Bjorøyvegen (Kviteseid)
Bjorøyvegen i Vrådal i Kviteseid kommune går austover frå skiljet mellom Straumsnesvegen og Kråkenesvegen på Revskiltangen, går over Fossøyi til eigedomen Bjorøy (gnr. 15/8,10) på Bjorøyi. Han er 1,3 kilometer lang.
Vegen har namn etter øya eller garden Bjorøy og vart namnsett i 2016. Busetnaden her består stort sett av hytter. Bjorøyvegen var fram til 2016 ein del av Kråkenesvegen.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no