Bondeheimen (Kristiansund)
Bondeheimen, eller Hotell Fosna, i Kristiansund var eigd og drive av Fosna Mållag frå 1909.
Mållaget, som vart stifta i 1900, dreiv fyrst kaffistove i Sannesgarden frå 1906, men kjøpte tre år seinare Marmorgarden, der det i tillegg til kaffistove også var rom for å drive hotell.
Hotellet hadde 40 rom og veggmåling av Jonas Peson. Under andre verdskrigen brann det, men vart bygd opp att som Hotell Fosna i Hauggata 16.
Nordmøre Ungdomslag prøvde lenge å få til lagsbruk i Kristiansund, men det vart ikkje noko av.
Kjelder
- Om lagsbruka i Kristiansund på nettstaden lagsbruk.no, besøkt 10. februar 2019.
- Det hendte på Nordmøre. Utg. E. Skjølberg. 1992. Digital versjon på Nettbiblioteket.