Bjørnafjorden

Bjørnafjorden i Vestland fylke ligg mellom Bergenshalvøya i nord og øyene i Tysnes kommune i sør. Mot aust går han inn til Huftarøy i Austevoll kommune. Største djup er 582 meter.

Det går fleire fjordarmar inn frå Bjørnafjorden. Den lengste av dei er Fusafjorden, som saman med Samnangerfjorden som går vidare mot aust er 32 km lang.

Det er tre ferjesamband over fjorden: Halhjem-Sandvikvåg, Våge-Halhjem og Krokeide-Hufthammar.

Bjørnafjorden kommune, med namn etter fjorden, vart etablert 1. januar 2020 då kommunane Os og Fusa slo seg saman.

Kjelder

Koordinater: 60.129272° N 5.564609° Ø