Sider

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sider eller cider er ein lett musserande fruktvin laga på gjæra fruktsagt. Det vanlegaste er sider laga av eple, men pære og andre fruktar kan óg nyttast. I Noreg er produksjonen av sider særleg knytta til Hardanger, men i seinare år har mikrobryggeri over store deler av Sør-Noreg sett i gang med siderproduksjon.

Historisk sett har sider vore særs vanleg i Nordvest-Frankrike, England og Tyskland. I USA hadde de første innvandrarane med seg tradisjonen, men denne døydde ut og vart først i seinare år teke opp på ny - amerikanarane kallar ufiltrert eplejus for 'cider', medan den gjæra fruktsafta kallast 'hard cider'. Ein veit ikkje sikkert kvar namnet kjem ifrå, men det kan vere frå hebraisk sjekar, 'sterk drykk'. I Noreg har sider vore uvanleg fram til seinare tid; det er nemnd først i dei siste 150 åra. I Sverige har ein alkoholfri eller -svak variant vore vanleg lenge, men óg der er det nytt med sterkare sider.

Den engelske og franske sideren er gjerne tørr, då ein nytta eplesortar som har lite sukker. Dette er ein grunn til at aider ikkje har vore vanleg her; vi har dyrka søte eple, som er gode å ete eller å lage søte produkt av. Nokre av sortane som vert dyrka i Noreg er gode å nytte til siderproduksjon, og på 2000-talet har mange byrja å produsere dette. Per 2020 var det heile 93 norske sidere i sal på Vinmonopolet, dei fleste frå Hardanger. Nokre er søte, medan andre er nærare dei engelske eller franske siderane.

Når eplemost får gjære naturleg når han raskt ein høgare alkoholprosent enn øl, og det er vanleg med sider på kring 6 volumprosent alkohol. For å kunne selje i vanlege butikker i Noreg er det mange som stopper gjæringa tidlegare for å halde seg under grensa på 4,7 %. Sterkare sider enn det kunne lenge selgjast berre på Vinmonopolet, men for å styrke lokale føretak vart det i 2016 lov å selgje sider og anna alkoholhaldig drykk frå gard, så lenge volumprosenten var under 22.

Litteratur og kjelder