Bergsøy skulekorps
Bergsøy skulekorps vart stifta 26. februar 1957 og hadde 60-årsjubileum i 2017. Korpset held til i Herøy kommune i Møre og Romsdal.
Korpset har i dag både aspirantkorps, juniorkorps og hovudkorps. I tillegg til drill. Korpset er ikkje stort, men er i vekst og har per 2018 ca 50 medlemmar. Korpset er godt drive og har god økonomi. Det er svært aktivt gjennom heile året, med mange opptredenar og konsertar.
Korpset gir musikantane opplæring i musikk. Barnet får opplæring av kompetente instruktørar frå kulturskulen, ein gong i veka. Korpset speler ikkje berre marsjar og julesongar, men alle typar musikk; klassisk, filmmusikk, pop, rock, folkeviser, jazz mm.