Aursnes Kiosk

Aursnes Kiosk er ein kiosk og serveringsstad ved ferjeleiet på Aursneset i Sykkylven. Forretninga vart etablert 1. april 1973 av ekteparet Haldis og Karl Aursnes. Det var same dagen som ferjesambandet Aursnes-Magerholm vart opna. Den første tida skjedde salet frå ei campingvogn som vart stilt opp på kaia, men det gjekk ikkje lang tid før dei kunne ta i bruk eit kioskbygg på 100 m2.

Faksimile frå Sykkylvsbladet 4. mars 1988: utsnitt av omtale av innføringa av datatipping ved Aursnes kiosk. Karl Aursnes er avbilda i artikkelen.

Kiosken vart utvida med 150 m2 i 1982, slik at samla golvflate vart 250 m2. Tilboda til funksjonshemma og alle typer reisande vart dermed betre enn før. Største kundegruppa var likevel dei lokale innbyggjarane. I 1970- og 80-åra var det mykje sal av tobakksvarer, i tillegg hadde dei ein fruktmarknad som vart populær. Aursnes Kiosk var den første forretninga som hadde datatipping i Sykkylven. Dei var også blant dei første i kommunen som kom i gang med sal av softis.

Kioskbygget vart ein del skada under nyttårsorkanen i 1992, men vart snart sett i stand att.

Haldis og Karl Aursnes gav i 2018 ansvaret for kioskdrifta over til sonen Petter André Aursnes og kona hans Pernille Aursnes. I 2019 gjennomførte dei ei totalrenovering av kioskbygget.

Aursneset - Magerholm har gjennom ei årrekkje vore blant dei mest trafikkerte ferjesambanda i Møre og Romsdal, noko som har vore med å gje eit godt kundegrunnlag til forretninga.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.
  • Nyss 31.3.2023.