A. C. Darres eksportforretning
A. C. Darres eksportforretning blei grunnlagd i 1879 av Andreas C. Darre. Forretninga låg i Eilert Sundts gate 13 i Skien.
I 1909 blei firmaet overtatt av sonen til Andreas, Charles G. Darre. Då han døydde i 1935 gjekk forretninga vidare til sonen, Arvid G. Darre. Forretninga dreiv eksport av metall, jern, filler, flasker m.m., og disponerte ein lastebil til frakta. Forretninga hadde elles eigen eigendom og sysselsatte seks personar kring 1950.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.