt skuletomta. Skulen var plassert 60-70 met...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Borsholm skule frå 1930 var ein bygning med hovudetasje med skulestove og materialrom, kjellar og roteloft. Det var eit nettinggjerde rundt skuletomta. Skulen var plassert 60-70 meter frå vegen til Skiveneset.

Skulen var bygd i flattømmer på Hatlem i 1907 og vart flytta til Borsholm. Bygningen fungerte som skulehus på Hatlem frå 1907-1928.

Anna bruksområde

Gunnar Risnes kjøpte huset i 1969. Huset har vorte restaurert og gjort om til fritidsbustad.

Kjelder

  • Per Bygnes (2010) Borsholm skule skuleåret 1962/1963. Sogeskrift frå Hyllestad 2010.
  • Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965. Sogeskrift frå Hyllestad 2012.