Bømlo Tur- og Sogelag
Bømlo Tur- og Sogelag i Bømlo kommune vart stifta 11. mars 1972, som ei videreføring av Kvernhuskomitéen. Laget arbeider for miljø-, natur- og kulturvern.
I 2019 var det om lag 300 medlemmer. Medlemstalet er stabilt.
Leiarar
- Tolleiv Hidle
- Kari Shetelig Hovland
- Erling Strand
- Hildegunn Strand
- Olav Hamre
- Svanhild Vespestad
- Norvald Nytveit
- Bernt Emil Vika
Hovudaktivitetar
Laget vedlikeheld i alt åtte eldre hus på Søre Bømlo. Vidare er det vedlikehald av ti gamle ferdselsstiar same stad, rydding, skilting og infotavler.
Utover 2000-tallet er drifta modernisert og profesjonalisert med internettsider, Facebook-side, organisasjonsnummer og deltaking i Frivillighetssentralen.
Publikasjonar
- Bømlo tur- og sogelag 20 år. Utg. 1992. 34 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Bømlo tur- og sogelag 25 år : 1972-1997. Utg. 1997. 26 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Fartøy til fiske og frakt : båtar frå Søre-Bømlo og Espevær. Utg. 2004. 437 s. ISBN 82-995338-1-3.
- Leidarsteidn. Julehefte. Utg. 2002-. ISSN 1503-4542.
- Natur-, miljø- og kulturvern på Søre Bømlo. Utg. 1979? 24 s.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).