Borsholm skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Borsholm skule frå 1930 er plassert 60-70 meter frå vegen til Skiveneset i Hyllestad kommune. Det var skule på Borsholm i 35 år, frå 1930 til 1965. Skulen var i si levetid prega av store samfunnsendringar, krig, sentralisering og pedagogisk utvikling.

Skulehuset

Plassering

Borsholm krins oppstod når det i 1929 vart fatta vedtak om å slå saman skulekrinsane Skivenes og Åsmul. Det vart strid mellom kretsane om kvar skulehuset skulle plasserast. På dette tidspunktet var det få vegar mellom gardane og grendene i dei to skulekrinsane. I juli månad i 1929 vart det bestemt at ein skulle finne midtpunktet for dei to skulekrinsane og plassere den nye skulen der. Vegen frå Skivenesvåg i eine enden til den nye bruket på Våge i andre enden var på 6,88 km. Midtpunktet var midt på utmarka for bruka på Borsholm. Her var det to mogelege tomter: ei som låg 70 meter aust for midtpunktet og ei som låg 150 meter mot vest. Åsmul og Skivenes had kvar sin favoritt. Ei ekstra utfordring kom då dei som budde på Hatløyna også ville vere med å bestemme kva som var midtpunktet i krinsen. Alle ønskjer kortast mogeleg veg for ungane sine. Krinsane vart ikkje eininga og måtte til slutt be heradsstyret om å fatte ei avgjerd. Denne saka finn ein i skulestyreprotokollen frå 12. desember 1929.

Skulehus frå Hatlem

Skulen vart først bygd på Hatlem og fungerte som skulehus der frå 1900 til 1928. Etter dette vart skulehuset flytta til Borsholm. Skulehuset vart frakta med båt til Borsholm. Kvar planke var merka og skulehuset vart sett opp slik det hadde vore på Hatlem, men med kjellar i tillegg. På skuleplassen vart det også sett opp eit uthus på ca 18 m2. Det var eit nettinggjerde rundt skuletomta.

Huset hadde hovudetasje med skulestove og materialrom, kjellar og roteloft. Grunnflata var på til saman 60 m2. Det var vatn og ein vedkomfyr i kjellaren. I statren brukte ein parafinlamper, men i 1953/54 fekk skulen elektrisitet til lys. Oppvarming var vedfyring heilt til skulen vart lagt ned i 1965.

Anna bruksområde

Skulehuset fungerte som samlingsstad i krinsen og vart nytta til juletrefestar, misjonsbasarar med meir. Det vart ofte dekka langbord og servert rømmegraut og lefse. På 80-talet var det ikkje lenger skule på Borsholm, men bygningen vart lånt ut til Folkeakademiet som blant anna hadde vevkurs i huset.

Gunnar Risnes kjøpte huset i 1969. Huset har vorte restaurert og gjort om til fritidsbustad.

Foto

Kjelder

Prenta kjelder

  • Per Bygnes (2010) Borsholm skule skuleåret 1962/1963. Sogeskrift frå Hyllestad 2010.
  • Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965. Sogeskrift frå Hyllestad 2012.
  • Fylkesarkivet i Vestland: Skulestyreprotokollar og skuledagbøker frå Hyllestad kommune.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

  • Samtale med Per Bygnes


Koordinater: 61.2204° N 5.0676° Ø