Åsskard kommune

Åsskard kommune eller Åsskard heradNordmøre vart utskilt frå Stangvik herad den 1. mai 1895. Kommunen var sentrert kring Åsskard kyrkje og bygdene Bøfjorden og Bæverfjorden/Bøverdalen lengst nordvest i noverande Surnadal kommune. Åsskard grensa til Halse herad og Valsøyfjord herad i nord, til Surnadal herad i aust og sør, til Stangvik herad i sør og til Tingvoll herad og Straumsnes herad i vest. Kommunen vart ihopslegen med Surnadal og deler av Stangvik til nye Surnadal kommune i 1964.

Kjelder