Anna Flatin

Sideversjon per 16. mar. 2017 kl. 08:17 av AnBor (samtale | bidrag) (→‎Eksterne lenker: tegning ikke teikning)

Anna Flatin f. Nordskog (fødd 22.mars 1917 i Morgedal, død 9.mars 2000) var ein gåverik teiknar og rosemålar. I sitt vaksne liv var ho husmor med ansvar for dyr, familie og heim. Anna teikna mykje frå ho var ganske ung, og illustrerte småartiklar og soger.

Tidleg teikning i eigen handskriven oppskriftbok
Foto: Anna Flatin

Anna var dotter av Knut Halvorsson Nordskog (1877-1950) og Anne Olavsdotter Kleivi frå Flatdal (1884-1965), og syster i ein syskenflokk på seks, der alle var både nevenyttige og kunstnariske. Dei teikna, måla, rosemåla eller laga treskulptur/trearbeid: Hallvor, Olav, Aasne Nordskog, Anna, Norvald og Signe.

Anna flytte frå barndomsheimen i Nordskog då ho gifte seg med Eivind Flatin og flytte til Ramberg i Seljord. Som vaksen gjekk ho på rosemålarkurs hos Jon Solli frå Åmotsdal, og blei etter kvart veldig dyktig. Ho deltok i husflidstevlingar både på Handelsstevnet i Skien og på Dyrsku'n i Seljord. Rosemålinga hadde fått sin renessanse på denne tida, og ho starta sjølv med å undervise i dette.

Anna Flatin vart gravlagt på Seljord kyrkjegard.

Kjelder

Eksterne lenker