Boliden Odda
Boliden Odda AS er eit industriforetak som vart grunnlagt i 1924 under namnet Det Norske Zinkkompani. Det var eid av det belgiske gruveselskapet Compagnie Royale Asturienne des Mines, og tok i 1976 namnet Norzink. Selskapet produserer sink (årleg produksjonskapasitet 160 000 tonn), aluminiumfluorid (årleg kapasitet 40 000 tonn), svovelsyre, kadmium og anhydritt.
I 2001 vart Norzink overteke av finske Outokumpu, som moderniserte fabrikken, og i 2004 selde selskapet til det svenske Boliden. Norzink fekk då namnet Boliden Odda AS. Boliden eide tidlegare (1964–2001) halvparten av aksjane i Norzink i samarbeid med britiske eigarar.
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Boliden Odda AS (Norzink A/S) på Digitalt museum.
- Boliden Odda AS (Norzink A/S) på KulturNav
- Norzink i Store norske leksikon
- Boliden Odda på Wikipedia på bokmål og riksmål
Boliden Odda er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |