«Halsabrura»
«Halsabrura» er ein kjerkjebåt (kyrkjebåt) av aurgjeldsvarianten av geitbåt. Han vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997 som kopi av «Fjordamerra», ein kyrkjebåt med sju par årar som truleg vart bygd i Valsøyfjorden men som tente som kyrkjebåt i Årvågsfjorden i noverande Stemshaug sokn i Aure kommune. Det fanst ein liknande kyrkjebåt i Valsøyfjorden som gikk under namnet «Botnabrura», og namnet «Halsabrura» er avleidd av det.
Bildegalleri
Sjå òg
Kjelder og litteratur
- Båtar i Møre og Romsdal. B. 2 : Tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Utg. Fagbokforl.. Bergen. 2016. Digital versjon på Nettbiblioteket.