Alset (Tinn gnr 68)

Alset er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. I Tinn soga (s. 305) skriv Halvor H. Einung at namnet kjem av mannsnamnet Atle og setr.

Alset
Alt. namn: Asselseth (1801)
Fyrst nemnd: 1650
Sokn: Atrå
Fylke: Telemark
Kommune: Tinn
Gnr.: 68

Alset var opphaveleg underbruk under Stuvetrå og er nemnd fyrst i 1650. I arvesaka om Stuvetrå i 1672 vart det hevda at Eivind Stuvetrå ryddja Alset og at sonen hans seinare heldt fram med dyrkingsarbeidet.

I 1812 vart Alset delt i to bruk, nedre og øvre. Lars Alset gav sønene Ingebrit og Øystein kvar sin part av garden. Einung skriv (s. 307) at Ingebrit Larsson på nedre Alset var «au lærar og i god stilling». Folketeljinga i 1801 syner at både Ingebrit og Øystein hadde vore skulehaldarar før dei overtok Alset.

Bruk

  • Alset (bnr. 2)
  • Nord Stuvetrå (bnr. 5)
  • Sud Stuvetrå (bnr. 6)
  • Alset (bnr. 7)

Kjelder


Koordinater: 60.0124432° N 8.7392984° Ø