Øvre Eidfjord sjømannsmisjonslag
Øvre Eidfjord sjømannsmisjonslag var ei misjonsforeining i Eidfjord kommune i Hardanger. Laget i Øvre Eidfjord vart stifta i 1927, og feira 50-årsjubileet sitt med ein stor fest i 1977. Til liks med Eidfjord sjømannsmisjonslag, i kommunesenteret Nedre Eidfjord, var dette eit lite lag med ein nokså stabil medlemsstokk.
Kjelder og litteratur
- Grove, Knut: Eidfjord 1891-2010 - frå fjord til fjell, Fagbokforlaget 2010, s. 392.