Balholm
Balholm er ei verksemnd i Balestrand i Sogndal kommune. Verksemnda produserer friskpressa fruktjus, lemonade, sider, sprudlande most, dram og dessertvin.
Verksemnda vart skipa i 1996 av Åge Eitungjerde frå Balestrand. Bestefaren Andreas Eitungjerde planta ut frukthagen i 1922 og den vert nytta i produksjonen. Ciderhuset sto ferdig i 2005 og inneheld restaurant- og selskapslokale og produksjon av drikkevarer. Destilleriet og dei store eikefata står i kjellaren i Ciderhuset.