Bø helselag
Bø helselag blei i 1922, som Bø sykepleieforening. Laget var tilknytta Telemark helselag av Nasjonalforeningen for folkehelsen. I 2017 slo Bø seg saman med Oterholt, som vart stifta same år, under namnet Oterholt helselag. Bø hadde då om lag 60 medlemar, medan Oterholt hadde rundt 90.
Bø Helselag arkiv | |
---|---|
Arkivinstitusjon: | Bø Museum |
Arkiv-id: | Bø-0008 |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Midt-Telemark |
Stad: | Bø Museum |
Innhald: | Årsmeldingar, Lover, Møtebøker, Korrespondanse, Saksmapper, Rekneskap, Medlemskartotek. |
Digitalt innhald: | Arkivkatalogen |
Stiftingsmøtet for Bø sykepleieforening fann stad 14. oktober 1922. Initiativtakarar var Julie Kinck, Solveig Jørstad og Anne Skogen. Laget starta med ei handfull medlemmer, men allereie ved 20-årsjubileet var dei 400.
Tuberkulosen var den viktigaste saka dei i byrjinga, men oppgåvene vart raskt svært mangfaldige. Innan fødeomsorg fekk laget oppretta kontrollstasjon for spebarn og fødeheim. For skuleborn organiserte dei skuletannrøkt, helseundersøkjingar og utdeling av mjølk og tran. Dei fekk etablert folkebad, sjukestove og helsehus. Også omsorg for eldre var ei viktig oppgåve. Dei siste åra har hjarte- og karsjukdomar og demens stått i sentrum.
Formenn og leiarar
Nokre av leiarane for Bø helselag:
- Julie Kinck 1922-1929
- Ingeborg Kinck 1929-?
- Kristine Olsen 1935-?
- Marit Li
- Svein Sperrud 1962-?
- Ingeborg Eeg
Kjelder og litteratur
- Bø blad 2017.07.06. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 14
- Grenmar 1942.10.21. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 2
- Lunde, Gunnar: Kultursoga. Utg. Kommunen. Bø. 1972. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Telemark Arbeiderblad (Skien) 1954.07.03. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 2 (om dåverande formann Kristine Olsen, som fylte 70 år).
- Teledølen 1962.02.08. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 2
- Varden 1972.10.30. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 11