Åsmundtveitvegen
Åsmundtveitvegen i Brunkeberg i Kviteseid kommune går nordover frå Brunkebergvegen. Ved garden Åsmundtveit (Moen) (gnr. 85/4) deler vegen seg i to greiner. Ei går til garden Noraberg (gnr. 85/2), den andre ender ved nr. 140. Vegen er alt i alt kring 2,4 kilometer lang.
Vegen har namn etter Åsmundtveit-gardane. Fleire gardar har adresse til Åsmundtveitvegen.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no